Melde om utleige av jord
Gjeld melding om utleige av fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.
Kven skal melde
Eigar av eigedom med jordbruksareal som skal leigast bort, skal sende inn leigekontrakten til kommunen.
Om prosessen:
Før du melder
Kva du skal melde om
- Utleige av jordbruksareal med driveplikt
- Gjeld fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite
Kort om ordninga
- Driveplikt betyr at eigar av jordbruksareal må sørge for at jorda vert driven. Jorda skal drivast, slik at det er mogleg å produsere mat på arealet også i framtida. Det er ikkje krav om ei særskilt driftsform, men jorda bør haustast årleg.
- Eigar av jordbruksarealet har driveplikt. Er du eigar, må du – innan eitt år etter at du overtek eigedomen – bestemme om du vil drive jorda sjølv eller leige den bort. At du driv jorda sjølv, betyr mellom anna at du står personleg økonomisk ansvarleg for drifta.
- Viss du vel å leige bort jorda, må du vere merksam på at det er nokre reglar for korleis leigekontrakten må vere. Kommunen skal ha kopi av kontrakten for å kontrollere at den følgjer lova. Når du leigar bort jorda, er det framleis du som står ansvarleg for at jorda vert driven. Dette betyr at kommunen vil følgje opp brot på driveplikta overfor deg.
- Leigekontrakten må
- vare i minst 10 år om gangen
- vere skriftleg
- føre til driftsmessig gode løysingar
- Leigekontraktar ut over 10 år kan krevje delingssamtykke og konsesjonsbehandling.
- Eigaren kan velje å drive delar av eigedomen sjølv.
- Eigaren kan leige bort delar av arealet til éin leigetakar og ein annan del til ein annan leigetakar. Dette krev at det vert inngått leigekontrakt med kvar einskild leigetakar.
Du kan søkje om lemping av vilkåra
Jordlova opnar for at du kan søke om lemping av dei ovannemnte vilkåra for driveplikt. Mest vanleg er det å søke om lemping frå leigetida på minst 10 år, fordi mange eigarar og leigarar har behov for ein meir fleksibel avtale, til dømes om ein driv vekstskifte. Du kan ikkje søke om lemping av lovvilkåret om at leigekontrakten skal vere skriftleg.
Dette bør du førebu
Til meldinga skal du legge ved kopi av leigekontrakten. Søker du om lemping, må du legge ved eit skriv som forklarer kva slags vilkår søknaden gjeld, og kvifor du ønsker å lempe på vilkåret. Vi anbefaler at du har dette klart når du skriv meldinga.
Utfylling av melding
Skjema
Det finst ikkje eit eige skjema for å melde om utleige av jordbruksareal med driveplikt. For å melde, må du derfor sende eige brev.
Hugs å melde frå innan eitt år etter at du overtok landbrukseigedomen.
Meldinga skal innehalde
- kven som melder
- kva du melder om
- eventuell søknad om lemping av vilkåra for driveplikt
Sende melding
Send melding med vedlegg til kommunen der eigedomen ligg.
Behandling av meldinga
Mottak
Når kommunen har mottatt meldinga, gjer den ein sjekk av opplysningane i søknaden. Treng kommunen meir informasjon, kan den be om det.
Behandling
Kommunen tar stilling om leigekontrakten er i tråd med vilkåra for bortleige.
Vurderingskriterier:
- om avtalen gir ei god driftsmessig løysing
- tilhøvet mellom arealet som skal leigast bort og eventuelt areal leigetakaren driv frå før
Kontroll
Meldinga kan bli tatt ut til kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gi naudsynte opplysningar og legge til rette for at kommunen kan gjennomføre kontrollen. Kontroll kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar og utbetaling
Svar
Meiner kommunen at kontrakten ikkje oppfyller vilkåra, blir eigar og leigetakar orientert om dette. Eigar og leigetakar har då moglegheit til å gjere endringar i kontrakten, eventuelt ta stilling til om den skal hevast. Kontraktar som ikkje vert godkjent av kommunen, er ikkje gyldige. Viss eigar og leigetakar ønsker å oppretthalde ein avtale kommunen ikkje har godtatt, må det søkast om fritak frå driveplikta.
Tvangsgebyr
Viss kontrakten ikkje oppfyller vilkåra, og eigar ikkje gjer naudsynte endringar eller tiltak, kan kommunen pålegge eigar å betale tvangsgebyr.
Viktige datoar
Frist for å melde:
innan eitt år frå overtaking av landbrukseigedom
Treng du hjelp?
Kontakt kommunen din
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.