Rapportere matsvinn i grøntsektoren for jordbruksføretak
Gjeld jordbruksføretak som skal registrere og rapportere matsvinn.
Kven skal rapportere
Jordbruksføretak i grøntsektoren skal registrere og rapportere matsvinn.
Om prosessen:
Før du rapporterer
Kva du skal rapportere
Du skal registrere og rapportere matsvinn som oppstår på garden ved produksjon av:
- veksthusgrønsaker: agurk, tomat
- lagringsgrønsaker: gulrot, kepalauk, matkålrot, vinterkål
- sommargrønsaker: blomkål, isbergsalat
- frukt: eple
- bær: jordbær, bringebær
- poteter: poteter
Definisjon av matsvinn
Matsvinndefinisjonen som blir lagd til grunn for rapporteringa, er frå bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn. «Matsvinn omfattar alle nyttbare delar av mat produsert for menneske, men som anten blir kasta eller tekne ut av matkjeda til andre føremål enn menneskeføde, frå tidspunktet når dyr og planter er slakta eller hausta. Som følgje av denne definisjonen blir det rekna som matsvinn når nyttbare delar av mat produsert for menneske endar som mellom anna dyrefôr.»
Kort om ordninga
- Det er signert ein bransjeavtale om å redusere matsvinnet i Noreg. Denne avtalen er signert av mellom andre Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
- Den norske bransjeavtalen har som mål å redusere matsvinnet i Noreg med 50 prosent innan 2030. Dette skal reknast ut for heile matkjeda.
- Partane i avtalen forpliktar seg til å redusere matsvinn og å rapportere inn matsvinnstatistikk.
- Landbruksdirektoratet samanstiller statistikk for jordbrukssektoren.
- Første år for måling og statistikk er 2020. Dette rapporterer du inn på nyåret 2021.
Kva du bør førebu
Du som jordbruksføretak må sjølv sørgje for å registrere og lagre opplysningar om matsvinn gjennom året, slik at du kan rapportere dette i etterkant av kalenderåret. Dette gjeld dei produkta som er nemnde ovanfor.
Utfylling av rapport
Skjema
Du skal rapportere matsvinnet gjennom den årlege hagebruksundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) og/eller potet- og grovfôravlingar. Frå og med rapporteringa for 2020 (som skjer på nyåret 2021) er det nokre nye tilleggsspørsmål om matsvinn.
Rapporteringsfrist: Statistisk sentralbyrå fastset fristen.
Gå til skjemaet via Altinn for å rapportere. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn.
Dette skal du rapportere
Dersom du produserer eitt eller fleire av produkta som er omfatta av ordninga, blir du beden om å rapportere
- mengd hausta vare (dette er alt som er hausta, både det som går vidare i verdikjeda som mat, og det som blir matsvinn ved at det blir sortert ut med meir)
- mengd matsvinn på garden
Mengda matsvinn skal vidare fordelast på ulike bruksområde (som prosentdelar), alt etter om det går til
- dyrefôr
- kompost
- biobrensel
- grøngjødsel
- anna
Ordninga gjeld desse produkta:
- veksthusgrønsaker: agurk, tomat
- lagringsgrønsaker: gulrot, kepalauk, matkålrot, vinterkål
- sommargrønsaker: blomkål, isbergsalat
- frukt: eple
- bær: jordbær, bringebær
- poteter: poteter
Sende rapport
Når du registrerer opplysningane i Altinn, blir rapporten send til Statistisk sentralbyrå automatisk.
Behandling og bruk
Behandling
Opplysningar om matsvinn frå kvart enkelt jordbruksføretak blir samanstilte for grøntsektoren og for heile jordbrukssektoren. Desse samanstilte tala vil bli publiserte kvart år av Landbruksdirektoratet. Dataa inngår også i hovudrapporteringane for 2020, 2025 og 2030 i Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn.
Kva opplysningane blir brukte til
Statistikkgrunnlag frå ulike ledd i matkjeda gjev informasjon om omfang og årsaker til matsvinn og blir mellom anna brukt som grunnlag for å vurdere tiltak for å redusere matsvinnet. Gjennom hovudrapporteringane vil ein kunne sjå om matkjeda som heilskap, og dei ulike ledda, når måla om reduksjon av matsvinn.
Viktige datoar
Rapporteringsfrist:
Statistisk sentralbyrå fastset fristen.
Treng du hjelp?
Dersom du har praktiske spørsmål eller treng rettleiing, kan du ta kontakt med Norsk Landbruksrådgivning (NLR).