Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Kva gjer SLF?

Skogsgård med hesjer.

SAMFUNNSOPPDRAGET

- SLF bidrar til levande landbruk i heile landet
SLF bidrar til å sikre ressursgrunnlaget og verdiskapinga i jordbruk, skogbruk og landbruksbasert næringsliv. Ordningane retta mot jordbruksføretak bidrar både til lønnsam drift, og til busetjing og bevaring av kulturlandskap. Vi samlar og bruker kunnskap om landbruk og tilknyte samfunnsområde for å kunne bidra til eit helhetlig vurderingsgrunnlag for landbruks- og matpolitikken. Landbruksproduksjon, industri og levande bygder er på mange måtar gjensidig avhengig av kvarandre. Landbruk og levande bygder er også ein føresetnad for at kulturlandskapet skal kunne oppretthaldast på sikt. Samstundes er kulturlandskap og kulturminne betydelige ressursar for landbruk og bygdesamfunn.

RÅDGIVAR OG KUNNSKAPSLEVERANDØR

- SLF gir faglege råd og analysar
SLF skal ha oversikt over utviklingstrekk i heile verdikjeda, bidra til røynsleutveksling med næringa og anna forvaltning. Vi skal ha god kunnskap om resultatoppnåing i knytte til gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet (LMD) om utviklinga av verkemiddel. Kompetanseutvikling er eit viktig område for SLF. Både for å kunne forvalte ordningane, for å forstå utviklinga framover og for å kunne gi faglege råd og analysar. SLF ønskjer å vere eit kontaktpunkt for landbruksrelatert forsking og utvikling. Vi legg vekt på å vere ein profesjonell bestiller og fortolkar av utgreiingar, analysar og forskingsrapportar.

FORVALTAR

- SLF set landbrukspolitikken ut i livet
SLF forvaltar verkemiddel til landbruk, skogbruk og landbruksbasert næringsliv. Vi er fagstyresmakta som sikrar eins forvaltning av verkemiddel i heile landet og gjennom heile verdikjeda. Forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel samt kontroll/dokumentasjon står sentralt. SLF jobbar primært mot målgruppene gardbrukar, skogbrukar, næringsmiddelindustri og importør/speditør. Mange oppgåver blir løyste i samhandling med fylkesmenn og kommunar.

LANDBRUKSBASERT NÆRINGSLIV

- SLF bidrar til å sikre verdiskaping og eit konkurransedyktig landbruksbasert næringsliv
SLF administrerer importvernet for landbruksvarer og verkemiddel som er retta mot landbruksbasert næringsmiddelindustri. Vi bidrar med innspel til handelsavtalar, for eksempel i samanheng med WTO og EU. Importvernet for jordbruksvarer er eit sentralt verkemiddel for å sikre framleis landbruksproduksjon samt vidareforedling og produksjon av næringsmiddel i Noreg. SLF driv pris- og marknadsovervaking langs heile verdikjeda, både nasjonalt og internasjonalt. Dette skal bidra til eit godt fungerande importvern og oppfylling av dei internasjonale pliktar og rettar Noreg har gjennom handelsavtalar.

ELEKTRONISKE TENESTER

- SLF var tidleg ute med å utvikle elektroniske tenester
SLF legg vekt på å tilby sikre og stabile elektroniske tenester til brukarane. Internett er den viktigaste kanalen for tovegs samhandling og kommunikasjon. På nettsida vår finn du oppdatert informasjon og statistikk innan områda skogbruk, landbruk, landbruksbasert næringsliv og marknad og handel. Her kan du og logge deg inn på dei elektroniske tenestene våre.

ORGANISASJONEN

- SLF har brei kompetanse og dekkjer mange fagområde
SLF er ei verksemd med initiativrike, endringsdyktige og serviceinnstilte medarbeidarar. Vi ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass kor det blir lagt til rette for mangfald og kreativitet. Medarbeidarar blir tilbodne interessante arbeidsoppgåver med stort ansvar og moglegheit for utvikling, både gjennom eige arbeid og kompetansehevande tiltak.