Til hovedinnhold

Foreløpige tal for sal av mjølkekvote – ku og geit

I 2021 har 108 eigarar av kumjølkkvote og fire eigarar av geitemjølkkvote søkt om sal av kvote. Dette viser ei førebels teljing Landbruksdirektoratet har gjort.

Fristen for å søke om sal av grunnkvote for ku og geit var 1. august 2021. Tabellane viser kor mange søknadar om sal av ku- og geitemjølkkvote som er mottekne innanfor kvar produksjonsregion og kor mykje dei søker om å selje til staten (avrunda til nærmaste 1 000). 

Sal av kumjølkkvote til staten sept. -21

Produksjonsregionar ku

Søknadar om sal

Sal til staten (liter)

Tidligere Østfold og Vestfold fylke

4

                                326 000

Oslo og tidligere Akershus fylke

4

                                205 000

Tidligere Hedmark fylke

10

                                275 000

Tidligere Oppland fylke

12

                                362 000

Tidligere Buskerud fylke

2

                                   43 000

Tidligere Telemark fylke

1

                                   19 000

Agder

3

                                118 000

Rogaland

10

                                408 000

Vestland

22

                                531 000

Møre og Romsdal

11

                                653 000

Trøndelag

24

                                955 000

Nordland

2

                                   56 000

Tidligere Troms fylke

2

                                   94 000

Tidligere Finnmark fylke

1

                                   56 000

 Totalt

108

                             4 101 000

 

Sal av geitemjølkkvote til staten sept. -21

Produksjonsregionar

Søknadar om sal

Sal til staten (liter)

Sør-Norge

3

           26 000

Nord-Norge

1

           41 000

Totalt

4

           67 000

Endelege tal i oktober

Landbruksdirektoratet er godt i gang med handsaminga av søknadane om sal og vil kome tilbake med endelege tal så snart alle søknadane, dispensasjonar og eventuelle klager er ferdig handsama. Dette vil skje i oktober.

Kjøp av kumjølkkvote frå staten

Den mengda kumjølkkvote som vert selt til staten vil i år seljast til kjøparar innanfor produksjonsregionen. Søknadsfristen for kjøp av grunnkvote ku er 1. oktober.

Det er ikkje høve til å kjøpe grunnkvote for geit frå staten i 2021.