Introduksjon

Generell nedsetjing av tollavgiftssatsar gjeld for visse varer i ein viss periode. Tollavgiftssatsen gjeld alle aktørar, og ingen treng å søkje. Vurderinga av om tollen skal setjast ned vert gjord av Landbruksdirektoratet på bakgrunn av marknadsinformasjon.

Kven kan be om generell nedsetjing av tollavgiftssatsen

Alle aktørar kan be om at Landbruksdirektoratet set ned den ordinære tollavgiftssatsen generelt for ei viss vare. Direktoratet må då ha informasjon om:

  • kvifor du ønskjer nedsetjing av tollavgiftssatsen, med beskriving av marknadssituasjonen
  • kva varer den nedsette tollavgiftssatsen skal gjelde for, og om det gjeld heile marknad eller delar av marknaden
  • kva periode det er aktuelt med nedsett tollavgiftssats, om det er ein akutt situasjon og om situasjonen vil halde fram
  • kva land det er aktuelt å importere varer frå
Når kan det vere aktuelt med ei generell nedsetjing av tollavgiftssats

Landbruksdirektoratet skal setje i verk generell nedsetjing av tollavgiftssats dersom noteringsprisen i dei to følgjande vekene ligg over øvre prisgrense i samsvar med jordbruksavtala. Dette gjeld berre for varer med ei øvre prisgrense i jordbruksavtala, det vil seie

  • varer som har ein avtalt pris i samsvar med jordbruksavtala («målprisvarer»)
  • storfekjøt, svin, kjøt av sau og lam, og dessutan egg (varer omfatta av «volummodellen»)
  • fjørfekjøt (varer med referansepris)

Generell nedsetjing av tollavgiftssats kan også givast:

  • for å halde noteringsprisen som gjennomsnitt for året på nivå med målpris
  • for at planlagd gjennomsnittleg engrospris (PGE) for perioden ikkje skal overskridast
  • for å hindre alvorleg marknadsforstyrring
  • i periodar utanom målpris

I tilfelle der det oppstår endringar i tilbod eller etterspurnad som skaper, eller vil skape, vesentleg ubalanse i marknaden kan tollavgiftssatsen setjast ned for å leggje til rette for import. Gjennom import vil balansen i marknaden gjenopprettast eller ein ubalanse forhindrast. Landbruksdirektoratet følgjer derfor marknadsbalansen og prisane i marknaden, og set ned tollen dersom marknadssituasjonen tilseier eit importbehov for å skape stabilitet i marknaden.

Korleis vert ein oppmoding om generell nedsetjing av tollavgiftssats vurdert

Landbruksdirektoratet legg følgjande informasjon til grunn i vurderinga for ei generell nedsetjing av tollavgiftssats

  • prognose for tilbod av og etterspurnad etter vare, dekningsgrad og eventuelt reguleringslager
  • beskriving av marknaden frå marknadsregulator og/eller marknadsaktørane
  • utnyttinga av internasjonale kvoterettar

I tillegg vil vi vurdere risikoen for å påføre marknaden eit importskapt overskot opp mot behovet for nedsett tollavgiftssats.

Marknadar med marknadsregulator

Dersom Landbruksdirektoratet får ei oppmoding om generell nedsetjing av tollavgiftssats i ein marknad som har ein marknadsregulator, ber vi marknadsregulator om ein oppdatert prognose, og ei tilråding til Landbruksdirektoratet om tollavgiftssatsen bør setjast ned eller ikkje. Marknadsregulator har eit eige ansvar for å be om nedsetjingar av tollavgiftssats for dei råvarene regulator har eit prisansvar for.

Marknadar utan marknadsregulator

For marknadar der det ikkje er ein marknadsregulator følgjer Landbruksdirektoratet med på marknadsbalansen og prisane i marknaden. I tillegg til opplysningane frå oppmodinga om generell nedsetjing av tollavgiftssats, ber Landbruksdirektoratet andre marknadsaktørar om informasjon for å få oversikt over heile marknaden for den aktuelle vara. I marknadar der det ikkje finst ein marknadsregulator, innhentar vi opplysningar frå dei største marknadsaktørane. Dette gjeld også i delmarknadar som vert vurderte som så marginale at vara ikkje inngår i marknadsregulators ansvarsområde.

Korleis vert ein generelt nedsett tollavgiftssats fastsett

Tollavgiftssatsen skal som hovudregel setjast på eit nivå som gir importhøve til prisar som svarer til norsk pris. Den nedsette tollavgiftssatsen gjeld berre for import av vara innanfor ein angitt periode.

Periode

Perioden for nedsett tollavgiftssats vert fastsett i kvart enkelt tilfelle ut frå kva som gir importørane eit rimeleg høve til import. I denne vurderinga tek ein oppstart av norsk sesong for typiske sesongprodukt i betraktning for å unngå importskapt overskot.