Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Lærdal

Lærdal ligg inst i Sognefjorden og har til alle tider vore knutepunkt og ferdselsåre mellom Aust- og Vestlandet, både over Filefjell og Hemsedal.

 

Ferdselshistorie og jordbruksdrift frå yngre steinalder og bronsealder til notid pregar dette landskapet. Dalføret har godt lokalklima med lettdriven sandjord, og gode utmarksbeite. Det intensive, men allsidige landbruket spenner frå åker- og hagebruk til husdyrhald, og har dei seinare åra hatt hovudvekt på frukt og bær. Laksefiske i Lærdalselvi er òg ei tradisjonsrik næring. Gamle vegsystem, vatningsveitene og Borgund stavkyrkje, er historiske landemerke i dalføret. Her finst også gamle slåttemarker, naturbeitemarker, hagemarker, haustingsskog og vegkantar med eit stort artsmangfald, mellom anna sjeldne artar av lav, sopp og insekt. Lærdalen er ekskursjonsområde for ulike studiestader og fagmiljø. 

Utsyn over nedre del av det utvalgte området i Lærdal, sett oppover dalen. Lærdalselvi svinger seg gjennom jordbrukslandskapet. Foto Leif Hauge

Fakta

Fylke

Vestland 

Kommune

Lærdal

Landskapstype

Dallandskap med tydeleg U-dal og flat dalbotn prega av aktivt jordbruk, omgitt av steile fjell

Jordbruksregion

Fjordbygdene på Vestlandet og i Trøndelag

Areal

39 000 dekar, inkludert 19 000 dekarskog og utmark