Middel til utgreiingar og forprosjekt for jordbruks- og matforsking (FFL/JA)
Gjeld middel til utgreiingar og forprosjekt i heile verdikjeda frå primærledd til industri- og forbrukarledd.
Hugs søknadsfristen
Kven kan søkje?
Organisasjonar og institusjonar som er registrerte i Einingsregisteret, kan søkje.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje middel til
Du kan søkje om midlar til utgreiingar og forprosjekt gjennom denne ordninga.
- Ei utgreiing skal belyse problemstillingar på eit gitt område, skissere og vurdere moglege tiltak, og dessutan peike på føresetnader for og konsekvensar av tilrådinga frå utgreiinga.
- Eit forprosjekt skal løyse forskingsutfordringar som er kritiske for å etablere og /eller gjennomføre eit forskings- eller innovasjonsprosjekt. Resultata av forprosjektet er nødvendig som grunnlag for det vidare prosjektet. Du bør beskrive eit mogleg forskingsprosjekt som forprosjektet er tenkt å leie til i søknaden.
Kort om ordninga
- Prosjektet skal dekkje viktige kunnskapsbehov og ha god brukarmedverknad.
- Utgreiingar og forprosjekt skal normalt vare i 1–2 år.
- Støttebeløpet er på inntil 750 000 kroner per prosjekt.
- Formidlingsplan for prosjektet skal inngå i søknaden. Dei som deltek i prosjektet, skal informere alle målgrupper i samsvar med formidlingsplanen.
- Finansieringskjelda «Forskingsmidla for jordbruk og matindustri» skal nemnast i all formidling. Logo kan lastast ned frå nettsida.
- Midlane dekkjer ikkje vitskapleg publisering.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du leggje ved ei prosjektskildring. Skriv på norsk, alternativt på engelsk. Samandraget skal vere på norsk. Vi tilrår å starte med utarbeiding av denne skildringa i god tid før søknadsfristen.
Det er ikkje eit krav om samarbeidspartnarar i prosjektet, men om de har dette, skal intensjons- eller samarbeidsavtale/-ar leggjast ved som ei stadfesting på avtalt samarbeid. I avtalen skal du skildre kva rolle samarbeidspartnarane har i prosjektet.
Utfylling av søknad
Skjema
Bruk FFL/JA sitt søknadsskjema i Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du må ha fått delegert rett tilgang i Altinn av organisasjonen din for å kunne fylle ut og sende inn søknad. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.
Saman med søknaden skal du leggje ved prosjektskildring og intensjonsavtale/-ar. Søkjaren er ansvarleg for å sende inn fullstendig søknad med relevante vedlegg innan søknadsfristen.
Søknadsskjemaet opnar normalt i juni
Søknadsfrist: normalt i september
Fleire frå same føretak som søkjer?
- Om det er fleire frå same føretak som skal søkje, er det nå mogeleg å registrere og jobbe med fleire søknadar samtidig. Vær merksom på at alle i føretaket som har tilgang til å sende søknad, også får tilgang til andre påbegynte eller innvilga søknader i samme ordning. Kontaktperson på søknadane visest tydeleg i søknadsoversikten til søkjer.
- Du kan lagre, endre eller slette søknader som ikkje er innsendt.
- Du kan ettersende dokumenter etter at søknaden er sendt inn.
Sende søknad
Når du har registrert og sendt søknaden i Altinn, går han automatisk til Landbruksdirektoratet.
Søkjaren er ansvarleg for å sende fullstendig søknad med relevante vedlegg innan den fastsette fristen.
Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden, blir det sendt ei stadfesting til innboksen til føretaket ditt i Altinn, med varsel på e-post og/eller SMS til kontaktpersonen for prosjektet.
Behandling av søknaden
Mottak
Sekretariatet for FFL/JA i Landbruksdirektoratet tek imot søknaden og sjekkar opplysningane du har sendt inn. Berre opplysningar som er sende innan fristen, blir tekne med i vurderinga.
Dersom søknaden inneheld feil eller manglar, kan han bli avvist.
Søknader som blir sende etter fristen, blir avviste.
Behandling
Sekretariatet for FFL/JA innstiller forslag til vedtak og førebur styrebehandling i styra for forskingsmidla for jordbruk og matindustri (FFL/JA). Styra gjer vedtak.
Grunnlag for prioritering av prosjekt
Styra prioriterer søknader ut frå relevans til utlysinga og nytteverdi for landbruks- og matnæringa. Vidare blir søknadene prioriterte ut frå kunnskapsbehovet i næringa, pågåande forsking og produktgruppefordeling. Dette har bakgrunn i at prosjekta blir finansierte av næringa sjølv ved innbetaling av forskingsavgift på landbruksprodukt og overføringar over jordbruksavtalen. Bidraget frå dei ulike produktgruppene skal difor speglast i prosjektporteføljen. Dette, i tillegg til den økonomiske ramma, dannar grunnlaget for at styra innvilgar søknaden.
Svar og rapportering
Svar
Svar på søknaden blir sendt til innboksen til føretaket ditt i Altinn, med varsel til kontaktperson. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn.
Ver merksam på at alle brev i saka blir sende til føretaket sin Altinn-innboks med varsel til kontaktperson på e-post og/eller SMS. Det er som oftast praktisk at prosjekteigaren i søknaden fører opp prosjektleiaren som kontaktperson. Dersom det blir endringar i opplysningar om kontaktperson, må du seie ifrå til sekretariatet for FFL/JA.
Når får du svar: kort tid etter styrebehandling.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til styra for forskingsmidla for jordbruk og matindustri, via Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klaga dersom styra ikkje gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker etter at du har fått vedtaket.
Utbetaling
Utbetalingar skjer etterskotsvis og kan gjerast inntil to gonger per år, basert på medgåtte og betalte utgifter etter godkjent budsjett for prosjektet. Du kan få delutbetaling på inntil 75 prosent når ein tilsvarande del av prosjektet er gjennomført. Sluttutbetaling blir betalt ut du når du har sendt inn sluttrapport og rekneskap for prosjektet.
Midla dekkjer ikkje ordinære drifts- og administrasjonskostnader. Det tildelte tilskotet inkluderer eventuell meirverdiavgift. Det vil seie at meirverdiavgift ikkje kan leggjast til ramma for tilskotet. Dersom kostnadene i prosjektet er mindre enn budsjettert, kan styra redusere tilskotet.
Ved behov kan Landbruksdirektoratet be om dokumentasjon som kopi av fakturaer, utskrift av hovudbok, reskontro og bankutskrifter.
Slik får du utbetalt pengane
For å få utbetalt pengane må du logge deg inn i søknadsskjemaet i Altinn og levere ei utbetalingsoppmoding.
Oppmoding om delutbetaling må innehalde oversikt over faktiske dokumenterte utgifter og ein kort statusrapport (½ side).
Ved førespurnad om sluttutbetaling skal du leggje ved sluttrapport og kopi av prosjektrekneskap frå rekneskapen til føretaket. Bruk FFL/JA sin mal for sluttrapport.
Melde frå om endringar
Dersom det blir forseinkingar eller endringar i prosjektet som påverkar økonomi eller måloppnåing, må du så snart som mogleg ta kontakt med sekretariatet for FFL/JA. Du må gjere greie for, og grunngje, endringar og eventuelt leggje fram oppdatert prosjektskildring og budsjett. Sekretariatet skal godkjenne forseinkingar eller endringar.
Sluttrapportering
Sluttrapport skal leverast innan fristen i vedtaket, og skal innehalde ei vurdering av om prosjektet har nådd måla i søknaden. Det er sluttrapporten som er vurderingsgrunnlaget for utbetaling av tilskot, og skal leverast på FFL/JA sin mal for sluttrapport. Om det er laga eigne publikasjonar, for eksempel populærvitskaplege rapportar i prosjektet, skal desse leverast som vedlegg på førespurnad om sluttutbetaling i tillegg til sluttrapporten. Sluttrapporten vert presentert for styra, saman med eventuelle andre rapportar som vedlegg.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Dersom kostnadene er mindre enn budsjettert, kan også tilskotet bli redusert. Dersom du ikkje sender sluttrapport, blir prosjektet rekna som avbrote og tilsegna fell bort.
Viktige datoar 2025
Utlysing:
Medio juni
Søknadsfrist:
1. oktober kl.13.00
Når får du svar:
kort tid etter styrebehandling 11. desember
Tilleggsutlysing:
Meir informasjon
Treng du hjelp?
Ta kontakt med Elin Brekke, Tine Madeleine Jarli eller Heidi Engeset i Landbruksdirektoratet.