Middel til innovasjonsprosjekt i næringslivet innan jordbruks- og matforsking (FFL/JA)
Gjeld middel til innovasjonsprosjekt i heile verdikjeda frå primærledd til industri- og forbrukarledd.
Husk Søknadsfristen
Kven kan søkje?
Søkjaren må vere ei bedrift som er registrert i det norske føretaksregisteret og har økonomisk aktivitet i Noreg. Offentlege føretak som driv verksemd av industriell eller forretningsmessig karakter, kan også stå som søkjar. Søkjaren vil vere prosjektansvarleg ved kontraktsinngåing med Forskingsrådet. Enkeltpersonføretak og forskingsorganisasjonar kan ikkje vere søkjar.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje middel til
Du kan søkje middel til innovasjonsprosjekt i næringslivet. Gjeld bedriftsleidd prosjekt med omfattande innhald av forskings- og utviklingsaktivitetar (FoU).
Forskingsprosjekter som har fått middel
- Nye og pågåande prosjekt kan du søkje opp i prosjektbanken til Forskingsrådet. Merk at informasjon om prosjekta først blir lagd ut når kontrakten er underskriven.
Slik lastar du ned prosjektoversikter frå prosjektbanken til Forskingsrådet:
- Trykk på ei av lenkjene som er merkt «Prosjektbanken».
- Vel fana «SE STATISTIKKEN»
- Nedst på denne sida trykkjer du på «EXCEL»
- Vel visingstypen «Prosjektliste» og skriv inn kor mange prosjekt du vil ha med. Dei nyaste ligg øvst.
Kort om ordninga
- Innovasjonsprosjekt er ein type forskingsprosjekt og ein søknadstype som blir brukt av Forskingsrådet. Eit innovasjonsprosjekt i næringslivet er eit bedriftsleidd prosjekt med omfattande innhald av forskings- og utviklingsaktivitetar (FoU).
- Innovasjonsprosjekt skal gje eit vesentleg bidrag til fornying og auka verdiskaping for bedriftene som tek del i prosjektet, og gje samfunnsøkonomiske gevinstar ved at ny kunnskap og nye løysingar blir tilgjengelege innanfor dei biobaserte næringane, medrekna jordbruk og matindustri.
- Vilkår for tildeling finn du i utlysinga på nettsidene til Forskingsrådet og i eit eventuelt vedtaksbrev.
- Bedrifter kan søkje om inntil 50 prosent støtte av dei budsjetterte prosjektkostnadene sine.
Dette bør du førebu
Søknadsprosessen følgjer behandlingsprosessen til Forskingsrådet. Vi tilrår at du i god tid før søknadsfristen set deg inn i korleis du skal skrive søknad og setje opp budsjett.
Sjå også generelle krav til søknaden.
Finansieringskjelder
- Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL)
- FoU-middel over jordbruksavtalen (JA).
Utfylling av søknad
Skjema
Søknad skal opprettast og sendast inn via nettsidene til Forskingsrådet. Krava til ein søknad kan variere frå utlysing til utlysing. Les derfor nøye utlysingen med tilhøyrande informasjon, og rettleiingstekstane i søknadsskjemaet.
Sjå også generelle krav til søknaden.
Du kan opprette og sende inn søknad frå og med seks veker før søknadsfristen. Når midla blir lyste ut, blir det også lagt ut ei lenkje der det står «Opprett søknad».
Merk: Tidlegaste oppstart er da 1. januar 2026.
Behandling av søknaden
Mottak
Forskingsrådet tek imot søknaden og sjekkar opplysningane du har sendt inn. Søknader med feil eller manglar kan bli avviste.
Både brukaren som har oppretta og sendt inn søknadsskjemaet og e-postadressa som er ført opp på den prosjektansvarlege, får ei kvittering på e-post straks søknaden er motteken i Forskingsrådet. Søknaden får eit eige prosjektnummer.
Behandling
Søknaden blir behandla etter rutinane for prosjektvurdering frå Forskingsrådet. Fagekspertar vurderer søknadene ut frå bestemte kriterium.
Landbruksdirektoratet innstiller deretter søknadene til styra for forskingsmidlane for jordbruk og matindustri, som gjer endeleg prioritering og innvilgar søknadene.
Behandlingsprosedyren er nærare omtalt i utlysinga på nettsidene til Forskingsrådet.
Prioritering av søknader
Styra prioriterer søknader ut frå
- kvalitet
- relevans til utlysinga
- nytteverdi for landbruks- og matnæringa
Vidare blir søknadene prioriterte ut frå
- kunnskapsbehovet i næringa
- pågåande forsking
- produktgruppefordeling
Dette har bakgrunn i at forskingsprosjekta blir finansierte av næringa sjølv ved innbetaling av forskingsavgift på landbruksprodukt og overføringar over jordbruksavtalen. Bidraget frå dei ulike produktgruppene skal derfor speglast i prosjektporteføljen. Grunnlaget for prioritering av søknadene er nærare omtalt i utlysinga.
Svar og rapportering
Svar
Du får svar på søknaden gjennom «Min nettstad» hos Forskingsrådet. Forskingsrådet og Landbruksdirektoratet offentleggjer også tildelingar på nettsidene sine.
Når får du svar: kort tid etter styrebehandling.
Rapportering og utbetaling
Forskingsrådet administrerer og følgjer opp alle innvilga prosjekt. Dette inkluderer kontraktsinngåing, melding om endringar undervegs i prosjektet, rapportering og utbetaling av tilskot.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til styra for forskingsmidla for jordbruk og matindustri, via Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka dersom ikkje styra gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker etter at du har fått vedtaket.
Viktige datoar 2025
Utlysing:
19. mai
Søknadsfrist:
24. september
Når får du svar:
Kort tid etter styrebehandling 11. desember
Meir informasjon
Treng du hjelp?
Ta kontakt med Forskningsrådet.
Hos Landbruksdirektoratet kan du kontakte Heidi Engeset, Elin Brekke eller Tine Madeleine Jarli.