Jordbruksføretak 

For å bli rekna som eit jordbruksføretak etter straumstøtteforskrifta, må føretaket vere registrert i Einingsregisteret, og oppfylle vilkåra for å få produksjonstilskot og/eller avløysartilskot. Det inneber mellom anna at føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon på éin eller fleire landbrukseigedommar, med dei dyreslaga eller dei vekstgruppene det kan givast produksjonstilskot og/eller avløysartilskot for. Sjå detaljert oversikt i jordbruksavtalen kapittel 7 og kapittel 9.1.

Føretaket må disponere husdyr og/eller disponere og drive jordbruksareal aktivt for å kunne få støtte etter ordninga. 

Jordbruksføretak kan få straumstøtte for straumutgifter i eigen jordbruksproduksjon. I tillegg kan det givast støtte for hushaldsforbruk som ikkje allereie er omfatta av ordningane for straumstønad eller Noregspris hos nettselskapet.

Veksthusføretak 

For å bli rekna som eit veksthusføretak etter straumstøtteforskrifta, må føretaket vere registrert i Einingsregisteret, dyrke ein av følgjande vekstgrupper, og omsetje dei i marknaden: 

  • grønsaker,
  • frukt og bær,
  • krydderurter og medisinske urter,
  • blomstrar og prydplantar,
  • planteskulevekstar, medrekna skogplantar, eller
  • ungplantar av blomstrar, prydplantar, frukt, bær og grønsaker for utplanting på friland og for sal

Veksthusføretak kan få straumstøtte for straumutgifter til dyrkinga av nemnde vekstar. I tillegg kan det givast støtte for hushaldsforbruk som ikkje allereie er omfatta av ordningane for straumstønad eller Noregspris hos nettselskapet.

 Vatningslag 

Vatningslag etter straumstøtteforskrifta er lag eller andre samanslutningar som er registrerte i Einingsregisteret, og som driv med vatning av jordbruksareal som blir disponert av minst to jordbruksføretak.

Vatningslaget kan få straumstøtte for straumutgifter til vatning av jordbruksareal.

Eg har felles straummålar for våningshuset/hushald og driftsbygning(ane), kan eg få straumstøtte etter ordninga?

Eit jordbruksføretak kan få støtte for hushaldsforbruk gjennom straumstøtteordninga for jordbruks- og veksthusnæringa. Det er ein føresetnad at hushaldsforbruket ikkje allereie er omfatta av ordningane for straumstønad eller Noregspris hos nettselskapet, og at føretaket oppfyller vilkåra for å kunne få straumstøtte etter forskrifta. Viss målaren er registrert som hushald i systema til nettselskapet, vil inntil 5 000 kWt anten kompenserast gjennom straumstønadsordninga for hushald eller inngå i ordninga om Noregspris. Viss forbruket på målaren er registrert som forbruk til næringsverksemd i kundesystema til nettselskapa, får slike hushald i utgangspunktet ikkje straumstønad eller moglegheit til å inngå avtale om Noregspris hos nettselskapa. I så fall kan føretaket få støtte for hushaldsforbruket gjennom ordninga for jordbruks- og veksthusnæringa.

Eit veksthusføretak med felles målar for veksthusproduksjonen og hushald kan også få støtte for hushaldsforbruk som ikkje allereie er omfatta av ordningane for straumstønad eller Noregspris hos nettselskapet.

For vatningslag blir det ikkje gitt støtte for hushaldsforbruk. Viss føretaket har felles målar for vatning av jordbruksareal og hushald, må du trekkje frå hushaldsforbruket når du oppgir straumforbruket i søknadsskjemaet. I tillegg må du trekkje frå straumkostandane for dette forbruket.

Føretaket mitt driv både jordbruksverksemd og produksjon i veksthus. Kva kan/skal eg søkje som? 

Viss føretaket ditt oppfyller vilkåra for støtte både som jordbruksføretak og som veksthusføretak, må du sjølv velje kva du ønskjer å søkje som. Utmålinga av innvilga støtte er ulik for jordbruksføretak og veksthusføretak. Søknadsskjemaet du skal nytte, og kor ofte du må søkje er avhengig av kva du søkjer som. 

Eit føretak kan berre søkje om straumstøtte som anten jordbruksføretak eller veksthusføretak. Føretaket kan likevel få støtte til straumutgiftene til både jordbruks- og veksthusproduksjonen sin. Du må då føre opp alle målepunkta føretaket har utgifter på (både til jordbruksverksemda og veksthusproduksjonen) i same søknad (uavhengig av kva søknadsskjema du nyttar).  

Eg har eit vatningsanlegg på garden, skal eg søkje som jordbruksføretak eller vatningslag? 

Viss føretaket ditt driv jordbruksproduksjon, skal du søkje på ordninga for jordbruksføretak. I søknaden fører du også opp målepunkt tilknytt vatningsanlegget. Vatning blir rekna som ein del av jordbruksproduksjonen til jordbruksføretaket ditt.

Eg leiger driftsbygningar/areal, kan eg få støtte?

Det er føretaket som driv aktiv jordbruks- eller veksthusproduksjon, som skal søkje om straumstøtte. Det betyr at føretaket kan søkje om støtte, sjølv om det leiger driftsbygningar/areal, og ikkje sjølv har abonnement på straummålaren.

Om du søkjer som jordbruksføretak, oppgir du målepunkt-ID på målaren/målarane tilknytt drifta du leiger.

For veksthusføretak, er det krav om at målepunktet må «tilhøyre» føretaket. Det inneber at det må vere tilstrekkeleg tilknyting mellom veksthusproduksjonen til føretaket, og målepunktet/a som blir ført opp i søknaden. I utgangspunktet inneber det at veksthusføretaket må vere nettkunde, og eigar av målepunktet. Det er føretaket som står på fakturaen frå nettselskapet, som blir rekna som nettkunde. 

Om du søkjer som veksthusføretak og leiger driftsbygningar, må du derfor kunne leggje fram dokumentasjon som viser at målepunktet har ei direkte kopling til produksjonen til føretaket. I tillegg må fakturaen frå straumselskapet til eigar av målepunktet (utleigar), vere avgjerande for straumutgiftene føretaket har. Det inneber til dømes at eventuelle påslag utleigar tek i tillegg til straumutgiftene i føretaket, fell utanfor det veksthusføretaket kan få straumstøtte for. 

Skal eg søkje med samdrifta eller enkeltpersonføretakets organisasjonsnummer?

Dersom det er samdrifta som søkjar og får produksjonstilskot, og jordbruksproduksjonen føregår i samdriftsføretaket, skal du søkje med organisasjonsnummeret til samdrifta. 

Dersom det er enkeltpersonføretaket som søkjar og får produksjonstilskot og jordbruksproduksjonen føregår i enkeltpersonføretaket, skal du søkje med organisasjonsnummeret til enkeltpersonføretaket.