Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Spesielle miljøtiltak i jordbruket

Høy og og seter

Formålet er å i vareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere forureininga frå jordbruket, utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Eit viktig siktemål med ordninga er å få til ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.

  • Kven kan søkje om SMIL-midlar?

    Kommunane behandlar og avgjer søknader om tilskot. Kommunane utarbeider overordna planar for prioritering av søknadene (lokale tiltaksstrategiar).

    Tilskot kan giast til føretak eller eigarar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom, eller til einkvar som er registrert i Enhetsregisteret og som har fått løyve av eigaren til landbrukseigedomen til å gjennomføre eit tiltak.

  • Tilskot til planleggings- og tilretteleggingsprosjekt:

    Formålet med slike tiltak er å få ein meir heilskapleg og samordna innsats på miljøområdet, og bidra til prosessar som sikrar breiast mogeleg involvering og forankring i miljøarbeidet. Igangsetjing av prosessar som leier fram til gode og konkrete kulturlandskaps- og forureiningstiltak, der forholda blir lagt til rette for heilskaplege prosjekt over større område, er ønskjeleg.

    Grunneigarar, lag og foreiningar, kommunar og eventuelt andre berørde partar kan delta. Det er viktig å sikre at tiltaka som kjem fram i planleggingsprosjektet, faktisk kan gjennomførast. Derfor må alle grunneigarar som prosjektet berører, gi den skriftlege godkjenninga si før søknad blir godkjend.

  • Tilskot til kulturlandskaps- og forureiningsreduserande tilt...

    Formålet med slike tiltak er å vareta natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet, og redusere forureining eller risiko for forureining frå jordbruket.

    Eksempel på tiltak innan kulturlandskap kan vere ivaretaking av biologisk mangfald, gammal kulturmark, kulturminne og kulturmiljø (inkludert freda og verneverdige bygningar). Vidare kan aktuelle tiltak vere tilrettelegging for meir lagleg tilkomst og opplevingar i landskapet. Eksempel på tiltak som reduserer forureining kan vere utbetring og supplering av hydrotekniske anlegg, miljøplantingar, økologiske reinsetiltak, omlegging til meir miljøvennleg og ekstensiv drift på spesielt erosjonsutsette areal og særskilde bygningsmessige miljøtiltak.

    I behandlinga av St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgåver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå, vedtok Stortinget at bl.a. vedtaksstyresmakta for dei spesielle miljøverkemidla under Landbrukets utviklingsfond (LUF) skulle overførast til kommune. SMIL-ordninga blei innført frå januar 2004. Det blei utført ein gjennomgang av ordninga i 2006. Dette er samanstilt i rapporten  Miljøvirkemidler i landbruket. Det blei gjennomført ei evaluering av SMIL-ordningen i framkant av jordbruksoppgjeret 2009.

    Det skal søkjast på eige søknadsskjema, og den einskilde kommunen fastset søknadsfrist.