Kvar midla kjem frå

For 2025 er det tildelt rundt 330 mill. kroner til forsking og innovasjon.

Forskingsmidla for jordbruk og matindustri (FFL/JA) har to finansieringskjelder:

Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL)

Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) vert finansiert gjennom ei forskingsavgift på landbruksprodukt, både på nasjonal produksjon og importerte råvarer, halvfabrikata og ferdigvarer. Avgifta er i dag 0,35 prosent av brutto fakturagrunnlag for råvarer og 0,25 prosent av importverdien på importerte halvfabrikata/ferdigvarer. For norsk produksjon vert avgifta berekna når råvarene vert mottekne frå produsent. Landbruksdirektoratet krev inn avgifta på egg, kjøt, mjølk, korn, vegetabil og honning. På importerte varer krev Skattedirektoratet inn avgifta.

I 2024 vart 235,5 mill. kroner innbetalt i forskningsavgift. Bidrag per produktgruppe.mill. kroner
Egg7,1
Fjørfekjøtt22,1
Kjøtt43,2
Reinkjøtt0,3
Melk32,8
Korn15,6
Vegetabiler18,0
Honning0,1
Import96,3

FFL skal finansiere forsking knytt til landbruksprodukt som vert nytta til å framstille nærings- og nytelsesmiddel, samt fôrkorn til husdyr. Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt vart oppretta i samsvar med lov av 26. juni 1970 om forskingsavgift på visse landbruksprodukt. I lova heiter det blant anna at avgifta er brukarane sitt bidrag til å fremje forsking som skal kome ein bransje eller ein produksjon til gode. I Ot.prp.nr. 6 (2000-2001) er det lagt til grunn at dei ulike sektorane i matvarekjeda som betaler forskingsavgift, skal kome rimeleg ut med omsyn til fordeling av avgiftsmidla.

FoU-middel over jordbruksavtalen (JA)

FoU-middel over jordbruksavtalen (JA) vert avsett årleg over jordbruksavtalen og er øyremerka forsking. 

Kva midla skal brukast til

FFL bidrar også til finansiering av forskingsinstituttet Nofima gjennom støtte til Nofima sine strategiske program. Ot.prp.nr 6 (2000-2001) legg til grunn at landbruksforsking ved Nofima skal sikrast gjennom avgiftsmidla. I tillegg kan FFL støtte enkeltprosjekt i opne konkurransar med andre forskingsinstitusjonar.

JA-midla skal bidra til å dekkje opp avtalepartane sitt behov for forsking og utvikling med hovudvekt på anvend kunnskap, og vert forhandla fram i det årlege jordbruksoppgjeret. Avtalepartane er Staten v/Landbruks- og matdepartementet, Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Kven bestemmer over midla 

FFL vert forvalta av eit styre på 7 personar, medan JA-midla vert forvalt av eit styre på 3 personar. Landbruks- og matdepartementet har fastsett instruksar for korleis styra skal forvalte midla og oppnemne styremedlemene. Styra har felles møte og midla vert forvalta samla. Landbruksdirektoratet er sekretariat.

Effektiv administrering av midla er viktig. Difor er det eit tett samarbeid med Noregs forskingsråd om utlysing, behandling av søknadar og oppfølging av prosjekt.

Innspel til FoU-prioriteringar

Styra for FFL/JA planlegg innspelsseminar i juni annakvart år.

Den 17. juni 2025 arrangerer styra innspelsseminar for næringsliv og forskingsmiljø om «Kunnskapsbehov for mat- og drikknæringa fram mot 2032».

Dei inviterer samtidig næring og FoU-miljø til å sende inn skriftlege innspel til FoU-prioriteringar for 2027 og 2028. Frist for skriftlege innspel vil bli 27. juni 2025.

I 2027 vil styra be om innspel til FoU-prioriteringar for 2029 og 2030.

Korleis midla vert lyste ut

Forskingsmidla vert fordelte etter open utlysing, enten som eiga utlysing på direktoratet si heimeside eller som fellesutlysing med program i Forskingsrådet. JA-midla kan også bli tildelt utgreiingsprosjekt innan midla sine prioriterte område i jordbruksavtalen.

Når midla vert lyste ut til forskings- eller innovasjonsprosjekt, vert Forskingsrådet sitt e-søknadssystem nytta. Det betyr at alle søknader følgjer Forskingsrådet sine rutinar for prosjektvurdering, inkludert fagekspertvurderingar. Utlysingane vert kunngjorde både på Forskingsrådet og Landbruksdirektoratet si heimeside.

Ønskjer du å søkje om midlar?

Her finn du informasjon om dei ulike ordningane og korleis du søkjer

Midler til utredninger og forprosjekt for jordbruks- og matforskning

Midler til samarbeidsprosjekter (KSP) innen jordbruks- og matforskning

Midler til innovasjonsprosjekter i næringslivet (IPN) innen jordbruks- og matforskning

Prosjektresultat

Du finn informasjon om forskingsprosjekta i Prosjektbanken til Norges forskningsråd

Nye og pågåande prosjekt  er merka «FFL-JA». Prosjekta blir først tilgjengelege i prosjektbanken når kontrakt for prosjektet er underteikna. I Prosjektbanken finn du også prosjekt som pågjekk mellom 2009-2018. Desse er merka «MAT-SLF». 

Slik lastar du ned prosjektoversikter frå Prosjektbanken: 

  • Velg fane «SE STATISTIKKEN» 
  • Nederst på denne sida trykkjer du på «EXCEL» 
  • Velg visningstype «Prosjektliste» og skriv inn talet på prosjekt du vil ha med. Dei nyaste ligg øvst. 
Last ned logo
Logo for forskningsmidlene for jordbruk og matindustri
 

Finansieringskjelda «Forskningsmidla for jordbruk og matindustri» skal nemnast i all formidling for prosjekt som er finansierte av FFL/JA. Du kan laste ned logoen til forskningsmidla her.

Logo som png-fil
Logo som eps-fil

For utgreiingar som er bestilt til jordbruksoppgjeret, bruk denne logoen:

forskningsmidlene_JA_m_undertittel-logo__rgb.png
 

Logo som png-fil
Logo som eps-fil