Dette er QA
- Hjem
- Prosjektmidler
- Prosjekter og resultater
- Verknad av hjortebeiting i plantefelt og ung produksjonsskog av gran og furu
Verknad av hjortebeiting i plantefelt og ung produksjonsskog av gran og furu
Prosjektfakta
Prosjektnummer | |
Prosjektleder | Samson Øpstad |
Prosjekteier | Anders Nielsen, ved start Knut Anders Hovstad |
Samarbeidspartnere | |
Prosjektperiode | 2016 - 2021 |
Ordning | Utviklingsfondet for skogbruket |
Prosjekttype | |
Midlene er innvilget av | Utviklingsfondet for skogbruket, og ei rekkje andre finansieringskjelder |
Innvilget | Kr. 2 024 000 |
Resultatrapport | NIBIO Rapport Vol. 8 Nr. 39 2022 (PDF) |
-
Hovudmål
Å bidra til kunnskap om faktorar som påverkar beiteskadar av hjort i foryngingsfelt- og ung produksjonsskogav gran og furu.
Delmål
- Kartleggja omfang av beiteskadar av hjort i utvalde foryngingsfelt- og i ung produksjonsskog (hogstklasse 3 og 4) av gran og furu på Vestlandet
- Vurdering av økonomiske tap grunna beiteskadar av hjort i foryngingsfelt og ung produksjonsskog av gran og furu
- Med grunnlag i kva som er funne i delmål 1 og 2 koma med forslag til tiltak som kan betra situasjonen
- Formidla resultat frå undersøkinga til viltforvaltinga, både offentleg og privat viltforvalting, og til landbruk og ålmenta
-
Omtale av arbeidet som er utført
Føremålet med dette prosjektet var å gjera registreringar i foryngingsfelt- og produksjonsskog av gran og furu, for å finna omfang av ulike former for beiteskade av hjort. Feltregistreringa vart gjort i 26 utvalde kommunar frå Suldal (Rogaland) i sør til Agdenes (Trøndelag). Registreringane vart gjort som prøveflateregistreringar etter på førehand gjevne kriterium i område der det er forventa å vera hjort. Feltregistreringa gjev eit statusgrunnlag for situasjonen med omsyn til beiteskade av hjort i foryngingsfelt av gran og furu i hogstklasse 2 (hkl. 2) og borkgnag i produksjonsskog i hkl. 3 og 4. Utplukking av lokalitetar vart gjort med grunnlag i skogbruksplanar. Utfordringar med å finna veleigna foryngingsfelt i fleire av kommunane for registrering, mellom anna grunna låg foryngingsgrad av hogstfelt og felt av varierande kvalitet, gjorde at datatilfanget på dette punktet i fleire kommunar ikkje vart så omfattande som planlagt i hkl. 2. Tal bestand for produksjonsskog (hkl. 3 og 4) i gran er større enn tal bestand i foryngingsfelt av gran og furu. Det er difor eit sikrare grunnlag i analyse av borkgnag i gran i hkl. 3 og 4 enn i analysen av beiteskade i gran og furu i hkl.2.
Det vart gjort registreringar i totalt 666 bestand, høvesvis 109 bestand i furu og 557 bestand i gran. I furu vart det gjort registrering i høvesvis 52 bestand i hkl. 2 og 57 bestand i hkl. 3. I gran vart det gjort registrering i høvesvis 87 bestand i hkl. 2, 198 bestand i hkl. 3 og 272 bestand i hkl. 4.
Omtale av kva prosjektet har funne
Det vart gjort registreringar på til saman 22798 tre, av desse hadde 4486 ein eller fleire skader. I foryngingsfelt var det skade i 87 % av furubestanda og i 82 % av granbestanda. I hkl. 3 var det registrert skade i 32 % av furubestanda. I gran var det registrert skade i 74 % av bestanda i hkl. 3 og
4. Feltregistreringane syner at beiteskader av hjort i foryngingsfelt (hkl. 2) er omfattande, i gjennomsnitt var 34 % av trea i gran og 23 % av trea i furu sk0tbeita. I gran var det lite omfang av borkgnag i hkl. 2 (4 %). I furu var skotbeiting òg av størst skadeomfang, men det var monaleg omfang av borkgnag (11 %) når furu har nådd litt høgde og det framleis er glatt bork (glansbork). Beiteskade av hjort er årsak til utgang av planter og deformasjon, og at tretalet av framtidstre vert underoptimalt.Skotbeiting i gran i hkl. 2 var mest omfattande på planter/tre i Rogaland (berre ein kommune, Suldal 40 %) og med om lag likt omfang i Hordaland (35 %) og i Møre og Romsdal (37 %). I Sogn og Fjordane var det i dei undersøkte kommunane registrert mindre skotbeiting, i gjennomsnitt 5 %.
Det skal merkast at det i Sogn og Fjordane var fleire utgåtte/ringe plantefelt der det ikkje vart gjort registreringar då årsaksgrunnar ikkje var råd å fastslå. Felta som er med i datamaterialet vårt har eit relativt godt tal levande tre pr dekar. Det til saman gjer at dei økonomiske analysane våre ikkje er representative for hogstklasse 2 i dei områda i fylket som er med i granskinga.Skotbeiting i furu i hkl. 2 vart det registrert størst førekomst av i Hordaland og Sør-Trøndelag (28
%), i dei andre fylka hadde meir varierande og i gjennomsnitt mindre omfang av skotbeiting, Møre og Romsdal 16 % og Sogn og Fjordane 6 %.Talmateriale stilt til rådvelde frå dei fire siste takstrundane i Landsskogtakseringa viser at omfanget av beiteskade av hjortevilt i gran og furu i hkl. 2 i prosent av arealet har auka frå 2002 til 2017. Registrert areal med beiteskade auka mest i furu.
For heile materialet i hkl. 3 var 18 % av grantrea skada av borkgnag, og 2 % av furu. Furu i hkl. 3 har byrjande utvikling av skjelbork, og er då mindre utsett for borkgnag. I hkl. 4 var 18 % av grantrea skada av borkgnag. Omfanget av borkgnag i hkl. 3 og 4 i gran var størst i Hordaland (26 % skadde tre) og Møre og Romsdal (20 % skadde tre), i dei andre fylka lågare omfang, høvesvis 14 % og 15 % i Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag, og 9 % i Rogaland (Suldal). Borkgnag om vinteren utgjer det aller meste. Sommargnag utgjer berre ein liten del. Feieskade av hjort utgjer berre 1 %, og er berre i ein del område og nokså lokalt avgrensa. Alle undersøkte skogbestand låg under 400 m.o.h., og 75 % av bestanda låg under 200 m.o.h. Skogbestand mellom 200-400 m.o.h. er representert i alle kommunane unnateke i Os og Tingvoll.
Dei tilhøva som ved statistisk analyse vart funne å ha sterkast innverknad på borkgnag i gran i hkl. 3 og 4 i prosjektet er: bonitet, kvistmengd, avstand mellom kvistkransar, alder på bestand, avstand til veg, avstand til dyrka areal, terrenghelling og hellingsretning, og bestandstettleik av hjort (gjennomsnittleg tal felte dyr pr. 10 km2 pr kommune for åra 2016-2019). Sannsyn for borkgnag var større på bonitet G 23 og G 26 enn på G 17 og G 20. Sannsyn for borkgnag avtek med aukande kvistmengd på trea. Sannsyn for borkgnag var større i bestand som var 40 år eller yngre. Sannsyn for borkgnag aukar med aukande avstand til veg, og aukar di nærare skogbestanda var til dyrka areal. Sannsyn for skade var større i granbestand med hellingsgrad ≤10 %, men det var ein viss skilnad mellom himmelretningane. Det var størst reduksjon i sannsynet for skade dersom auken i "bratt terreng" er i sørleg retning og minst dersom auken er i nordleg retning. Sannsyn for skade auka ved auka bestandstettleik av hjort.
Borkskade i furu i hkl. 3 er større på gode bonitetar jamført med bonitet ≤ F 11. Av di det var under 3 % av trea som hadde skade vart det ikkje analysert kva faktorar som kan vera med å forklåra sannsyn for skade.
Sannsyn for beiteskade på gran i hkl. 2 auka på gode bonitetar (G 23 og G 26), med aukande storleik på bestandet, og med aukande høgd over havet. Omfanget av beiteskade auka di lenger plantefeltet med gran var lokalisert frå veg, og auka di nærare plantefeltet var dyrka grasareal. Sannsyn for skade var større i granbestand med hellingsgrad ≤10 %, men det var ein viss skilnad mellom himmelretningane. Det var størst reduksjon i sannsynet for skade dersom auken i "bratt terreng" er i sørleg retning og minst dersom auken er i austleg retning.
Sannsyn for beiteskade på furu i hkl.2 auka med aukande avstand til veg (2,7 % pr 100 m). Sannsynet for skade minka med auka storleik på furubestandet, men auka svakt med auka tretal. Sannsyn for skade i bestand som vende mot sør var større enn i dei andre retningane.
For foryngingsfelt i gran (hkl. 2) på Vestlandet og i Sør-Trøndelag varierte det estimerte gjennomsnittlege verditapet etter beiteskade av hjort mellom 33 og 46 prosent, eller mellom 1166 og 1650 kr pr. dekar, for høvesvis 10- og 100 prosent avgang av skadde tre. For foryngingsfelt i furu varierte det estimerte verditapet mellom 15 og 27 prosent, men verditapet i kr pr. dekar var lågare for furubestanda og varierte mellom 165 og 308 kr pr dekar for høvesvis 10 og 100 prosent avgang av skadde planter/tre.
For produksjonsskog i gran (hkl. 3 og 4) på Vestlandet og i Sør-Trøndelag varierte det estimerte gjennomsnittlege verditapet etter borkgnag mellom 9 og 18 prosent, eller mellom 738 og 1556kr pr. dekar, for høvesvis 10- og 100 prosent avgang av skadde tre. Verditapet etter borkgnag i gran i hkl. 3 og 4 var større på høge bonitetsklassar (G 23 og G 26) enn på lågare bonitetsklassar. Ved 25 prosent avgang av skadde tre varierte verditapet mellom 515 og 1715 kr pr. dekar, lågaste verdi for G 17 og høgste verdi for G 26. I ung produksjonsskog av furu (hkl.3) er skadeomfanget av borkgnag vesentleg mindre enn i gran då furua gradvis går over frå å ha glatt stammebork til ru skjelbork. Estimert gjennomsnittleg verditap varierte mellom 1 og 2 prosent. Tilliks med verditap av borkgnag i gran i hkl. 3 og 4 er det i furu i hkl. 3 betydelege skilnader mellom regionar, og lokalt innanfor region.
Beiteskade i eng har samanheng med avstand til skog og med alder på enga. Beitepresset og reduksjon i avling er størst i ung eng der hjorten beiter frå seinsommar/haust gjennom vinteren til våren då hjorten søkjer tilhald i utmark.
Bestanden av hjort har om lag dobla seg sidan årtusenskiftet, og veksten etter 2015 har sannsynleg vore større enn gjennomsnittet i perioden. Skadepresset av hjort mot skog og innmark har i hjortetette område eit omfang som fører til stort tap i produksjon og inntekt. Det må setjast inn tiltak retta mot å redusera bestanden til berekraftig nivå definert ut frå fleire mål. Det er naudsynt at det samla jaktuttaket vert auka, og særleg at uttaket av kalv og hodyr (særleg kviger og unge- og små koller) aukar. Det må vera god samhandling mellom grunneigarstyrt- og offentleg viltforvalting.