I dag kan alle som ønskjer det nytte Debio sin portal for å søke etter Debio-godkjende verksemder og produkt. Databasen med informasjon om kven som har ei Debio-godkjenning er allereie utvikla og tilpassa for bruk i sertifiseringsprosessen. Med prosjektet ønskjer Debio-Info AS å vidareutvikle denne portalen for i større grad å synleggjere økologiske produsentar for innkjøparar lokalt og nasjonalt, og bidra til å auke omsetnaden og utnyttingsgraden av norsk økologisk mat. Ei viktig målsetting er å sikre kvalitet på data og statistikk, alt på ein stad, samt legge til rette for at mat som vert omsett som økologisk er økologisk godkjent. Tiltaket vil bidra til betre informasjonsflyt i verdikjedafor mat, inkludert forbrukarar, private som offentlege.
Tilbakemeldingar Debio har fått frå kundeundersøkingar viser at dei Debio-tilknytta verksemdene ønskjer digitale løysingar, og i 2022 har Debio lansert ein innloggingsfunksjon for alle Debio-godkjende verksemder. Dette bidrar til at deler av sertifiseringsprosessen og oppdateringar kan gå føre seg digitalt. Prosjektet skal vidareutvikle fagsystemet til ein meir open og brukarvenleg portal for forbrukar, som viser fram verksemdene i større grad enn dagens løysing. For å sikre utvikling av eit produkt som er etterspurt i marknaden, ønskjer vi å involvere breitt. Ei referansegruppe som representerer aktørar i heile verdikjeda er etablert for prosjektet.
Å utvikle ein portal med eit generisk uttrykk, som interessentar kan lenke til, vil vurderast i utviklinga. For dei Debio-godkjende verksemdene vil det vere frivillig kor stor detaljeringsgrad dei ønskjer skal vere synleg i fagsystemet. Detaljerte opplysningar som til dømes bilete av verksemda, lenke til nettside/some, oversikt over grønsakskulturar og informasjon om salskanalar vil det vere verksemda sjølv som avgjer. Kompleksiteten av innhaldet vil på denne måten regulerast av verksemda, og svare ut behova kvar enkelt verksemd har i samband med marknadstilgong.
Prosjektet har ei målsetting om å ha ein velfungerande portal ved prosjektavslutning. Vidare drift og vedlikehald av verktøyet vil implementerast i Debio si øvrige drift.