Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

SLFs resultatområdar

SLFs verksemd omfattar fire resultatområdar:

Administrasjon
Ressurs, skogbruk og areal
Landbruksproduksjon
Handel og industri

Hovudmål for resultatområda:

Administrasjon SMA?BRUK-OG-ENG-MED-LØVETANN
På resultatområdet administrasjon har SLF oppgåver knytte til organisasjonsutvikling, personalforvaltning, rekneskapsføring, økonomistyring, beredskap, IKT drift og utvikling og andre fellestenester som sentralbord og arkiv. Dette skal bidra til ei velfungerande verksemd som utnyttar ressursane sine på ein effektiv måte, og som gjennom forvaltning og rådgiving sikrar brukarane effektive tenester.

Ressurs, skogbruk og areal
På resultatområdet ressurs, skogbruk og areal skal SLF bidra til å sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon og levande bygder. Arbeidsområda omfattar utvikling og forvaltning av verkemiddel og tiltak knytte til arealbruk, skog, miljø og kulturlandskap, økologisk landbruk og klimautfordringar. Vi forvaltar erstatningsordningane i landbruket og er sekretariat for naturskadeordninga. I tillegg ligg det koordinerande ansvaret i SLF overfor fylkesmannsembeta under dette området.

Handel og industri
På resultatområdet handel og industri skal SLF bidra til å sikre ein godt fungerande næringsmiddelindustri og ein stabil marknad som gir avsetning for norske jordbruksråvarer til stabile prisar. Viktige ansvarsområde er importvernet av landbruksvarer, sekretariatsfunksjonen for Omsetningsrådet, ordningar retta mot næringsmiddelindustrien, marknadsovervaking og innhenting av prisar på norske og utanlandske landbruksvarer. Næringsmiddelindustri, importørar og eksportørar er viktige målgrupper for desse ordningane.

Landbruksproduksjon
På resultatområdet landbruksproduksjon skal SLF bidra til å sikre matproduksjonen og ei stabil matforsyning. Arbeidsoppgåvene er knytte til utvikling og forvaltning av inntekts- og velferdsordningar, dei produksjonsregulerande verkemidla mjølkekvotar og husdyrkonsesjon, og ei rad mindre tilskotsordningar. Felles for ordningane er at det er primærprodusenten som er målgruppa. Sekretariatsoppgåvene for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, og Forskingsmidlane over jordbruksavtalen ligg også her. Det same gjeld ansvaret for ekstern kontroll.