Midlar til arktisk landbruk
Midlane til arktisk landbruk skal bidra til utvikling og auka utnytting av arktisk kvalitet som konkurransefortrinn for landbruket i nordområda.
Viktig informasjon, denne ordninga vil ikkje videreførast i 2023!
Frå 2023 kjem ordninga «Bærekraftig matproduksjon og verdiskaping i Nord-Norge», med ei ramme på 17 mill. kr.
Kven kan søkje
Næringsaktørar, forvaltning, forskings- og kunnskapsmiljø og organisasjonar i landbruket i Nord-Noreg, kan søkje.
Kva du kan søkje midlar til
Du kan søkje midlar til prosjekt som kan bidra til at regionale moglegheiter i arktisk landbruk utnyttast og vidareutviklast.
Det er landbruket i Nordland og Troms og Finnmark som er omfatta av ordninga. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har ansvaret for å koordinere forvaltninga av midlane opp mot Statsforvaltaren i Nordland, fylkeskommunar, næringsorganisasjonar og eventuelle andre aktørar i dei aktuelle områda.
Regjeringa har dobla løyvinga til arktisk landbruk frå 2 til 4 millionar kroner i siste jordbruksavtale, med sikte på ei treårig satsing. Målet er å auke matproduksjonen i nordnorsk landbruk med utfordrande klimaforhold.
Slik søkjer du
Du finn informasjon om ordninga, korleis du søkjer, søknadsfristar m.m., på nettsidene til Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.
Kontakt Statsforvaltaren i Troms og Finnmark
Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, rettar og plikter.
Landbruks- og matdepartementet
Har det nasjonale fagansvaret for denne ordninga.
Landbruksdirektoratet
Er driftsansvarlege for fagsystemet Agros, for søknadar, vedtaksbrev m.m.
Kontaktperson: Ann-Kathrin Billing