Dei milde fruktbygdene står i sterk kontrast til det dramatiske landskapet rundt. Frukttre av mange ulike sortar og klonar gjer dei eldste frukthagane særleg verdifulle som samlingar for genetiske planteressursar. Her er også gode tilhøve for ville artar av sopp, lav, mose, insekt og fuglar. Den første dyrkinga tok til i slutten av steinalderen, og i mengda av forhistoriske kulturminne er det særleg alle bergkunstlokalitetane som framhevar tidsdjupna i kulturlandskapet. Fruktdyrkinga skjer no etter moderne metodar, med mykje aktivitet og mange folk i arbeid. Strandstaden Lofthus, klyngetunet på Aga og ferdselsvegane til fjellet er framståande kulturminne i nasjonal samanheng.
Fakta
Fylke
Vestland
Kommune
Ullensvang