Til hovedinnhold

Om Hjorteviltregisteret for jegere

Hjorteviltregisteret er ein nasjonal databank som varetar data frå jakt på hjortevilt og villsvin. Her finst òg opplysningar om fallvilt.

Hjorteviltregisteret har to appar som rapporterer data direkte til registeret. Dette er appen Fallvilt for ettersøkspersonell, og appen Sett og skutt for jegerar.

I tillegg kan brukarane nytte nettstaden www.hjorteviltregisteret.no for rapportering, administrasjon og uthenting av data. Fleire statistikkar er gjort tilgjengelege for alle.

Jegeren

Jegeren kan rapportere data frå jakta, og finne svar på skrantesjuke-prøver i Hjorteviltregisteret. Jegeren kan mellom anna:

Rapportere sett elg og hjort

Jaktleiar eller den jaktleiaren delegerer oppgåva til, kan rapportere sette elg eller hjort på Hjorteviltregisteret eller via appen Sett og skutt. Sett elg eller hjort skal registrerast på jaktfeltnivå. Det er mogleg for fleire jegerar å registrere sette dyr på same jaktfelt same dag dersom ein ikkje jaktar som eit lag.

Rapportere opplysninger om felte elg, hjort, rådyr villrein og villsvin

Jegeren kan rapportere felte hjortevilt og villsvin på Hjorteviltregisteret eller bruke appen Sett og skutt for elg, hjort, rådyr og villrein. Her kan jegeren òg registrere tilleggsopplysningar om det felte dyret, til dømes vekt og skrantesjuke-prøve. For villsvin kan jegeren se svar på innsendt trikin-prøve og få ferdig utfylt godgjøringsskjema som kan sendes Mattilsynet.

For rådyr og villrein registrerer jegeren eigne fellingar. For elg og hjort blir fellingane registrerte på jaktfeltet. Det er mogleg for fleire jegerar å registrere skotne dyr på same jaktfelt same dag dersom ein ikkje jaktar som eit lag.

Finn svar på skrantesjuke-prøver frå jakt

Jegeren finn svar på skrantesjuke-prøven frå eige dyr i Hjorteviltregisteret. For å få svar må dyret og prøven vere registrert med strekkoden frå merkelappen.

Statistikkar tilgjengelege for alle

Eit utval av statistikkar frå Hjorteviltregisteret er gjort tilgjengelege for alle

Data frå jakt

Data over tal felte og sette dyr ligg tilgjengelege for alle. Ein kan sjølv velje kva område ein vil sjå data frå. Informasjon om mellom anna vekt, alder, og tal kalvar ligg òg tilgjengeleg.

Påkøyringsdata og fallvilt

Alle kan sjå kart over påkøyrde hjortevilt og eit utval andre artar frå heile landet. Tala bak kan òg hentast ut. Oversyn over anna fallvilt er òg tilgjengeleg.

Tilbakemeldingar eller spørsmål om Hjorteviltregisteret?

For spørsmål om Hjorteviltregisteret eller appane tilknytta registeret, kontakt Naturdata for gratis hjelp på support@naturdata.no[ eller på telefon: 74 33 53 10

 

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk