Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Jobb i Statens landbruksforvaltning

No kan du søkje jobb i Statens landbruksforvaltning via den elektroniske rekrutteringsportalen vår. På ein enkel måte kan du registrere CV-en din, skrive søknad og leggje ved elektroniske attestar og vitnemål.

Trivelig på jobb

Gode medarbeidarar gir nøgde brukarar. Dyktige medarbeidarar får derfor tilbod om interessante arbeidsoppgåver med stort ansvar og høve til kompetanseutvikling både gjennom eige arbeid og kompetansehevande tiltak.

SLF har ca.190 tilsette fordelt på fire avdelingar: Administrasjon, Ressurs og areal, Landbruksproduksjon og Handel og industri. Bli med på laget.

Legg inn/oppdater CV-en din her.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkjarane har bede om å bli unnatekne frå å bli førte opp på søkjarlista. Søkjarane vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.