Om hjorteviltregisteret
Hjorteviltregisteret er ein nasjonal databank som varetar data frå jakt på hjortevilt og villsvin. Her finst òg opplysningar om fallvilt.
https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/arter-naturtyper/vilt/forvalte-hjortevilt/hjorteviltregisteret/
Hjorteviltregisteret har to appar som rapporterer data direkte til registeret. Dette er appen Fallvilt for ettersøkspersonell, og appen Sett og skutt for jegerar.
I tillegg kan brukarane nytte nettstaden www.hjorteviltregisteret.no for rapportering, administrasjon og uthenting av data. Fleire statistikkar er gjort tilgjengelege for alle.
Jegeren
Jegeren kan rapportere data frå jakta, og finne svar på skrantesjuke-prøver i Hjorteviltregisteret. Jegeren kan mellom anna:
-
Jaktleiar eller den jaktleiaren delegerer oppgåva til, kan rapportere sette elg eller hjort på Hjorteviltregisteret eller via appen Sett og skutt. Sett elg eller hjort skal registrerast på jaktfeltnivå. Det er mogleg for fleire jegerar å registrere sette dyr på same jaktfelt same dag dersom ein ikkje jaktar som eit lag.
-
Statistikkar tilgjengelege for alle
Eit utval av statistikkar frå Hjorteviltregisteret er gjort tilgjengelege for alle
Tilbakemeldingar eller spørsmål om Hjorteviltregisteret?
For spørsmål om Hjorteviltregisteret eller appane tilknytta registeret, kontakt Naturdata for gratis hjelp på support@naturdata.no eller på telefon: 74 33 53 10.