Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Prosjektstøtte

Sentrale middel i Klima- og miljøprogrammet forvaltes av SLF. Nedenfor finner du mer informasjon om prioriteringer i programmet og hvordan du kan søke prosjektstøtte.

  • Søknadsfrister

    I 2013 har SLF gjeve midlar to gonger, med søknadsfrist 15. februar og 15. september. For 2014 blir det antakeleg ein utlysing med søknadsfrist tidleg på året. Fristen blir kunngjort her i desember 2013.

    I tillegg finst fylkesvise midlar som vert forvalta av fylkesmannen, med eigne søknadsfristar.

  • Prioriterte område i 2013

    Ved søknadsrunden 15. september 2013 skal SLF fordele inntil 4,5 mill. kroner til utviklings- og informasjonsprosjekt innan fylgjande tema:

    • Klimatilpassing
      Prosjekt innan klimatilpassing vil bli prioritert ved denne søknadsomgangen. Temaet kan m.a. omfatte prosjekt innan jordarbeiding, dyrkingsteknikk, dyrkingssystem, plantesortar, -artar og -kulturar under endra klimaføresetnader. Prosjekta vert retta inn mot ein robust matproduksjon med auka fleksibilitet.
    • Klimagassutslepp og karbonbinding
      Temaet kan omfatte prosjekt som har å gjere med reduksjon i lystgass- og metanutslepp, til dømes om klimavennleg handtering og utnytting av husdyrgjødsel og biorest. Prosjekt som omhandlar driftspraksis og jordarbeidingstiltak som tiltak for auka binding av karbon i jord er også aktuelle. Vidare er det framleis trong for prosjekt innan energieffektivisering og energirådgjeving.
    • Forureining til vatn, jord og luft
      Temaet kan m.a. omfatte prosjektsøknader innan gjødsling og jordarbeiding, lagring og handtering av husdyrgjødsel og biorest, erosjon og arealavrenning, drenering og hydroteknikk.
    • Naturmangfald og kulturminne i kulturlandskapet
      Temaet kan m.a. omfatte prosjekt innan (god praksis for) bevaring av biomangfald og genetiske ressursar i kulturlandskapet.
  • Kven kan søkje?

    Målgruppa for programmet er verksemder som arbeider med kunnskapsutvikling og/eller kunnskapsoverføring innan klima- og miljøutfordringar i jordbruket. Slike verksemder kan vere:

    • landbruksføretak eller andre bedrifter
    • fag- eller næringsorganisasjonar
    • kompetanseføretak, utgreiings- og forskingsmiljø
  • Kriterium for tildeling av tilskot

    Prosjekt som mottek tilskot frå programmet, skal kunne bidra til å nå eitt eller fleire av fylgjande mål:

    • styrke kunnskapsgrunnlaget innan klima og miljø, og utvikle verkty og hjelpemiddel for meir effektive miljøtiltak
    • setje klima- og miljøutfordringane i jordbruket i samanheng
    • finne ein best mogleg balanse mellom miljøomsyn og målsetjinga om auka matproduksjon
    • klargjere verknader av verkemiddelbruk og tiltak for å nå nasjonale mål innan klima og miljø
    • spreie informasjon om klima- og miljøutfordringane i jordbruket og om den totale miljøinnsatsen i jordbruket, framfor alt til næringsutøvarar og rådgjevingsteneste, men også til forvalting og samfunnet elles

     SLF vurderar prosjekta etter innhald, samarbeidspartnarar og kostnader. For prosjekt som primært gjeld formidling, legg vi vekt på konkrete og målbare resultat. Innhaldet i prosjektaktivitetane må skildrast. Eksisterande kanalar for formidling bør nyttast der dette er formålstenleg.

    SLF kan gje tilskot med inntil 70 % av prosjektet sine kostnader. Ved særskilde høve kan SLF gje tilskot utover dette. Prosjekteigar skal formidle resultat og innhald i prosjektet.

    Vi gjev ikkje tilskot til reine forskingsprosjekt. SLF kan likevel gje tilskot til forprosjekt/utgreiingar som seinare kan munne ut i forskingsprosjekt. I tillegg kan SLF gje tilskot til informasjon og formidling av forskingsresultat.

  • Prosjektsøknad

    Søkjar skal levere ein fullkomen prosjektsøknad på søknadsskjemaet for ordninga. Søknadsskjema kan du laste ned frå menyen til venstre.

    Søknaden skal ha ei kortfatta skildring av prosjektet, mellom anna medrekna bakgrunn og mål for prosjektet, metode og arbeidsskildring, samarbeidspartnarar og formidlingsplan. Som ein del av bakgrunnen for prosjektet skal søkjar, i den grad det er relevant, skildre nasjonalt og internasjonalt kunnskapsnivå på feltet.

    Meir informasjon om retningsliner og krav til søknaden finn du i Regelverk til venstre i menyen.

  • Støtta prosjekt

    Søknadsomgangen februar 2013
    Ved søknadsrunden i februar 2013 vart det gitt støtte til 16 prosjekt, med ein total sum på 7,8 mill kr. Det var ei stor søkjarmasse med eit breitt spekter av tema. Fleirtalet av prosjekta skal sjå nærare på ulike former for reduksjon av forureining til luft og vatn. SLF mottok få formidlingsprosjekt eller prosjekt om klimatilpassing.

    Under kan du sjå ei oversikt over prosjekta som fekk middel våren 2013