Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Bondens miljøplan

dyrket areal

MP er eit verkty for det enkelte føretak for registrering, planlegging og dokumentasjon av miljøtiltak knytt til jordbruksdrift. Miljøplan skal føre til meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til at positive miljøeffektar av jordbruksdrift blir haldne vedlike eller blir auka.

Forskrift om miljøplan gjeld for alle føretak som mottek produksjonstilskot i jordbruket. Den gjeld og for enkelte foretak som søker tillskudd over regionale miljøprogram. Manglande eller mangelfull miljøplan fører til reduksjon i utbetaling av produksjonstilskot ut frå arealstorleiken til føretaket. Miljøplan og Kvalitetssytem i landbruket (KSL) har stort sett felles kravsett på miljøområdet.

Miljøplan brukast for internkontroll på det enkelte føretak og skal ikkje sendast til kommune eller andre landbruksmyndigheiter. Dokumentasjon knytt til miljøplanen skal oppbevarast på føretaket og vere tilgjengeleg for kontroll i 10 år etter planårets slutt.

  • Miljøplan trinn 1

    Trinn 1 av miljøplan gjeld for alle som mottek produksjonstilskot, og er ein føresetnad for å motta fullt produksjonstilskot. Ved avkryssing på søknadsskjema om produksjonstilskot blir det svart for om føretaket har miljøplan trinn 1 og om komplett miljøplan trinn 1 vil vere tilgjengelig innan 15. november.

    Ein komplett miljøplan (trinn 1) skal innehalde:

    • Kart over jordbruksareala som føretaket til eikvar tid disponerer. Forhold av miljømessig verdi (for eksempel kulturminne eller areal med risiko for tap av jord) skal vere kartfesta og dokumentert.
    • Gjødslingsplan og sprøytejournal for dei føretaka som er underlagt krav om dette.
    • Sjekkliste med rettleiing som dokumenterer at det er gjort ein gjennomgang av viktige miljømessige forhold knytte til føretaket si jordbruksdrift det siste året. 
    • Plan med frist for gjennomføring av nødvendige tiltak (tiltaksplan) dersom det er avdekt manglande ivaretaking av miljøomsyn ved utfylling av sjekkliste.
    • Dokumentasjon på gjennomføring av tiltak, som viser at nødvendige tiltak er gjennomført i samsvar med tiltaksplanen.

    Fristar for trinn 1: 

    • Sjekkliste og eventuell tiltaksplan skal foreligge innan 15. november kvart år.
    • Dokumentasjon på gjennomføring av tiltak skal foreligge straks etter at dei aktuelle tiltaka er gjennomført.
  • Miljøplan trinn 2

    Trinn 2 av miljøplan er ikkje knytt til produksjonstilskot, men kan vere eit vilkår ved søknad om andre tilskot i jordbruket. I nokre tilfeller kan det være eit krav om å leggje miljøplan trinn 2 ved søknader for miljøtilskot.

    Trinn 2 gjeld særskilde miljøformål i jordbruket, og skal innehalde: 

    • Målsetjing for verksemda sin miljøinnsats,
    • Planar for tiltak som skal fremme særskilde miljøformål,
    • Dokumentasjon på gjennomføring av tiltak. 


    Det er ikkje laga eit standard skjema for miljøplan trinn 2, og det er opp til kvart føretak å utforme planen etter kva slags tilskot ein søkjer. For meir informasjon, kontakt kommunen eller fylkesmannen.

    Trinn 2 er knytt til miljøutfordringar og miljøinnsats utover minimumskrava i trinn 1, og formålet med trinn 2 er å stimulere til økt interesse for miljøtiltak i eiga verksemd, og der igjennom ein betra miljøsituasjon. Arbeid med trinn 2 vil gi ei oversikt over miljøutfordringane i føretaket og ei prioritering av aktuelle tiltak. Ved prioritering av søknader om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og tilskot etter regionale miljøprogram (RMP), skal kommunane ta utgangspunkt i miljøutfordringane og prioriteringane til føretaka som er skildra i miljøplan, trinn 2.

    Eksempel på aktuelle miljøtiltak i føretaket kan vere: 

    • Endra jordarbeidsrutinar,
    • Etablering av vegetasjonssone og fangdammar,
    • Rydding av attgrodd eng,
    • Skjøtsel av kulturlandskap og område rundt kulturminne,
    • Vedlikehald av bygningar eller andre kulturminne,
    • Tiltak for biologisk mangfald. 

    Krav om trinn 2: 

    • For å ha rett på tilskot, blir miljøplan kravd for trinn 1 og 2. Dette gjeld føretak som mottek produksjonstilskot. For søkjarar som ikkje har krav på produksjonstilskot, er det ikkje krav om trinn 2 for å motta SMIL-tilskot. Desse søkjarane må likevel ha ein plan med ei overordna målsetjing for tiltaket/tiltaka.
    • I dei fleste fylker er det krav om trinn 1 for å ha rett på RMP-tilskot. I ein del fylker er det i tillegg krav om trinn 2 for enkelte ordningar under RMP. I andre fylker er det ikkje stilt krav om trinn 2, men det kan vere krav om for eksempel skjøtselsplan for å kunne motta RMP-tilskot.
    • Trinn 2 skal berre oppdaterast dersom det skjer endringar i det den omhandlar.