Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Omsetningsrådet

Omsetningsrådet er eit offentleg organ med frittståande stilling. Hovudmålsetjinga til Omsetningsrådet er å få til ei effektiv regulering av marknaden for ulike jordbruksprodukt til lågast muleg kostnader.

  • Omsetningsrådet

    Omsetningsrådet sine oppgåver er:

    • Administrere marknadsregulerande tiltak (geografisk overføring, lagring, eksport, leveranse til fabrikk og eventuelt andre tiltak).
    • Føre tilsyn med at produsentorganisasjonane følgjer opp vedtak frå Omsetningsrådet.
    • Krevje inn omsetningsavgift og føre kontroll med innbetaling.
    • Fremje faglege tiltak og opplysningsarbeid med bruk av midlar frå omsetningsavgiftene. Desse tiltaka kan vere retta mot produsent, handel og industri eller forbrukar.
    • Administrere andre tilskotsordningar over statsbudsjettet på vegne av Landbruks- og matdepartementet, som for eksempel i hagebrukssektoren.

    Landbruket har i dag fleirtal i Omsetningsrådet, noko som heng nøye saman med jordbruket sitt økonomiske ansvar for overproduksjon. Overproduksjon krev tiltak som vert finansiert gjennom omsetningsavgift innkrevd frå bonden.

    Landbruks- og matdepartementet kan gjere om rådet sine vedtak dersom dei er i strid med lov, forskrifter eller gjeldande jordbruksavtale. Regjeringa kan gjere om vedtak dersom det etter Regjeringa si vurdering er i strid med samfunnsinteresser.

    Marknadsreguleringa innanfor dei ulike sektorane er heimla i eit detaljert regelverk. Regelverka innanfor dei ulike sektorane finn du i denne oversikta.

    Sekretariatsfunksjonen er lagt til Statens landbruksforvaltning (SLF).

  • Markedsregulering

    Hovedformålet med markedsreguleringen er å balansere tilførselen av jordbruksråvarer til markedet. Kostnadene ved dette fordeles på all produksjon gjennom avgiftsbelegging, og ordningen blir finansiert av produsentene selv. Ved omsetning av produktene betales det inn et fast beløp per kilo/liter i omsetningsavgift. Avgiften går inn i et fond og blir brukt til avsetningstiltak, faglige tiltak og opplysningsarbeid. Sammen med importvernet legger markedsregulering grunnlaget for at produsenten skal kunne ta ut de priser som er fremforhandlet i jordbruksforhandlingene på kjøtt av svin og sau/lam, melk, egg, korn og hagebruksprodukter. For kjøtt av storfe skal markedsreguleringen sikre et balansert marked i tråd med gjeldende landbrukspolitikk.

    Marknadsreguleringa er gjennomgått i [St.meld. nr. 19 (1999-2000), "Om norsk landbruk og matproduksjon"], og er knytt til produsent- og forbrukarinteresser.

    Formålet med reguleringa er i følgje stortingsmeldinga å:

    • Stabilisere prisane for produsentane og medverke til nokolunde eins prisar over heile landet.
    • Sikre avsetning for produsentane.
    • Sikre forsyningar i alle forbruksområde til ein nokolunde eins pris.
    • Medverke til at produsentane oppnår prisar mest mulig i samsvar med jordbruksavtalen sine føresetnader, samtidig som prisen i marknaden skal haldast på eller under avtalt nivå, som gjennomsnitt for året.

    Marknadsreguleringa kan bestå av avsetningstiltak, faglege tiltak og opplysningsverksemd. Avsetningstiltak er strakstiltak som blir sette i verk for å regulere marknaden, mens faglege tiltak og opplysningsverksemd er knytta til forebyggande og meir langsiktige tiltak.

  • Omsetningslova

    Formålet med omsetningslova er å fremje omsetninga av landbruksvarer gjennom samvirke. Gjennomføringa av tiltak i tråd med dette formålet er lagt til Omsetningsrådet. Lova gir staten fullmakt til å legge avgift på produsentane sin salsproduksjon - omsetningsavgift - som vert krevd inn og forvalta av Omsetningsrådet.

    Bakgrunnen for omsetningslova  var den internasjonale overproduksjonskrisa mot slutten av 1920-åra. Landbruksnæringa skulle sjølv sette i verk tiltak under oppsyn av Omsetningsrådet, som vart oppretta i 1930. Det vart difor gradvis etablert landsomfattande produsentorganisasjonar som skulle stå for den praktiske marknadsreguleringa. Andre land valde andre løysingar; i mange land tok staten ansvaret ved å kjøpe opp overskotsproduksjonen til avtalte prisar. Det var mjølka som var det viktigaste reguleringsproduktet for marknadsreguleringa i starten, i tillegg til svinekjøtt.

    Omsetningslova etablerte eit sikringsnett for produsentane mot dramatiske svingingar i lønsemd. Samtidig vart produsentane sine økonomiske organisasjonar trekt med i forpliktande samarbeid om gjennomføringa av marknadsreguleringa.

  • Omsetningsavgift

    Omsetningsavgift er ei avgift som blir lagt på produsentane sin produksjon for sal for å finansiere tiltak for å fremja omsetninga.

    Omsetningsavgiftene blir innbetalt av bøndene ved levering av produkta. Avgiftene går inn i eit fond og blir brukt til finansiering av avsetningstiltak, til faglege tiltak og til opplysningsarbeid.

    Framgangsmåten ved nye satsfastsettingar er at markedsregulator fremjar forslag på sats til Omsetningsrådet, som vurderer forslaget og fremjar forslag til Landbruks- og matdepartementet. Det er Landbruks- og matdepartementet som fastset endelege satsar. Avgiftene kan bli endra gjennom året når marknadssituasjonen har endra seg.

    Omsetningsavgifta på korn og på kjøtt av gris, sau/lam og storfe/kalv er fastsett som ein maksimalsats. Innanfor denne øvre grensa kan Omsetningsrådet endre avgifta gjennom året ved behov.

    For hagebrukssektoren blir omsetningsavgifta ikkje krevd inn frå produsentane, men dekka kollektivt over jordbruksavtalen, det vil seie over statsbudsjettet.

    Meir om omsetningsavgift på dei enkelte jordbruksprodukta er å finne i temamenyen til venstre.

  • Medlemmer i Omsetningsrådet

    Omsetningsrådet har fra 1. januar 2010 11 medlemmer som representerer staten, bondeorganisasjonane, samvirkebedriftene og ikkje-samvirkebasert næringsmiddelindustri. Landbruket og samvirke har til saman fleirtal.

    medlemmene