Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Midlar til kompetanseutvikling i landbruket (KIL)

Gjeld midlar til utvikling av nasjonale kompetansetilbod som bidreg til kompetanseutvikling for yrkesutøvarar i landbruket.

Endringar i ordninga

Midlar til kompetanseutvikling i landbruket (KIL) er lagde under ordninga Nasjonale tilretteleggingsmidlar frå 2020 og blir ikkje lyste ut som eigne midlar.

For deg som har fått tildelt midlar før 2020

Utbetaling  

Utbetalingar er baserte på forbrukte og betalte utgifter, etter godkjent budsjett for prosjektet. Utbetaling kan gjerast to gonger i året.

Du kan få delutbetaling på inntil 75 prosent når ein tilsvarande del av prosjektet er gjennomført. Ved delutbetaling skal du sende inn ein kort statusrapport om prosjektet. Sluttbetalinga blir overført når sluttrapporten er send inn og ferdigbehandla.

Dersom kostnadene i prosjektet blir mindre enn budsjettert, vil tilskotet normalt bli avrekna med same prosentsats som det innvilga tilskotet.

Slik får du utbetalt pengane  

For å få pengar utbetalt må du sende inn ei utbetalingsoppmoding på e-post til Landbruksdirektoratet. Bruk malen for utbetalingsoppmoding og hugs å leggje ved statusrapport/sluttrapport og prosjektrekneskap.    

Utbetalingsoppmoding

Melde om endringar

Dersom det blir forseinkingar eller endringar i prosjektet som påverkar økonomi eller måloppnåing, må du så snart som mogleg gje skriftleg beskjed til Landbruksdirektoratet.

Du må gjere greie for, og grunngje, endringar og eventuelt leggje fram oppdatert prosjektskildring og budsjett. Landbruksdirektoratet skal godkjenne forseinkingar eller endringar.

Sluttrapport

Når tiltaket er sluttført, skal du sende ein sluttrapport som gjev ei vurdering av om prosjektet har nådd måla som er omtalte i søknaden. Bruk malen vår for sluttrapport. Rapporten sender du på e-post til Landbruksdirektoratet, saman med oppmoding om sluttutbetaling.

I tillegg skal du leggje ved prosjektrekneskap frå rekneskapen til føretaket som viser budsjett og faktiske utgifter. Rekneskapen skal førast slik at det enkelt kan samanliknast med godkjent budsjett og finansieringsplan. Rekneskapen skal vere attestert av den økonomiansvarlege hos verksemda som eig prosjektet. Ved behov kan vi be om meir dokumentasjon i form av revisorattestert rekneskap, kopi av faktura, utskrift av hovudbok, reskontro og bankutskrifter.

Frist for å sende sluttrapport: Så snart prosjektet er gjennomført og innan fristen i vedtaksbrevet.   

Mal for sluttrapport

Tilbakebetaling og avkorting      

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, sendt feil opplysningar eller gjort brot på vilkår for tilskot eller regelverk, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet. 

Viktige datoar

Frist for å gjennomføre:

innan fristen i vedtaksbrevet.

Frist for å sende sluttrapport:

Så snart prosjektet er gjennomført og innan fristen i vedtaksbrevet.

Treng du hjelp?

Ta kontakt med saksbehandlar Eline Kvamme Hagen i Landbruksdirektoratet.

Fant du det du lette etter?