Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Søkje om deling av landbrukseigedom

Gjeld ved overdraging av delar av ein landbrukseigedom til nokon andre.

Kven kan søkje?

Eigaren av landbrukseigedommen kan søkje om deling av ein landbrukseigedom. Kjøparen av arealet kan også søkje der avtalen mellom seljar og kjøpar gjev rett til dette. Ein landbrukseigedom er ein utbygd eller ikkje utbygd eigedom som blir brukt eller kan brukast til jordbruk, skogbruk og hagebruk. (Ordningen har ikkje eige skjema, for å søkje må du skrive eit søknadsbrev).

Om prosessen:

Før du søkjer

Kort om ordninga

  • Deling av landbrukseigedommar kan ikkje gjerast utan godkjenning frå kommunen.
  • Gjeld også forpakting, tomtefeste og liknande leige eller bruksrett til del av eigedommen, når retten er stifta for lengre tid enn 10 år eller ikkje kan seiast opp av eigaren (utleigaren).
  • Dersom delinga krev søknad om omdisponering, må du få løyve til omdisponering først.
  • Løyve til deling kan du berre få dersom delinga bidreg til at arealressursane (jord, skog, bygningsmasse) blir brukt på ein måte som gjev ein tenleg, variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området. Det blir lagt særleg vekt på busetjing, arbeid og driftsmessige gode løysingar. Det er nok at delinga gjev ei god løysing, kommunen kan seie ja sjølv om det finst ei endå betre løysing.
  • Ein kan også få delingsløyve når dette kan bidra til å sikre busetjinga i område som er prega av fråflytting, sjølv om ein ikkje normalt ville fått løyve til deling av omsyn til vern av arealressursane.
  • Dersom du eig fleire matrikkelnummer eller sameigepartar, kan dei reknast som ein eigedom, når dei blir rekna som ei driftseining. Dette vil seie at du må søkje om deling for å selje dei kvar for seg. Om fleire gards- og bruksnummer eller sameigepartar blir rekna som ei driftseining, er det statsforvaltaren som avgjer.

Les meir om deling av landbrukseigedom

Dette bør du førebu

Til søknaden skal du leggje ved kart eller skisse over grensene for dei aktuelle eigedommane, der arealet du ønskjer å frådele er avteikna. Vi tilrår at du har dette klart når du søkjer.

Utfylling av søknad

Søknadsbrev

Det finst ikkje eit eige skjema for å søkje om deling av landbrukseigedommar. For å søkje må du skrive eit søknadsbrev i fritekst til kommunen der eigedomen ligg.

Frist for å søkje: kontinuerleg.

Søknaden må innehalde

  • kven som søkjer og grunnopplysningar om eigedommen
  • totalarealet til eigedommen, inkludert kor mykje av dette som høvesvis er fulldyrka jord,
  • overflatedyrka jord / gjødsla beite, skog og anna areal
  • når eigedommane har fleire teigar, må det gå fram korleis teigane ligg i forhold til kvarandre
  • kva slags bygg som står på eigedommen, og tilstanden på bygningane
  • planstatus for området som er omfatta av søknaden
  • føremålet med frådelinga
  • eventuelle rettar som er knytte til eigedommen, og korleis dei skal fordelast mellom det frådelte arealet og den attverande eigedommen

I tillegg skal du leggje ved

  • kart der grensene for dei aktuelle eigedommane og det arealet du ønskjer å frådele, er avteikna
    • (dersom dette ikkje finst, lagar du ei skisse over eigedommen)

Sende søknad

Send søknaden med vedlegg til kommunen der eigedommen ligg, på e-post eller som brev i posten.

Om du får stadfesting på søknaden du har sendt inn, er avhengig av rutinar hos kvar enkelt kommune.

Betale gebyr

Når du søkjer om deling av ein landbrukseigedom, må du betale eit gebyr. Kor mykje du skal betale, er bestemt av kvar enkelt kommune. Spør kommunen dersom du lurer på storleik på gebyret. Du vil få ein faktura når søknaden er send inn.

Behandling av søknaden

Mottak

Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.

Behandling

Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar

Svar

Du får svar på søknaden i form av eit vedtaksbrev frå kommunen. Saksbehandlingstida i kommunen varierer, ta kontakt med kommunen din for å få svar på dette.

Klage

Du kan klage på vedtaket frå kommunen. Klaga sender du til kommunen. Kommunen gjer ei vurdering av klaga di. Dersom kommunen held fast ved vedtaket sitt, sender dei klaga og saksdokumenta til statsforvaltaren. Det er statsforvaltaren som gjer endeleg vedtak i klagesaka.

Klagefrist: 3 veker.

Dersom du får godkjent søknaden

Du må rekvirere deling av det arealet du har fått samtykke til frådeling for, innan 3 år. Dersom du ikkje gjer dette, fell samtykket til deling bort.

Viktige datoar

Frist for å søkje:

kontinuerleg

Treng du hjelp?

Kontakt kommunen din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk