Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Mjølkekvotar

Mjølkeproduksjonen er den største enkeltproduksjonen i landbruket, og båe ku- og geitemjølkproduksjon er regulert av mjølkekvotar.

Føretak med kumjølkproduksjon
Statistikken om mjølkekvotar omfattar berre kumjølkkvote, utanom når det er presisert at det er snakk om geitemjølkkvotar. Vi tel ikkje med dei føretaka som berre har kvote til lokal foredling her. Les meir om lokalforedling her.

Talet på føretak med kumjølkeproduksjon har gått jamt nedover dei siste 18 åra. Frå 1998 til 2016 er det ein reduksjon på om lag 64 prosent. 

 

Figuren viser at utviklinga i mjølkeproduksjonen går i retning av færre, men større mjølkeprodusentar. Medan mengda produsentar går jamt nedover, har  gjennomsnittskvoten auka.

Omsetning av mjølkekvotar
Ordninga for omsetning av mjølkekvotar vart innført i 1997. I åra etter 2000 har sal av kvote vore fallande. I 2015 auka salet noe frå føregåande år. 

I perioden 2005–2013 ser vi også ein nedgang i talet på produsentar som ønskjer å kjøpe kvote. Frå og med omsetningsrunda 2014 auka talet på kvotekjøparar. Det er også stor etterspurnad i fleire produksjonsregionar samanlikna med kor mykje kvote som er tilgjengeleg innanfor kvar region.

Føretak for felles mjølkeproduksjon
Frå 1995 til 2008 vart talet på føretak for felles mjølkeproduksjon, tidlegare samdrifter,  mangedobla. I 1995 var det 146 føretak av denne typen i Noreg, i 2008 var det om lag 2 000. Etter at kvoteleige vart innført i 2009 har det vore ein reduksjon i talet på føretak for felles mjølkeproduksjon. Dette kan tyde på at ein stor del av føretaksdeltakarane har vore passive, og at desse føretaka i realiteten var ei form for kvoteleige. I 2016 er det  954 føretak med  felles mjølkeproduksjon, som til saman har  om lag 379 mill. liter disponibel kvote.

Kvoteleige
Høve til å leige kvote vart innført i jordbruksoppgjeret i 2008, og dei første leigeforholda fekk verknad frå kvoteåret som byrja i 2009. I 2016 er det 2 968 eigedomar som  heilt eller delvis har leigde ut kvote,  og  2 659 føretak som leiger inn kvote. Nærmare 240,3 mill. liter grunnkvote er i leigeforhold i 2016.

Geitemjølkkvotar
Det har vore ein stor nedgang i talet på geitemjølkprodusentar frå 650 føretak i 2001 til 285 i 2015. I 2016 auka derimot talet på produsentar noe, til  294 føretak. Av desse er 8 føretak for felles geitemjølkeproduksjon, og 122 geitemjølkkvotar er heilt eller delvis leigde ut.