Søkje fritak frå driveplikt
Fritak frå driveplikt av eigedom med jordbruksareal. Gjeld fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.
Kven kan søkje?
Eigaren av eigedom med jordbruksareal har driveplikt. Dersom du ikkje skal drive jorda sjølv eller leige henne ut, må du søkje kommunen om fritak frå driveplikt.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje om
fritak for driveplikt gjennom heile eigartida
fritak for driveplikt ei viss tid
fritak heilt eller delvis frå reglane om oppfylling av driveplikt ved bortleige
Kort om ordninga
- Jordbruksareal er fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Dersom eigedommen har slikt areal, er det driveplikt på han, uansett kor stort arealet er. Driveplikta varer gjennom heile eigartida, frå du blir eigar og til du overdreg eigedommen til nokon andre.
- Det kan søkjast om fritak frå driveplikta. Ved avgjerda av ein fritakssøknad skal det leggjast vekt på kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd, storleiken på arealet, avkastningsevna og om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i området. Det skal også leggjast vekt på livssituasjonen til søkjaren.
- Dersom du leiger vekk jordbruksarealet ditt, er det nokre faste krav til leigeavtalen. Sjå ordninga Melde om utleige av jord for meir informasjon. Kommunen kan etter søknad lempe på krava til lengda på avtalen og at avtalen må innebere ei driftsmessig god løysing.
Utfylling av søknad
Skjema
Det finst ikkje eit eige skjema for å søkje om fritak frå driveplikt. For å søkje må du sende eit eige søknadsbrev i fritekst.
Søknaden bør innehalde
- kven som søkjer
- kva du søkjer om
- kva for ein eigedom søknaden gjeld
- kvifor du søkjer
- grunngjeving av kvifor du meiner søknaden bør innvilgast
Sende søknad
Send søknaden med eventuelle vedlegg til kommunen der eigedommen ligg.
Om du får stadfesting på søknaden du har sendt inn, er avhengig av rutinar hos kvar enkelt kommune. Ifølgje forvaltningslova skal kommunen sende deg vedtak, eller orientering om førebels saksbehandlingstid, innan 4 veker etter at dei har fått søknaden.
Behandling av søknaden
Mottak
Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.
Behandling
Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak.
Vurderingskriterium
- kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
- storleiken på arealet
- avkastningsevna
- om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i området
- livssituasjonen til søkjaren
Kontroll
Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar
Svar
Du får svar på søknaden i form av eit vedtaksbrev frå kommunen. Saksbehandlingstida i kommunen varierer, ta kontakt med kommunen din for å få svar på dette.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Kommunen gjer ei vurdering av klaga di og kan eventuelt kome til motsett konklusjon. Dersom kommunen held fast ved vedtaket sitt, sender dei klaga og saksdokumenta til statsforvaltaren for endeleg avgjerd i klagesaka.
Klagefrist: 3 veker.
Pålegg og tvangsgebyr
Om du ikkje får fritak, må du sjølv drive arealet eller leige det bort. Dersom du ikkje oppfyller dette, kan kommunen gje pålegg om at arealet skal leigast ut, skogplanting, stille ulike krav av omsyn til kulturlandskap eller via statsforvaltaren gje tvangsgebyr.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
kontinuerleg
Regelverk
Meir infromasjon
Treng du hjelp?
Kontakt kommunen din
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.