- Melde frå om feil registrert driftssenter
Melde frå om feil registrert driftssenter
Her får du vite korleis du går fram dersom driftssenteret ditt er feil registrert i Landbruksregisteret til forvaltninga.
Kven skal melde
Du som er husdyrprodusent, er ansvarleg for at forvaltninga har korrekt informasjon om kvar driftssenteret (fjøsen/driftsbygningen) til føretaket ditt ligg.
Om prosessen:
Opplysningar om landbruksføretak blir registrerte i Landbruksregisteret. Alle føretak med husdyrproduksjon må sørgje for at driftssenteret er rett registrert med kartkoordinatar på den eigedommen og den fjøsen der den største del av omsetninga frå husdyrproduksjon i føretaket ligg.
Kva er registrert
Plasseringa av driftssenteret blir registrert med to opplysningar:
- Gards-, bruks- og festenummer til den eigedommen der den fjøsen som representerer driftssenteret til føretaket ligg, også kalla matrikkelnummer.
- Koordinatar som viser kvar driftsbygningen ligg på eigedommen. Du kan lese av koordinatane i Gardskartet på følgjande format: UTM-sone, Øst-koordinat og nord-koordinat.
Kva er eit driftssenter
For husdyrprodusentar er driftssenteret den driftsbygningen der husdyrproduksjonen går føre seg. Har du husdyrproduksjon i fleire driftsbygningar, er driftssenteret den bygningen som husar dyra som gjev grunnlag for størstedelen av omsetninga frå husdyrproduksjonen i føretaket på årsbasis.
Dersom husdyra oppheld seg i fleire ulike bygningar eller på fleire stader, skal driftssenteret vere på den bygningen der dyra er størstedelen av året. Ein støl som blir brukt berre delar av året, kan ikkje vere registrert som driftssenter.
Dersom husdyr blir flytta mellombels frå driftssenteret og til ein annan driftsbygning i inntil eitt år, skal ikkje registreringa av driftssenteret endrast.
Dersom du er ny husdyrprodusent og endå ikkje har omsetning frå husdyrproduksjon på årsbasis, skal driftssenteret leggjast på den bygningen du reknar med å få den største omsetninga frå, på varig basis. Viser dette seg å ikkje skje, kan du seie ifrå om endring av driftssenteret seinare.
Du må melde frå så raskt som mogleg når du forstår at driftssenteret til føretaket ditt er feil registrert. Vel ein av desse måtane å gjere det på:
- To gonger i året, 1.–15. mars og 1.–15. oktober, må husdyrprodusentar som søkjer om produksjonstilskot og avløysartilskot, aktivt stadfeste at driftssenteret til føretaket er rett registrert hos forvaltninga. Det gjer du i eigenerklæringa «Driftssenter for husdyrprodusent» i søknaden. Søknaden er førehandsutfylt med det gards- og bruksnummeret som driftssenteret til føretaket ditt er knytt til i Landbruksregisteret. Dersom denne informasjonen manglar i Landbruksregisteret, får du opp eit felt i søknaden der du skal skrive gards-, bruks- og festenummer til føretaket ditt.
- Resten av året kan du sende opplysningane om rett plassering av driftssenteret til Landbruksdirektoratet ved seksjon for forsking, velferds- og pristilskot på e-post postmottak@landbruksdirektoratet.no.
Slik finn du rette opplysningar
Slå opp i Gardskartet på det gards-, bruks- og festenummeret føretaket er knytt til i Landbruksregisteret. Det er den same eigedommen som er ført opp i søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot. Den raude prikken viser kva for ein bygning som er registrert som driftssenter for føretaket ditt.
- Dersom den raude prikken er plassert på den driftsbygningen du har størst omsetning frå husdyrproduksjon frå, er alt i orden og du treng ikkje kontakte oss.
- Dersom du ikkje ser ein raud prikk, kjem det av at driftssenterpunktet ikkje er registrert med koordinatar i Landbruksregisteret. Les av koordinatane til bygningen der driftssenteret skal vere, eller skildre kvar driftsbygningen ligg.
- Ser du at driftssenteret er registrert på feil bygning, må du opplyse Landbruksdirektoratet om kvar driftssenteret skal vere. Les av koordinatane til bygningen der driftssenteret skal vere, eller skildre kvar driftsbygningen ligg.

Slik melder du frå utanom søknad om produksjonstilskot
Det finst ikkje eit eige skjema for å melde frå om feil registrert driftssenter. I staden må du sende ein e-post.
I e-posten bør du opplyse om
- organisasjonsnummer, namn og kontaktinformasjon til føretaket
- gards-, bruks- og festenummer på eigedommen som driftsbygningen ligg på
- kva som er registrert feil – bygning og/eller eigedom
- kva som er korrekte opplysningar – UTM-sone, aust-koordinat (seks siffer), nord-koordinat (sju siffer) og kommentar, om nødvendig
Send e-posten til postmottak@landbruksdirektoratet.no.
Kvifor du må stadfeste at driftssenteret er rett registrert
Det er ditt ansvar å gje forvaltninga korrekte opplysningar om kvar driftssenteret ligg. Nokre av tilskota du som husdyrprodusent kan få, har ulike satsar i ulike geografiske område. Du som er mjølkeprodusent eller leverer dyr til slakt, må sjå til at driftssenteret er registrert på rett driftsbygning slik at rett sone blir brukt ved utbetaling av distriktstilskot frå meieri og slakteri.
Opplysningane blir brukte til å
- avgjere kva for ein kommune som skal behandle søknaden om produksjonstilskot frå føretaket
- finne sone for tilskot som gjeld for driftstilskot til mjølkeproduksjon, driftstilskot til spesialisert storfekjøtproduksjon og tilskot for husdyr. Alle inngår i produksjonstilskota
- finne sone for distriktstilskot for kjøt og mjølk som blir utbetalt saman med oppgjer frå slakteri og meieri
Dersom endring av driftssenter for eit føretak gjev grunnlag for utbetaling av distriktstilskot etter ei anna sone, vil dette gjelde for høvesvis kjøt- og mjølkeleveransar som er leverte frå den 1. i den påfølgjande månaden. Dette føreset at føretaket har meldt frå om kvar rett registrering av driftssenteret er, innan den 15. månaden før.
For kjøt og mjølk levert etter den 1. i den påfølgjande månaden, og som kan få distriktstilskot etter ei anna sone: Dersom føretaket får betalt ut for mykje tilskot fordi slakteri eller meieri har betalt ut tilskot etter feil sone, må føretaket betale tilbake dei pengane det ikkje har rett på. Dersom føretaket får betalt ut for lite tilskot fordi slakteri eller meieri har betalt ut tilskot etter feil sone, kan ikkje føretaket krevje å få dette etterbetalt.
Døme
1 Jordbrukaren har gjeve opplysningar om rett plassering av driftssenteret i søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot innan fristen 15. mars. Etter at Landbruksdirektoratet har oppdatert driftssenteret i Landbruksregisteret, viser det seg at føretaket ligg i ei anna sone for distriktstilskot for mjølk. For mjølk levert etter 31. mars skal føretaket få utbetalt tilskot etter sats for den nye sona.
2 Føretaket har sendt opplysningar til Landbruksdirektoratet i ein e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no 20. juni. For slakt levert etter 31. juli skal føretaket få utbetalt tilskot etter satsen for den den nye sona.
Soneplassering for distriktstilskot for kjøt og mjølk
Føretaket får tilskot etter den sona som driftssenteret til føretaket er plassert i. I sonekart for distriktstilskot for kjøt og mjølk kan du finne ut kva for ei kjøt- eller mjølkesone føretaket ligg i, basert på plasseringa av driftssenteret.
Slik går du fram for å finne sone i sonekartet
- Vel fylke og kommune.
- Vel soneflate kjøt eller mjølk for å finne ut kva for ei sone for distriktstilskot føretaket ditt ligg i etter plasseringa av driftssenteret.
- Skriv inn gards-, bruks- og eventuelt festenummer som du finn på søknaden om produksjonstilskot, og trykk på «Søk driftssenter». Eller skriv inn organisasjonsnummeret i føretaket i feltet for dette.
- Forstørr kartet for å kunne sjå bygningar ved å bruke «+» i kartet.
- Rett sone finn du ved å samanlikne farge i kart med teiknforklaring til høgre.
Når du melder frå om at driftssenteret er registrert på feil bygning eller feil eigedom, er det Landbruksdirektoratet som følgjer opp dette i Landbruksregisteret. Du får melding frå oss på e-post når registreringa av driftssenteret ditt er oppdatert.
Merk! Første gong driftssenteret til føretaket ditt blir registrert i Landbruksregisteret, er det vanlegvis landbrukskontoret i kommunen der driftssenteret ligg, som registrerer driftssenteret.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
kontinuerleg