Godt bevarte eldre tun og bygningar i liene opp frå Suldalsvatnet, med stølar på heiene ovanfor, viser oss heilandskapet og fjellgardsmiljøa på Vestlandet. Drifta på Hamrabø er allsidig og dels svært ekstensiv med mjølkeproduksjon, sau, purker og smågris, ilag med småkraftverk og turisme. På Klungtveit og Mokleiv er store område nytta til sauebeite. Bratte bakkar er kultivert med murar, veiter, steingardar, stiar, trapper og rydningsrøyser gjennom lang tid. Slåande i dette landskapet er dei mangfaldige naturbeitene, hagemarkene, slåtteengene og haustingsskogen som vert skjøtta etter tradisjonen. Dei fleire tusen haustingstrea – kydlestuvar - er særleg fulle av liv. Området byr på pilegrimsvandringar og gardsturisme, nasjonal turistveg Ryfylke og turstiar inn til Suldalsheiane.
Fakta
Fylke
Rogaland
Kommune
Suldal
Landskapstype
Hei- og skoglandskap med gardar og stølar
Landskapsregion
Indre bygder på Vestlandet
Jordbruksregion
Fjordbygdene på Vestlandet og i Trøndelag
Areal
28 000 dekar, inkludert 706 dekar innmark