Søkje om omdisponering av dyrka og dyrkbar jord
Gjeld søknad om å omdisponere heile eller delar av ein landbrukseigedom, til noko anna enn jordbruksproduksjon.
Kven kan søkje?
Eigaren av landbrukseigedommen kan søkje om deling av ein landbrukseigedom. Kjøparen av arealet kan også søkje der avtalen mellom seljar og kjøpar gjev rett til dette.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje om
Søknader om omdisponering gjeld som regel mindre areal som bustad- eller hyttetomt.
Som dyrka jord reknar vi fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Dyrkbar jord er areal som ved oppdyrking kan setjast i stand slik at dei vil halde krava til fulldyrka jord, og som held krava til klima og jordkvalitet for plantedyrking. Dette kan til dømes vere skogsmark, jorddekt fastmark og myr.
Det er ikkje kurant å få samtykke til omdisponering. Bakgrunnen for dette er mellom anna eit ønske om å ta vare på mest mogleg jordbruksareal med tanke på framtidig matproduksjon.
Omdisponering av jordbruksareal skal dessutan i størst mogleg grad følgje av kommunal plan.
Kort om ordninga
- Dyrka jord kan ikkje brukast til anna enn jordbruksproduksjon, utan samtykke.
- Dyrkbar jord må disponerast slik at det ikkje er til hinder for at arealet kan brukast til
- jordbruksproduksjon i framtida.
- Omdisponeringssamtykke blir berre gjeve i særlege tilfelle, etter ei samla vurdering.
- Omdisponering skal ta omsyn til godkjende planar etter plan- og bygningslova, drifts-
- eller miljømessige ulemper for landbruket i området, kulturlandskapet og om det gagnar samfunnet.
- Eit eventuelt løyve til omdisponering fell bort dersom arbeid for å bruke jorda til det
- aktuelle føremålet ikkje er sett i gang innan 3 år frå vedtaket er gjort.
- Departementet kan krevje at ulovlege anlegg eller byggverk blir fjerna.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du leggje ved kart eller skisse over eigedommane, der det arealet du ønskjer omdisponeringssamtykke til, er teikna inn. Vi tilrår at du har dette klart når du søkjer.
Utfylling av søknad
Søknadsbrev
Det finst ikkje eit eige skjema for å søkje om omdisponering av dyrka og dyrkbar jord. For å søkje må du sende eit skriftleg fritekstbrev.
Søknadsfrist: kontinuerleg.
Søknaden må innehalde
- kven som søkjer, og grunnopplysningar om eigedommen
- totalarealet til eigedommen, inkludert kor mykje av dette som høvesvis er fulldyrka jord, overflatedyrka jord / gjødsla beite, skog og anna areal
- når eigedommane har fleire teigar, må det gå fram korleis teigane ligg i forhold til kvarandre
- kva slags bygg som står på eigedommen
- planstatus for området som er omfatta av søknaden
- føremålet med omdisponeringa og kvifor du bør få samtykke
- eventuelle rettar som er knytte til eigedommen
I tillegg skal du leggje ved kart eller skisse for eigedommen, der arealet du ønskjer omdisponert, er teikna inn.
Sende søknad
Send søknaden med vedlegg til kommunen der eigedommen ligg, på e-post eller som brev i posten.
Stadfesting
Om du får stadfesting på søknaden du har sendt inn, er avhengig av rutinar hos kvar enkelt kommune. Dersom du ikkje får vedtak innan ein månad, skal kommunen orientere deg om saksbehandlingstida.
Behandling av søknaden
Mottak
Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.
Behandling
Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak.
Kontroll
Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar
Svar
Du får svar på søknaden i form av eit vedtaksbrev frå kommunen. Saksbehandlingstida i kommunen varierer, ta kontakt med kommunen din for å få svar på dette.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Dersom kommunen held fast ved vedtaket sitt, sender dei klaga med saksdokumenta til statsforvaltaren. Det er statsforvaltaren som behandlar klagesaka og gjer endeleg vedtak i klagesaka.
Klagefrist: 3 veker
Dersom du får dispensasjon
Du må setje i gang arbeid med å nytte jorda til det aktuelle føremålet innan tre år etter at du har fått dispensasjon. Om du ikkje gjer det, fell dispensasjonen til omdisponering bort.
Viktige datoar
Frist for å søkje:
kontinuerleg
Regelverk
Meir informasjon
Treng du hjelp?
Kontakt kommunen din
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.