Til hovedinnhold

Skal gje grøntsektoren eit løft

Landbruksdirektoratet har innvilga fire prosjekt som skal bidra til auka berekraft og etterspurnad i norsk grøntsektor

I årets jordbruksoppgjer vart det satt av 3 millionar over ordninga Nasjonale tilretteleggingsmiddel til prosjekt innanfor grøntnæringa. Bakgrunnen for dette er rapporten «Grøntsektoren mot 2035» som kom i mars, og konkluderte med at det er mogleg å skape monaleg vekst både i totalmarknaden og for norskandelen i grøntsektoren.

I følgje rapporten er det naudsynt med eit retningsskifte for å utvikle norsk kvalitet og særpreg. Utvalet skisserte seks anbefalingsområde for å realisere ein berekraftig og etterspurnadsdriven vekst i grøntsektoren. Rapporten konkluderte med at det er heilt sentralt å auke etterspurnaden både hjå forbrukarar og i marknadskanalane, i tillegg til å utvikle berekraft som eit klart konkurransefortrinn.

Landbruksdirektoratet lyste i haust ut midla og mottok ni søknadar med eit totalt ressursbehov på 5,2 mill. kroner. Dei fire innvilga forprosjekta har til saman fått tildelt omlag 2,6 mill. kroner, og vil kunne bidra til å nå målsetjingane i Grøntrapporten.

Berekraft som konkurransefortrinn for norsk grøntnæring
Gartnerhallen får tildelt 720 000 kroner.

Forprosjektet skal resultere i eit ferdig planlagd hovudprosjekt med mål om å utvikle berekraft til å bli eit konkurransefortrinn for norsk grøntproduksjon. Hovudprosjektet skal utvikle ein felles berekraftstrategi for produsentleddet og ein plan for kompetansebyggjing.

For å lukkast med satsinga er det avgjerande at produsentleddet sjølv leiar an i dette arbeidet. Dei ulike organisasjonane som representerar norske grøntprodusentar vil vere aktive partnarar i det vidare arbeidet.

Forprosjekt for å auke etterspurnad etter norsk frukt og grønt
Matmerk får tildelt 1 442 200 kroner.

Forprosjektet skal resultere i eit ferdig planlagd hovudprosjekt der samarbeidsformer, aktørar, finansiering, kunnskaps- og kommunikasjonsplattform er tydeleg beskrive og forankra. Forprosjektet skal identifisere og skildre hovudtiltak av kommunikasjon og markedsføring som bør setjast i verk for å oppnå auka etterspurnad hjå forbrukaren og i omsetjingskanalane.

Det skal òg tydeleggjerast korleis dei ulike aktørane i verdikjeda kan arbeide saman for å auke etterspurnaden og konkretisere kva dei kan gjere for å følgje opp Grøntutvalet sine ambisjoner på kort og lang sikt.

Auka norskandel i offentlege innkjøp av frukt og grønt
NIBIO får tildelt 279 000 kroner.

Føremålet med prosjektet er å svare på kva som skal til for at offentleg sektor skal kjøpe meir frukt og grønt, med ein høgare norskandel. Det blir gjort gjennom ei kartlegging av marknaden og brei involvering av marknadsaktørar.

Prosjektet vil gje grunnlag for å utvikle eit hovudprosjekt som kan gje den norske grøntsektoren ein større plass i utviklinga av drifts- og innkjøpsplanar i offentleg sektor, mellom anna kva som må til for at offentleg sektor skal bli «pådrivarar» for auka forbruk av norsk frukt og grønt.

Saman for norske planter – SamPlant
Norsk Gartnerforbund får tildelt 150 000 kroner.

Norske prydplantar er i sterk konkurranse med import. Det er difor viktig å synleggjere fordelane med norsk produksjon av prydplanter og finne fram til ein modell for eit sterkare samarbeid mellom produsentane.

Målet er å leggje eit grunnlag for auka synligheit og preferanse i marknaden, og eit sterkt produsentsamarbeid. Dette skal vidare bidra til ein sterkare marknadsposisjon og konkurransekraft i møte med importert vare.

Les meir om ordninga Nasjonale tilretteleggingsmiddel

Kontaktperson

Eline Kvamme Hagen

Telefon: 78606158