Frå akuttfase til opprydding

I den akutte fasen var skogentreprenørane sentrale i arbeidet med å rydda opp vindfall som ramma infrastruktur og kommunikasjon. No i oppryddingsfasen blir det viktig å redda tømmerverdiar før biller og andre insekt øydelegg tømmeret. Heile næringa må samarbeide for at oppryddingsarbeidet skal gå effektivt, slik at ein unngår oppblomstring av stor granborkbille i råka område i påfølgjande sommar.

Gjennom vinteren ligg det vindfelte virket trygt for insekt, og på grunn av låge temperaturar vil trevirket halde seg ferskt. Dette er eit tidsvindauge som kan utnyttast for å planleggje avverking og uttransport. Kjem det mykje snø, må arbeidet vente til våren, og ein kan få for lite tid til å unngå sverming av stor granborkbille. Heile skognæringa blir oppmoda til å tenkje gjennom korleis ein best kan bidra for å berge mest mogleg av det vindfelte tømmeret.

Yngleplass for stor granborkbille

I vindfelt granskog er det stor granborkbille som potensielt kan gjere vesentleg skade på skog som veks i nærleiken, viss borkbillene finn eigna plassar å formeire seg på og blir svært talrike.

Det finst forsikringsordningar mot skogskadar, og skogeigar kan forsikra seg mot tap og meirkostnader som følgje av stormskadar på skog. Skogeigarar som ikkje har slik forsikring må dekka tap og meirkostnader som følgje av stormskadane sjølv, slik også hovudregelen for all annan skade og forsikring fungerer.

Landbruksdirektoratet følger utviklinga

Landbruksdirektoratet vil halde løpande kontakt med statsforvaltarembete og skognæring i tida framover. Vi bruker tilbakemeldingane til kontinuerleg vurdering av behovet for verkemiddel.

Omfang

Skogbrand forsikringsselskap sitt anslag på skadeomfanget etter stormen 19. november 2021 og dei følgjande stormane vinteren 2021-2022, var på rundt 2,7 mill. m3 skog ved slutten av 2022.  

Her finn du lenke til Skogbrand forsikring si side om stormskadar.

Anbefalt prioriteringsliste for opprydding

Etter stormhendinga på Austlandet 19. november 2021 blei Landbruksdirektoratet bedd om å kome med innspel for prioritering av oppryddingsarbeidet. Tabellen under viser Landbruksdirektoratet sine tilrådingar etter råd og innspel fra entomologane ved NIBIO. Råda er baserte på Landbruksdirektoratet si vurdering av skadesituasjonen i desember 2021. Prioriteringslista vil også kunne nyttast ved seinare, store skadehendingar.

Anbefalt prioriteringsliste for opprydding etter stormen 19.nov
PrioritetTiltakMerknad til tiltaketGrad av visse
1Prioriter område med vindfelt gran framfor furudominerte områdeDet er berre granborkbilla (Ips typographus) som kan byggja opp angrep på ståande skog etter å ha oppformert seg i vindfall.Sikkert
2Prioriter område der store volum av eldre granskog (hkl. IV og V) er vindfelt.Prioriter høg og middels bonitet.Ganske sikkert
3Prioriter større skadeområde framfor enkelttre eller små grupper av treStore volum med vindfelt virke vil kunne gje størst oppformeiring av biller viss virket blir liggande, med fare for billeåtak på ståande skog.Ganske sikkert
4Prioriter vindfall i lågareliggjande områdeOppsummering frå 1970-talet viser at det var mest skader frå 0-400 moh.Ganske sikkert
5Prioriter soleksponerte/sørvendte li-siderSolutsette bestandskantar rundt hogstfelt er mest utsette for angrep, truleg fordi billene føretrekker varmare lokalitetar der trea kan vere meir stressa.Noko usikkert
6Prioriter område som hadde høge billefangster i borkbilleovervakinga i 2021Faren for massiv oppformeiring av billene med påfølgjande utbrot er størst der billene er mest talrike i utgangspunktet.

Uvissa skuldast at det berre finst 1-2 grupper av borkbillefeller per kommune og at fellefangstane blir påverka av mange ulike faktorar.
Noko usikkert

 

Spesielle omsyn (miljøverdiar, kantsoner og følgjeskadar)

Vindfelt skog i nøkkelbiotopar

Dersom det er vindfelt skog i nøkkelbiotopar, må skogeigar gjere ei avveging mellom skoghygiene og billefare opp mot dei miljøverdiane som skogeigar skal ivareta i desse områda. I tillegg vil vurdering av kva tiltak som er rette i den einskilde nøkkelbiotopen avhenge av skadeomfang og kva livsmiljø som ligg til grunn for nøkkelbiotopen. Skogeigar må ta kontakt med sertifikathaldar for ei vurdering av nøkkelbiotopen, før eventuell avverking.

Vindfelt skog i verneområde

Generelt er det ikkje ønskeleg med hogst i verna skogområde. Viss det skulle oppstå ein situasjon der hogst i verna område eller liknande vurderast, skal det sendast inn søknad til Statsforvaltaren. Sjå naturmangfaldlova Kap V, §§ 33-37. Sjå også Miljødirektoratet si infoside om forvaltning av verna natur.

Vindfelt skog i kantsoner langs vassdrag

Ved hogst i kantsoner mot vatn og vassdrag og mellom skog og anna mark, skal den økologiske funksjonen i kantsona ivaretakast, jf. forskrift om berekraftig skogbruk § 5, sjette ledd. Der det er nødvendig kan ein hogge for deretter å reetablere funksjonen i kantsona med omsyn til å motverke avrenning og å ivareta ein levestad for dyr. Statsforvaltaren skal ha søknad etter vassressurslova §11 dersom all trevegetasjon i kantsona skal fjernast.

Følgjeskader etter vindfall

Dersom vindfall utgjer ein fare for skade på andre eigedomar (inkludert personar og bygningar på eigedomane) kan grunneigaren ha ei naborettsleg plikt til å fjerne trea, jf. grannelova § 10, jf.§ 2.

Det avgjerande er om det, objektivt sett, vil vere forholdsmessig å krevje at grunneigar fjernar vindfall som kan utgjere ein fare, når kostnadene for dette tiltaket sest opp mot storleiken på faren. Proporsjonalitetskravet vil generelt vera oppfylt dersom det reduserte skadepotensialet er større enn kostnadene ved å hindra faren. Dersom det er fare for liv og helse skal det mykje til før grunneigar kan la vere å fjerna vindfall som utgjer ein fare.

Viss vindfallet ikkje blir fjerna, og det til dømes dannar seg ein propp i ei elv, som igjen fører til skade på andre eigedommar, kan grunneigar vere erstatningsansvarleg. Erstatningsansvaret kan etter omstenda tre inn på ulike grunnlag. Dette er privatrettslege problemstillingar, som i ytste konsekvens avgjerast i rettssystemet, ikkje av skogbruksstyresmaktene.

Naturskadeerstatning

Erstatning for stormskadd skog

Hovudregelen i naturskadeerstatningslova § 2 andre ledd er at det ikkje blir ytt naturskadeerstatning for skadar som ein kan forsikre seg mot i ei alminneleg forsikringsordning, som til dømes skogforsikring (Skogbrand).

I naturskadeerstatningsforskrifta § 19 finst ein unntaksregel. Den gjeld for skog som ikkje er økonomisk drivverdig, og gjeld berre etter pålegg frå skogbruksstyresmaktene om opprydding med heimel i lov om skogbruk § 10 eller forskrift om berekraftig skogbruk § 14. Vurderinga av kva som er økonomisk drivverdig skog blir gjennomført med utgangspunkt i skog som rett før stormen kunne vore avverka med salsverdi større enn vanlege utgifter til hogst og framdrift. Det blir ikkje ytt erstatning for skadar som skadelidaren får dekt av ei forsikring, jf. naturskadeerstatningslova § 2 andre ledd.

Fristen for å søkje om erstatning er tre månadar, jf. naturskadeerstatningsloven § 12, og løper frå tidspunktet for vedtak om pålegg.

Erstatning for skade på annet enn skog som følge av vindfall

Det er eit vilkår i naturskadeerstatningslova § 4 første ledd at skaden er ei direkte følgje av stormen. Det vil i utgangspunktet seie at indirekte skadar på anna enn skog, til dømes på veg, gjerde, bru o.a. som følgje av vindfall (direkte skade) ikkje er omfatta. I andre ledd finst likevel ein unntaksregel, som seier at det i særlege tilfelle kan ytast heil eller delvis erstatning for skadar som er såkalla «nærliggjande følgjer» av naturulykka. Det kan tenkjast at nokre tilfelle fell inn under denne unntaksregelen. Vi tilrår difor at ein søkjer viss ein er i tvil.

Generelt

Sjå Landbruksdirektoratets temaside om naturskadeerstatning

For meir informasjon om forsikring av skog mot stormskadar, sjå skogbrand.no

Den generelle grensa for å kunne søkje erstatning for stormskade er ein vindfart på 20,8 m/s. Om du har fått ein skade, men er usikker på kva vindstyrken var, rår me deg å søkje erstatning heller enn å la det vere. Det er skadar som er direkte forårsaka av sterk vind med fart over 20,8 m/s som blir dekte under naturskadeordninga.

Bruk av skogfond for å lette og sikre opprydding etter storm

Underskot ved uttak av stormfelt skog kan dekkjast med skogfond når det inngår som eit skadeførebyggjande tiltak, til dømes når tiltaket er tilrådd av skogstyresmaktene. På same måte gjeld dette dersom tiltaket/oppryddinga er nødvendig for å sikra ny forynging framover, jf. Forskrift om skogfond o.a. § 11 pkt 1.

Fagleg beredskapsplan for stor granborkbille beskriv aktuelle skadeførebyggjande tiltak mot stor granborkbille. Eit viktig førebyggjande tiltak er å ta ut vindfelt skog, før den skadde skogen blir yngleplass for borkbiller. Sjå også "Anbefalt prioriteringsliste for opprydding", lengre opp på sida.

Tilskot til opprydding av vindfall

Retningsliner for tilskot til opprydding av vindfall etter stormen 19.11.2021 og tilsvarande hendingar deretter vinteren 2021/2022 blei utarbeidde etter stormen 19.november 2021. Retningslinene blei oppdaterte våren 2022 og blei sende til statsforvaltarane i råka fylke og til næringsorganisasjonane 28.06.2022.

Tilskotsordninga var søkbar for skogeigarar i gitte kommunar, og var berre gjeldande for kommunar som hadde vedteke retningslinene, slik dei låg føre for dei einskilde kommunane innanfor området som var råka av stormen.

Ordninga hadde som føremål og grunngjeving at ho skulle vere eit skadeførebyggjande tiltak og eit naudsynt tiltak for tilrettelegging for ny skogforynging. Retningslinene opna for to ulike tilskot, etter alder på den råka skogen, og eit tredje tilskot for taubanedrift og helikopterdrift.

 Dette som følger:

  1. Tilskot til opprydding av vindfelt skog i hogstklasse 4 og 5: Det kan ytast inntil 75 prosent tilskot på den delen av driftskostnaden som overstig 370 kr/m3 (fastmassekubikk) av rundvirke eller energivirke, med øvre avgrensing 100 kr/m3.
  2. Tilskot til opprydding av vindfelt skog i hogstklasse 3: Det kan ytast inntil 75 prosent tilskot på den delen av driftskostnaden som overstig 230 kr/m3 (fastmassekubikk) av rundvirke eller energivirke, med øvre avgrensing 100 kr/m3.
  3. Tilskot til taubanedrift og helikopterdrift: Det kan ytast eit tilskot på inntil 600 kr/m3 (fastmassekubikk) av rundvirke eller energivirke.
Ansvar og roller knytt til fare for flaum grunna vindfall i vassdrag

Ansvar

Mange aktørar har ansvar for å førebyggje flaumskadar. Det er nærmare omtalt i denne stortingsmeldinga: St. meld. 15 (2011-2012) Hvordan leve med farene.  

Enkeltindividet og eigar sitt ansvar

Alle innbyggjarar har eit ansvar for eigen tryggleik. Det kan gjelde generelt, ved å ta  forholdsreglar ved bruk av eigen eigedom, ved ferdsel i terrenget og ved annan aktivitet i område som kan være utsette for flaum eller skred. Tilsvarande ansvar ligg på alle som forvaltar eigedom, anten det er private eller offentlege føretak, kommunen eller staten. Det inneber også ansvar for aktivitet eller tiltak på eigen eigedom og eventuelle konsekvensar det kan ha på anna eigedom.

Dersom vindfall utgjer ein fare for skade på andre eigedomar (inkludert personar og bygningar på eigedomane) kan grunneigar ha grannerettsleg plikt til å fjerne trea, jf. naboloven § 10, jf.§ 2. I mellom anna grannelova og skadeerstatningslova er det gitt reglar om rettstilhøve mellom naboar og erstatningsansvar. Landbruksdirektoratet er likevel ikkje kjent med at det i rettspraksis ligg til grunn som ein alminneleg regel at grunneigarar må sikre utmarka si for å unngå skade på naboeigedom.

Vannressursloven § 12 slår fast at dersom eit vassdrag tar eit nytt løp, blir oppgrunna eller utdjupa, kan grunneigaren sjølv, andre eigarar i vassdraget eller vassdragsstyresmakta gjenopprette det gamle løpet utan konsesjon, så lenge det ikkje er til nemneverdig skade eller ulempe for nokre av allmenta sine interesser, mellom anna naturmangfald. Dette gjeld likevel ikkje i verna vassdrag, jf. vannressursloven § 35 nr. 3.

Kommunen sitt ansvar

Kommunen har dei naudsynte heimlar for å kunne gjennomføre sikringstiltak, jf.naturskadeloven §§ 20- 24. Kommunane har ansvaret for den lokale beredskapen, i medhald av sivilbeskyttelsesloven. Kommunen har i tillegg ansvar som eigar av grunn, bygningsmasse og infrastruktur, som vegar, vatn- og avløpsanlegg mv.

Sivilbeskyttelsesloven kapittel V har reglar om kommunen si beredskapsplikt. Kommunane skal gjennomføre ein analyse av risiko og sårbarheit, og skal utarbeide ein beredskapsplan. Nærmare reglar er gitt i forskrift om kommunal beredskapsplikt, som skal bidra til å sikre at kommunen varetar befolkninga si tryggleik.

Statsforvaltaren sitt ansvar

Statsforvaltaren skal mellom anna samordne arbeidet med samfunnstryggleik i fylket og ivareta ei rolle som pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Statsforvaltaren fører også tilsyn med den kommunale beredskapen, med heimel i sivilbeskyttelsesloven. Statsforvaltaren har eit ansvar for å ha oversikt over risiko og sårbarheit i fylket, og å bidra til at spesielle utfordringar synleggjerast og vurderast i fylkeskommunal og kommunal planlegging

NVE sitt ansvar

NVE si oppgåve er i stor grad å hjelpe kommunar, fylkeskommunar og private i deira handtering av flaum- og skredrisiko. NVE samarbeider med alle aktørar med ansvar innanfor flaum- og skredforebygging. Dette arbeidet er i liten grad nedfelt i lov, men følgjer av den årlege tildelinga av oppgåver og ressursar til NVE.  NVE sine bistands- og tilskotsordningar for gjennomføring av sikringstiltak mot naturskadar er retta mot sikring av eksisterande bygningsmasse. Sikring av utmark eller jordbruksareal fell utanfor.

NVE er gitt mynde til å gripe inn i ekstreme faresituasjonar i vassdrag med pålegg til regulantar om ei bestemt manøvrering eller til sjølv å gjennomføre naudsynte tiltak for å redusere faren, jf. vannressursloven § 40.