Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Tilskot til drenering av jordbruksjord

Gjeld tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal og planerte areal.

Kven kan søkje?

Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidlegare er grøfta, kan søkje om tilskot. Vi kan også gje tilskot til eigaren av eit jordbruksareal som blir leigd ut. For planerte areal kan vi i tillegg gje tilskot til areal som ikkje tidlegare er grøfta.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje tilskot til

Systematisk grøfting

Drenering med ein bestemt intensitet (avstand mellom grøftene) som dekkjer eit bestemt areal, tilstrekkeleg til å sikre ein tilfredsstillande dreneringstilstand på arealet.

Profilering

Overflateforming der eit system av opne grøfter med møneforma teigar mellom grøftene sikrar overflateavrenning av arealet.

Omgraving

Omsnuing av jordprofilet på myrareal, slik at torvjord blir lagd under og eit lag av undergrunnsjord blir lagt på toppen. Omgraving skal drenere arealet og betre bereevna.

Anna grøfting (usystematisk)

Usystematisk og tilfeldig grøfting/drenering for å tørrleggje mindre parti på jordet.

Avskjeringsgrøfting

Grøftinga skal bidra til å hindre vassig frå overforliggjande areal inn på jordbruksarealet.

Kort om ordninga

  • Føremålet med ordninga er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord ved å gje tilskot til drenering av dårleg drenert jord med potensial for auka matproduksjon og å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.
  • Det kan gjevast tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal. Planerte areal er unnatekne frå vilkåret om at arealet tidlegare skal vere grøfta.
  • Ved nydyrking med planering kan ein ikkje få tilskot til drenering, fordi dreneringa er ein del av nydyrkingsarbeidet. 
  • Ein kan ikkje få tilskot dersom tiltaket fører til vesentleg skade for ein annan eigedom og naturmangfald, vesentleg fare for flaum og vassforureining eller fare for skade på automatisk freda kulturminne.
  • Ein kan heller ikkje få tilskot dersom tiltaket er starta opp før tilskotet er innvilga.
  • Tiltaket må gjennomførast innan tre år frå søknaden blei innvilga.

Dette bør du førebu

Til søknaden skal du leggje med kart med grøfteskisse og andre relevante vedlegg. Vi tilrår at du startar med dette i god tid før søknadsfristen.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til skjemaet Tilskot til drenering av jordbruksjordvia Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.      

Hugs å sjekke søknadsfristen i din kommune. 

I skjemaet skal du

  • svare på spørsmål om tidlegare drenering og planering 
  • skildre behovet for drenering og arbeidet som skal gjennomførast 
  • velje tiltak du planlegg å gjennomføre 
  • skrive kven som skal utføre dreneringa 
  • føre opp den planlagde anleggsperioden og gje eit overslag over total kostnad for materialar og arbeid 
  • svare på spørsmål om kulturminne, naturmangfald og avrenning 

Du må laste opp kart med grøfteskisse (obligatorisk). Kartet skal vise omriss av arealet som skal drenerast, plassering av hovudavløp, kummar og samle- og sugegrøfter. Søkjaren skal også merkje av område med erosjonsproblem eller tydeleg overflateavrenning, verdifulle landskapselement, naturmangfald og arkeologiske kulturminne i kartet.  

I tillegg kan det vere aktuelt at du mellom anna lastar opp følgjande vedlegg (ikkje obligatoriske)

  • avtale med eigaren om å gjennomføre tiltaket
  • dokumentasjon av tidlegare drenering eller planering
  • detaljert kostnadsoverslag

Sjå instruksjonsfilm som steg for steg viser deg korleis du skal fylle ut den digitale søknaden

Førebels utrekning

I søknaden kan du få ei førebels utrekning av tilskotet.

Sende søknad

Når du trykkjer på «Send inn» i søknadsskjemaet, blir søknaden send til kommunen automatisk.

Du får stadfesting på at søknaden er registrert, i søknadsskjemaet og i «Min meldingsboks» i Altinn. Dersom du søkjer som privatperson, får du kvittering i Digipost/e-post eller i vanleg post.

Satsar

Tilskot til drenering av jordbruksjord, avgrensa til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjer 4 000 kroner per dekar. Ved anna grøfting kan ein få 61 kroner per lengdemeter grøft avgrensa oppover til 4 000 kroner per dekar.

Behandling av søknaden

Mottak

Kommunen tek imot søknaden og kontrollerer opplysningane du har sendt inn. Ved behov for meir informasjon blir du beden om å ettersende dette.

Dersom søknaden inneheld feil eller manglar, kan han bli avvist. Søknader som blir sende etter fristen, blir avviste.

Behandling

Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak.

Faglege prioriteringar

Tiltak der dreneringa både gjev auka jordbruksproduksjon og redusert fare for vassforureining, vil bli prioriterte.

Påverka kulturminne

Dersom dreneringstiltaket kan påverke automatisk freda kulturminne, vil også den regionale kulturminnestyresmakta vurdere søknaden. Kommunen hentar då inn fråsegn frå kulturminneforvaltninga.

Arkeologisk registrering

I enkelte saker kan det vere nødvendig med ei arkeologisk registrering før kulturminneforvaltninga kan uttale seg endeleg. Dersom arealet du søkjer om tilskot til, utgjer mindre enn 100 dekar, dekkjer staten alle utgifter til arkeologiske undersøkingar.

Brosjyren «Hva skjuler seg i JORDA? Spor etter forhistoriske hus og graver i dyrka mark», som Riksantikvaren gav ut i 2014, gjev råd om spor du kan sjå etter ved jordarbeiding, drenering og anna. Han informerer også om kva du skal gjere ved arkeologiske funn i jorda. Kontakt gjerne Riksantikvaren for å få tilsendt brosjyren: postmottak@ra.no.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i «Min meldingsboks» i Altinn og varsel på mobil og e-post som du har registrert under kontaktinformasjon i søknaden. Dersom det blir endringar i kontaktinformasjon, skal du endre dette i Altinn.

Du skal melde oppstart av dreneringsarbeidet

Du skal melde frå til kommunen når du startar dreneringsarbeidet, slik at kommunen kan føre tilsyn med arbeidet.

Plikt til å varsle om freda kulturminne

Dersom automatisk freda kulturminne blir oppdaga medan tiltaket er i gang, må fylkeskommunen/Sametinget varslast med ein gong. Arbeidet må også stansast dersom tiltaket kan øydeleggje kulturminnet ved at det blir skadd, dekt til, flytta eller på annan måte skjemt ut.

Gje melding om avslutta grøfting før jordarbeiding blir sett i gang

For at kommunen skal kunne kontrollere tiltaket, må du sende melding om avslutta grøfting til kommunen før du set i gang med jordarbeiding.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.  
    
Klagefrist: tre veker.  

Klagebehandling: normalt innan tre månader.

Utbetaling

Kommunen betalar ut det innvilga tilskotet når tiltaket er utført og dokumentasjonen for tiltaket er godkjend. Kommunen kan også utbetale tilskot på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som du utfører delar av tiltaket.

Slik får du utbetalt tilskot

For å få betalt ut tilskot, må du skriftleg sende ein førespurnad om det. Gå til skjemaet «Tilskudd til drenering av jordbruksjord» via Altinn for å be om utbetaling av tilskot. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn.  Dette må du gjere innan den fastsette fristen for å gjennomføre tiltaket og rapportere.

Du må dokumentere arbeidet som er gjort. Grøftekart som er i samsvar med krav til slike kart i vedtaksbrevet er nødvendig dokumentasjon. I tillegg skal du leggje ved rapporteringsskjema frå Landbruksdirektoratet når du ber om å få utbetalt tilskot. Her skal du mellom anna registrere summen av kostnader til materialar og arbeid.

Aktuell tilleggsdokumentasjon kan til dømes vere (ikkje obligatorisk)

  • faktura frå entreprenør eller andre aktørar
  • kvitteringar for innkjøp av røyr og anna materiell

Du skal laste opp rapport, grøftekart og eventuell tilleggsdokumentasjon.

Frist for å sende rapport: står i svaret du får om søknaden.

Melde endringar i tiltaket

Tilskotet er knytt til det tiltaket du har søkt om, og det arealet du har stadfesta i kartet som er lagt ved søknaden.

Dersom du ønskjer å endre tiltaket eller plasseringa av grøftearealet, må du melde frå til kommunen om dette. Kommunen avgjer om endringane kan godkjennast.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.    

Dersom tiltaket ikkje blir gjennomført innan fristen, mistar du retten til tilskotet.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

kommunen fastset søknadsfrist

Treng du hjelp?

Kontakt din kommune

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk