Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Frukt og bær

Hordaland og Sogn og Fjordane er utpekt som foregangsfylker for å bidra til å øke konsumproduksjonen av økologisk frukt og bær til 15 prosent av norsk produksjon. Sammen med andre markedsaktører skal de også legge til rette for å øke forbruket av norsk økologisk frukt og bær til 15 prosent.

679x271 (Copyright: Bilde Bildesen)

Føregangsfylke økologisk frukt og bær er Hordaland i samarbeid med Sogn og Fjordane. Første prosjektperiode var frå oppstart i 2010 til 2014. I denne perioden var det m.a. fokus på samarbeid med frukt-og bærrådgjevarane i Norsk Landbruksrådgjeving. I tillegg er Bioforsk, NILF og Njøs Næringsutvikling viktige aktørar for å drive forsking- og utprøvingsarbeid for å sikre betre kvalitet og meir effektiv økologisk frukt-og bærproduksjon. Lokalmatkontaktane hjå Fylkesmennene samt Kompetansenava for lokalmatproduksjon, har vore viktig for å drive produktutvikling og lokal omsetjing og foredling av økologisk frukt og bær.

Eple- og plommeproduksjonen er dei viktigaste kulturane innan økologisk fruktproduksjon. Den økologiske bærproduksjonen er konsentrert rundt dei største byane, og i lag med grossistar som kan garantere rask levering av ei ferskvare som bær. I perioden 2010-2014 var det om lag 50% auke i omfanget av økologiske eple som blir omsett gjennom grossistar. Direkte sal lokalt er óg ein viktig omsetjingskanal.

Hovudkanalen for å spreie resultata var gjennom artiklar i «Norsk frukt og bær», informasjon om økologisk frukt og bær på Norsk landbruksrådgjeving (NLR) si nettside, og oppdatert informasjon på ein blogg som Føregangsfylke økologisk frukt og bær drifta.  

Målsetjinga for prosjektperioden 2014-17 er framleis å auke produksjonen, men med eit endå tettare samarbeid med marknadsaktørane.Det nasjonale ansvaret er styrka. Føregangsfylket har fått fleire tilknytningsprosjekt innanfor temaområdet sitt.Fruktlagra og grossistane vil aktiverast i sterkare grad enn før. Føregangsfylket vil sikre at ein stimulerer til produksjonar som blir  etterspurt i daglegvarehandelen og i lokalmatsatsingane. Potensialet for å auke norsk økologisk produksjon på området er stort. Arbeidet i føregangsfylkeprosjektet er viktig for å medverke til dette.

2531 daa av det totale frukt- og bærarealet i Noreg var økologisk/karens i 2014. Det utgjer 6 % av totalarealet. Føregangsfylket rapporterer at det er ein svak auke i både den økologiske eple- og plommeproduksjonen frå 2013 til 2014. Nedgangen i nytt karensareal har stoppa, og det er ein liten auke i talet på godkjende daa av økologisk frukt og bær frå 2013 til 2014. Føregangsfylket arbeider med å etablere dyrkingsklynger og produsentfellesskap. Dette er interessant for å skape produksjonsutvikling på sikt. 

Plantevernstrategiane nærmar seg praksis som dei andre skandinaviske landa har i økologisk fruktproduksjon.  Mekanisk jordarbeiding for å halde ugraset vekk under frukttrea er til dømes no tilrådd for alle økologiske fruktdyrkarar. Det har inspirert dei konvensjonelle dyrkararne som ynskjer alternativ til  sprøytemidla.

Resultata blir delt via føregangsfylka si nettside og NLR si ajourførte nettside, samt nyhetsbrev i samarbeid med NLR.

Fakta

Prosjekteigar
Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Periode

2014- 2018

Tilsegn
2014: kr  2 500 000
2015: kr  2 500 000

 

 

 

 

Adresse
Oslo/ heile landet

Prosjektleiar
Frøydis Lindén

Epost/telefon:
fmhofli@fylkesmannen.no
55 57 21 86

Lenker

Fylkesmannen

Foregangsfylker

NLR