Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Fleire leiger mjølkekvotar

Etter at kvoteleige vart innført har det vore ein reduksjon i talet på samdrifter. Utviklinga tyder på at mange har gått over frå samdrift til kvoteleige, seier rådgjevar Ragnhild Kongsvoll.

Høve til å leige kvote vart innført i 2009. I 2011 er det nærmare 1400 kvotar som er heilt eller delvis leigd ut, og til saman er det godkjent om lag 2100 leigeforhold.

- Ordninga med leige av kvotar vart innført av fleire årsaker. Ordninga gir meir fleksibilitet for produsentane, og gir høve til å produsere på fleire kvotar utan å måtte etablere eit selskap med delt ansvar slik samdriftene må. I tillegg gir det moglegheit til å avslutte produksjonen og likevel avvente ein periode i påvente av neste generasjons avgjersle. Det blir ikkje like dramatisk som å selje kvoten, forklarar Ragnhild Kongsvoll.- Ein ser dessutan at mange samdrifter har vorte oppløyst etter at kvoteleige vart innført. Dette kan kome av at mange som var med i samdrift var passive medlemmar, og kvoteleige var ei meir passande ordning for desse, seier Kongsvoll. Etter innføringa av kvoteleige i 2009 har talet på samdrifter gått ned. I 2011 er det om lag 1500 samdrifter, medan om lag 1400 eigedomar leiger ut kvote.

Leige overtek for samdrift?

- Dette kan tyde på at ein del av samdriftsdeltakarane fram til 2009 har vore passive, og at samdrifta i realiteten har vore ei form for kvoteleige, seier Kongsvoll. 

- Samdrift kan ha mange fordelar for nokon. Det kan til dømes vere nødvendig å gjere store investeringar i bygningar og utstyr. På den andre sida kan ein gjennom samdrift utvide produksjonen og nokre kan også oppnå stordriftsfordelar. Ein anna fordel er at ein i samdrifta får kollegaer å dele erfaringar med og betre moglegheit til å ta ut ferie. På denne måten kan samdrift gjere det lettare for unge å overta, seier Ragnhild Kongsvoll.

Færre og større

Talet på føretak med mjølkekvote som produserer mjølk har vorte redusert med 46 prosent frå 2001 til 2011. Utviklinga går i retning av færre og større bruk.

- Dette er ei utvikling vi ser i alle fylka. Nedgangen dei siste ti åra vore størst i Telemark, der det er ein reduksjon på 55 prosent frå 2001 til 2011. Med unntak av Oslo har nedgangen vore minst i Finnmark.

I 2011 er det 10.849 føretak med mjølkekvote som driv mjølkeproduksjon. Føretaka disponerer til saman ein kvote på om lag 1.615 mill. liter. Ein gjennomsnittleg mjølkebonde har ein kvote på om lag 150.000 liter i året, og har i overkant av 20 mjølkekyr.

- Medan det vert stadig færre føretak som produserer mjølk, vert gjennomsnittskvoten større, seier Ragnhild Kongsvoll.Mjølkeproduksjonen er den største enkeltproduksjonen i landbruket, og ordninga med mjølkekvotar omfattar alle mjølkeprodusentar i landet. Gjennom kvoteordninga vert det satt eit tak på kor mykje mjølk som kan produserast. Kvoteordninga vart innført i 1983 for å få bukt med overproduksjonen av mjølk, og etter dette har det vore mange og omfattande endringar i ordninga.

Mykje kjensler i ei mjølkekvote

- Eg sluttar aldri å forundre meg over kor mykje mange veit og meiner om kvoteordninga. Det kjem nok av at kvotane regulerer ein so stor og viktig produksjon i norsk landbruk, og dermed får mange eit eigeforhold til ordninga, avsluttar Ragnhild Kongsvoll.

Les meir om utviklingstrekk i kvoteordninga her.  

Kontaktperson