Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Kva er SLF?

Statens landbruksforvaltning (SLF) skal ta hand om direktoratsoppgåver for Landbruks- og matdepartementet (LMD). SLF er fagstyresmakta som sikrar eins forvaltning av verkemiddel i heile landet og gjennom heile verdikjeda.

Rundstykker og brød, beskjært.

Brukarretta og effektiv forvaltning av tilskotsordningar og juridiske verkemiddel står sentralt, i tillegg til kontroll og dokumentasjon. Vi skal også samle kunnskap om landbruk og tilknytte samfunnsområde og bidra til eit heilskapleg vurderingsgrunnlag for landbruks- og matpolitikken. Som ledd i dette skal direktoratsoppgåvene på skogbruksområdet vidareutviklast.

SLF skal framover leggje større vekt på rådgivings- og støttefunksjonane. SLF skal ha oversikt over utviklingstrekk i heile verdikjeda, bidra til røynsleutveksling med næringa og anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåinga knytte til gjeldande politiske mål og gi innspel til LMD om utviklinga av verkemiddel. SLF skal gi råd på eige initiativ, og rådgivinga skal ha høgt fagleg nivå på alle resultatområda. Formidling av landbruks- og matpolitikken og formidling av fag- og forvaltningskompetanse til regional og lokal forvaltning skal inngå i dette.

Verksemdsidé
SLF gir faglege råd, set landbrukspolitikken ut i livet og legg til rette for landbruket og matindustrien.

Hovudmål
SLF skal vere ei brukarretta og effektiv verksemd som innanfor rammene av nasjonal landbruks- og matpolitikk bidrar til å

  • sikre ressursgrunnlaget i jordbruk og skogbruk
  • sikre verdiskaping og eit konkurransedyktig landbruksbasert næringsliv

SLF har ca.190 tilsette fordelt på fire avdelingar: Administrasjon, Ressurs og areal, Landbruksproduksjon og Handel og industri.