Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Om økologisk landbruk

Lykkelig høne ved trillebår

Utvikling av økologisk landbruk og omsetnad av økologiske landbruksprodukt er eit politisk satsingsområde. I regjeringserklæringa frå 7. oktober 2009, "Soria Moria II-erklæringen", er det nedfelt målsetjingar for økologisk produksjon og forbruk av økologiske landbruksprodukt. Det er eit mål at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket i 2020 skal vere økologisk.

  • SLF si rolle i forvaltinga av økologisk landbruk

    Statens landbruksforvalting (SLF)

    • forvaltar ulike tilskotsordningar til økologisk landbruk, under dette ulike direktetilskot til primærprodusentar og tilskot til utviklingstiltak innan økologisk landbruk.
    • har sekretariatsansvar for Styret for Forskningsmidler over jordbruksavtalen (JA), og Styret for Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter (FFL) som begge kan innvilge middel til forsking på økologisk landbruk.
    • har ansvar for marknadsovervaking av økologiske produkt, og utarbeidar oversikter over areal, produksjon, foredling og omsetnad.
  • Marknadsovervakning

    SLF utarbeidar på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) halvårlege rapportar med opplysingar om kva som er produsert og selt av økologiske landbruksvarer.

    Rapportane skal innehalde statusutvikling for økologisk produksjon i Noreg, og kor mykje som vert omsett som økologiske produkt. I tillegg er pris eit viktig element, både til produsent og til forbrukar. Det er også ynskjeleg med oversikt over import av økologiske varer. Oppdraget er nærare skildra i Tildelingsbrev for 2001.

Kontakt

Siste nyheter