Middel til genressurstiltak
Gjeld middel til tiltak som bidreg til bevaring og berekraftig bruk av husdyr-, plante- og skogtregenetiske ressursar som har eller kan få innverknad for mat og landbruk i Noreg.
Husk Søknadsfristen
Kven kan søkje?
Næringsutøvarar, avls- og foredlingsinstitusjonar, utgreiings- og forskingsverksemder, fag- og interesseorganisasjonar m.m. kan søkje tilskot. Det blir ikkje gjeve støtte til bedriftsutvikling i enkeltføretak, med mindre resultata frå prosjektet vil ha ein tydeleg og stor overføringsverdi.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje midlar til
Du kan få tilskot til tidsavgrensa tiltak (prosjekt) og til drift av tiltak som er tidsuavgrensa (driftstilskot).
Du kan søkje midlar til
- tiltak som bidreg til å bevare bevaringsverdige husdyrrasar, kulturplanter og skogtre i Noreg, inkludert
- sikker drift
- utviding og etablering av genbankar
- klonarkiv
- in-situ-bevaring
- bevaringsbesetningar og andre bevaringseiningar etter inngåtte faglege samarbeidsavtalar med Norsk genressurssenter
- tiltak som bidreg til berekraftig bruk av genetiske ressursar, inkludert klimatilpassing og næringsutvikling basert på genetiske ressursar
- tiltak som bidreg til kartlegging, dokumentasjon, overvaking og karakterisering av genetiske ressursar
- tiltak som bidreg til formidling og kunnskapsutvikling om genetiske ressursar
Døme på tiltak som har fått midlar
Prosjektmidlar
- Avl på norske brunbier.
- Testing av grøntanleggsplanter for norske anlegg.
- Oppfølging og overvaking av eksisterande bevaringsområde for genressursar i skogtre.
- Inspirasjonsseminar om bevaringsverdige norske mjølkeferasar.
- Genomisk karakterisering av bevaringsverdige storferasar.
Driftsmidlar
- levande genbank for fjørfe
- klonarkiv for historiske hageplanter
- raselag for grå trøndersau
- bevaringsbesetning av norsk kvit gås
Kort om ordninga
- Ordninga skal bidra til bevaring og berekraftig bruk av husdyrgenetiske, plantegenetiske og skogtregenetiske ressursar som har eller kan få innverknad for mat og landbruk i Noreg.
- Du kan få tilskot til tidsavgrensa tiltak (prosjekt) og til drift av tiltak som er tidsuavgrensa (driftstilskot).
Prosjektmidlar
For prosjekt kan du få tilskot for inntil tre år, og tilskotet kan dekkje inntil 80 prosent av prosjektkostnadene.
Driftsmidlar
Driftstilskot blir normalt berre gjeve til søkjarar som har inngått fagleg samarbeidsavtale med Norsk genressurssenter.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du leggje ved ei prosjektskildring og eventuell intensjons- eller samarbeidsavtale med Norsk genressurssenter. Vi tilrår å starte med dette i god tid før søknadsfristen.
Finansieringskjelde
Midlane blir tildelte til Landbruksdirektoratet over statsbudsjettet.
Utfylling av søknad
Skjema
Gå til skjemaet Tilskot til genressurstiltak – husdyr, planter og skogtre i Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.
Hugs søknadsfristen 1. februar.
I skjemaet er det krav om at du skal du registrere
- organisasjonsnummer
- kontonummer (lenkje til korleis ein endrar dette i Altinn)
- om tilskotet skal brukast til prosjekt eller drift
- kontaktinformasjon
- skildre innhald i og forventa resultat av tiltaket
- totalkostnad og summen du søkjer om
- andre finansieringskjelder eller inntekter og eigeninnsats
Legg ved budsjett, finansieringsplan og framdriftsplan.
Søkjaren er ansvarleg for at fullstendig søknad med relevante vedlegg kjem inn til Landbruksdirektoratet innan fristen.
Ved søknad om prosjektmidlar skal du leggje ved prosjektskildring med finansieringsplan og framdriftsplan.
Ved søknad om driftsmidlar skal du leggje med driftsskildring med budsjett og finansieringsplan. Inngått fagleg samarbeidsavtale med Norsk Genressurssenter skal du leggje ved.
Sende søknad
Når du har registrert og sendt søknaden i Altinn, går han automatisk til Landbruksdirektoratet. Du får stadfesting på at søknaden er registrert i innboksen din i Altinn.
Behandling av søknaden
Mottak
Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Det er i utgangspunktet berre opplysningar som er sende innan fristen, som blir tekne med i vurderinga.
Dersom søknaden inneheld feil eller manglar, kan han bli avvist.
Søknader som blir sende etter fristen, blir som hovudregel avviste.
Behandling
Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak i saka.
Generell prioritering
- tiltak som bidreg til å nå nasjonale mål og sikre internasjonale forpliktingar
- tiltak som er i samsvar med fagleg samarbeidsavtale med Norsk genressurssenter
- tiltak med kostnader som står i rimeleg forhold til målet med tiltaket og den forventa effekten
- tiltak som inngår i målretta og langsiktig arbeid
- tiltak som når ut til fleire grupper av aktørar
Kontroll
Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Rapportering og utbetaling
Svar
Svar på søknaden blir sendt til innboksen din i Altinn. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.
Utbetaling av driftstilskot
Dersom du får driftstilskot, finn du informasjon om utbetaling i vedtaksbrevet som du får tilsendt som svar på søknaden.
Utbetaling av prosjektmidlar
Dersom du får tilskot til prosjekt, kan inntil 75 prosent delutbetalast etter prosjektrekneskap som viser budsjett og faktiske inntekter og utgifter.
Prosjektrekneskapen skal førast på ein måte som gjer det enkelt å samanlikne med budsjett og finansieringsplanen som er godkjend av Landbruksdirektoratet. Du må også opplyse om status for tiltaket og om arbeidet følgjer framdriftsplanen. Sluttutbetaling skjer du når du har sendt sluttrapport for prosjektet.
Slik får du utbetalt pengane
For å få pengar utbetalt må du sende ein skriftleg førespurnad gjennom Altinn.
Melde om endringar
Dersom det blir forseinkingar eller endringar i prosjektet som påverkar økonomi eller måloppnåing, må du så snart som mogleg gje skriftleg beskjed til Landbruksdirektoratet.
Du må gjere greie for, og grunngje, endringar og eventuelt leggje fram oppdatert prosjektskildring og budsjett. Landbruksdirektoratet skal godkjenne forseinkingar eller endringar.
Sluttrapport
Etter at tiltaket er sluttført, skal du lage ein sluttrapport som skildrar graden av måloppnåing. Rapporten sender du til Landbruksdirektoratet.
Frist for å sende sluttrapport: står i svaret du får om søknaden.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka dersom ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.
Tilbakebetaling
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling av det utbetalte tilskotet.
Viktige datoar
Utlysing:
1. desember
Søknadsfrist:
1. februar
Relevante skjema
Meir informasjon
- Nasjonal tiltaksplan for bevaring og bærekraftig bruk av genetiske ressurser (www.regjeringen.no)
- Nasjonal strategi for bevaring og bærekraftig bruk av genetiske ressurser for mat og landbruk (www.regjeringen.no)
- Norsk genressurssenter (www.nibio.no)
- Tilskudd til genressurstiltak - husdyr, planter og skogtrær - Årsrapport 2019-2020 (PDF)