Rapporten bygger på takstdata frå flyboren laserskanning i Oppland og Hedmark. Frå laserdata er det estimert bestandsmiddelhøgde, tretal, grunnflate, volum, middeldiameter og dimensjonsfordeling. Det er også registert bestandsalder, vegetasjonstype og høgde over havet. Frå desse data er det gjort eit uttrekk av bestand der minst 90% av volumet er gran, og minst 80% av volumet er furu. Data for middelhøgde og bestandsalder er nytta til å bonitere alle bestand med bruk av ein dansk funksjon (H40NL) for planta skog som har overhøgder og totalalder som inngang. Det er deretter rekna ut arealvekta middelverdiar for kvar ti års aldersklasser for vegetasjonstype og for høgdelag med hundre meters intervall. For å studere samanhengen mellom bestandstettleik og produksjon, er observert grunnflatesum og tettleik målt som midlare treavstand dividert på bestandsmiddelhøgda (S-prosent) samanlikna med venta grunnflatesum ved ei gjeven middelhøgde i Braastad (1975) sitt program 8 for sjølvtynna skog.
Resultata for boniteringa syner at under same veksttilhøve er boniteten, H40NL, i yngre skog mykje høgare enn i eldre skog. Dette gjeld i for alle bonitetsklassar i taksten, for alle vegetasjonstypar og for alle høgdelag og samsvarar godt med kva som tidlegare er synt i data frå Landsskogtakseringa. En viktig årsak til at gamal skog har så mykje lågare bonitet kan vera at mesteparten av skogen som er eldre enn sytti år er komen opp etter plukkhogst, og fylgjeleg voks svært seint i ungdomen. Dette kan ikkje forklare at boniteten også er mykje høgare i den yngste skogen enn i skog som er komen opp frå 1950 og framover, etter omlegginga til bestandsskogbruk. Det må såleis vera fleire faktorar som gjer at skogen no veks betre enn har gjort tidlegare. Lenger vekstsesong, meir nedbør, tilførsle av nitrogen og auka CO2-konsentrasjon i atmosfæren er faktorar som ein må rekne har hatt og har ei positiv effekt på høgdeveksten. Det syner seg at differansen i bonitet, H40NL, mellom skog på bærlyngmark og blåbærmark på eine sida og småbrengemark på hi, innan eit og same høgdelag, har gått frå å verta svakt negativt for skog komen opp før 1880 til å verta kring fem meter høgare bonitet for skog komen opp på 1960-talet, for deretter å minke til nesten ingenting. Denne endringa er vanskeleg å forklare med endringar i dei nemnde vekstfaktorane, men syner ei påfallande samanfall med tidsprofilen til svovelforureininga dei siste 150 år, indikert med sulfatkonsentrasjonen i Grønlandsisen. Eit slikt samanfall i tid er langt frå noko endeleg prov for årsakssamanheng, men dette må nemnast av to grunnar. Den eine er at denne eventuelle verknaden ikkje kjem til å verta reversert. Den andre er at dersom det har vore ei slik storskala negativ effekt på skogveksten kan dette også delvis ligge inne i mykje av det me har av resultat frå skogforskinga – ikkje berre i Noreg, men i Norden, Europa og Nord Amerika.
I bestand der meir enn åtti prosent av volumet var furu vart boniteten rekna ut på grunnlag av bestandsalder og normert tid til å nå brysthøgde med bruk av Tveite (1977) sin funksjon. Som i gran synte det seg at yngre skog har mykje høgare bonitet enn eldre. Og til like med gran så ser det ut til at skog på dei svakare vegetasjonstypane, som blokkebær og bærlyng, har vokse dårlegare enn på dei rikare typane i ein periode frå kring år 1900 til noko etter 1960.
Når det gjeld undersøkinga av sambandet mellom bestandstettleik og grunnflate så syner det seg at ung og fulltett skog i hogstklasse 4 og 5 på alle vegetasjonstypar har vel så høg grunnflate som venta frå program 8 (sjølvtynning). For kvart prosentpoeng S-prosenten avvik oppover frå venta verdi minkar grunnflata med seks til ti prosent i yngre skog. I den eldre skogen har fulltett skog vesentleg lågare grunnflate enn venta frå Braastad (1975) sitt program 8. Tilhøvet mellom bestandstettleik og grunnflatesum og dermed også mellom tretal og middeldiameter ser såleis ut til å ha endra seg til det betre slik at ein i yngre skog vil få dimensjonar som føresett eller kanskje endå betre. Det tilseier at produksjonstapet ved å ha låge tretal kan verta større enn det har vore før. Under føresetnad av at tilhøvet mellom tretal og middeldiameter held seg utover i omløpet er det rekna ut netto hogstinntekter per hektar for gran og furu for skog med opphav for 40-50 år sidan og skog med opphav for 100 år sidan. Desse utrekningane tyder på at det økonomisk optimale tretalet har forskuva seg i retning av tettare skog. Dette underbygger at på mykje av skogarealet skulle ein kunna plante så tett som tilrådd i ny standard for plantetal og drive tynningsfritt. På bærlyngmark kan det tenkast at dette er for høge tretal, særleg på tørrare stader i låglandet. For dei rikaste vegetasjonstypane i låglandet er det truleg at tretala bør vera endå høgare for å oppnå optimal produksjon og god nok virkeskvalitet. Dette er bygd på data der me ikkje har kjennskap til tidlegare skogbehandling og totalproduksjon, og det bør skaffast til vege betre kunnskap frå dei beste og svakaste markene i låglandet, samt for fjellskogen som no ser ut til å vekse betre enn låglandsskogen gjorde før. Den viktigaste konklusjonen er at dersom ikkje bestandsalderen er svært mykje feil så må boniteten for mesteparten av skogsmarka vera ein til fleire klasser over kva som er fastsett i tidlegare skogbruksplanar og i offisielle tal frå Landsskogtakseringa. Det skulle i så fall gjeva grunnlag for eit mykje meir produktivt og lønsamt skogbruk.
Sambandet mellom tretal og grunnflate vart også undersøkt i furuskog og jamført mot interpolerte verdiar frå Brantseg (1969) sin tabell for utynna skog. Som i gran synte det seg at yngre skog har større grunnflate ved gjeve tretal, men auken i grunnflate synes å vera like stor over heile spennet av tretal og bestandstettleik. Dette skulle tilsei at utgangstettleiken i furu bør haldast vel så høg som før, dersom målet er å produsere virke av høg kvalitet.