Valdres er regionen i Noreg som har og har hatt mest stølsdrift, ei driftsform som går attende til seinmiddelalderen. Stølsvidda er framleis eitt av områda med størst konsentrasjon av stølar i drift i Noreg, om lag 50 stølar i 2018. Stølane ligg samla i «stølslag», med bygningsmiljø prega av både eldre og nyare driftsmåtar. Mjølkeproduksjonen er mye basert på utmarksbeite, noko som gjer at store delar av landskapet under den naturlege skoggrensa er opne vidder. Mosaikken av stølsvoller, beitepåvirka utmark og store, opne myrkompleks gjer området viktig for naturmangfaldet, mellom anna for mange ande- og vadefuglar og vegetasjonstypar. Området er eit populært turistmål, og fleire driv stølsturisme der ein formidlar driftsmåte og produksjonsform.
Fakta
Fylke
Innlandet
Kommune
Nord-Aurdal og Vestre Slidre
Jordbruksregion
Fjellområdene i Sør-Norge
Områdetype
Seterlandskap med "vidde karakter" og preg av aktiv drift
Areal
348 000 daa, inkludert 13 500 daa jordbruksareal