Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

RÅK-tilskudd

Formålet med råvareprisutjamning for industrielt bearbeidde jordbruksvarer er å kompensere for ulikt prisnivå på jordbruksråvarer i Noreg og i utlandet. Slik legg ein til rette for at næringsmiddelindustrien i Noreg kan produsere industrielt bearbeidde jordbruksvarer basert på norskproduserte jordbruksråvarer for omsetjing både i Noreg og i utlandet.

  • Hva omfattes av ordningen?

    Råvareprisutjamning omfattar både eksportstøtte og prisnedskriving og båe ordningane er heimla i Forskrift 2009-06-10 nr 636 om råvareprisutjevning for bearbeidde jordbruksvarer.

    Næringsmiddelindustrien kan søkje om tilskot i form av prisnedskriving (PNS) dersom ferdigvara blir omsett i innanlandsk eller utanlandsk daglegvaremarknad eller spesialmarknad.

    Industrien kan søkje om tilskot i form av eksportstøtte (XR) dersom ferdigvara blir eksportert til utanlandsk daglegvaremarknad eller omsett i spesialmarknad.

    SLF kan gje tilskot til norskproduserte jordbruksråvarer av mjølk, egg, korn, potet, stivelse og kjøt når desse inngår i produksjon av bestemte ferdigvarer. Råvarene som SLF kan utbetale tilskot for er spesifiserte i vedlegg 1 til forskrifta. Ferdigvarene som er omfatta av ordninga er spesifiserte i vedlegg 2 til forskrifta.

  • Hvordan få tilskudd?

    Reseptane må vere melde inn til og godkjende av SLF før ein kan søkje om tilskot. Tilskot pr. kg ferdigvare blir rekna utfrå godkjend resept. Landbruks- og matdepartementet fastset satsar for tilskot i forskrifta, normalt ein gong i året etter jordbruksforhandlingane.

    Søknad om råvareprisutjamning i form av eksportstøtte (XR) og/eller prisnedskriving (PNS) må søkjaren sende til SLF i løpet av kalendermånaden etter at varene vart seld. Søknader som er sendt seinare, blir avslått. SLF kan gje utvida søknadsfrist dersom ein søkjer om det innan ordinær søknadsfrist.

    Ta gjerne kontakt med seksjon industriell bearbeiding og råvarepriskompensasjon dersom noko er uklart.