Middel til klima- og miljøtiltak (KMP)
Gjeld middel til praktisk retta kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak som bidreg til å nå måla i Klima- og miljøprogrammet (KMP).
Husk Søknadsfristen
Kven kan søkje?
Alle som jobbar med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling, kan søkje om tilskot. Gjeld både utgreiings- og forskingsverksemder, fag- eller næringsorganisasjonar og andre føretak.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje midlar til
Du kan søkje midlar til praktisk retta
- kunnskapsutvikling
- utgreiingar
- informasjonstiltak
Det blir ikkje gitt tilskot til enkeltføretaks bedriftsutvikling, med mindre resultat frå prosjektet vil bli allment tilgjengelege, og har stor overføringsverdi for andre liknande verksemder.
Døme på prosjekt som fekk midlar i 2025:
- Eit mangfaldig jordbrukslandskap
- Analyse av organiske gjødselvarer - Ringtest for betre ressursbruk og mindre forureining
- Hydrologiske strategiar for optimalisering av funksjonen til fangdammar i eit endra klima
- Jordhelse i praksis
- Matvekster for auka diversitet og berekraft på økologiske gardar
Det blir normalt gjeve tilskot til 10–20 prosjekt årleg, med prosjektperiode frå eitt til tre år.
Gjennomsnittleg innvilga beløp dei siste tre åra er 1,3 millionar kroner.
Kort om ordninga
Les meir om Middel til nasjonale og regionale klima- og miljøtiltak (KMP)
- Prosjektet skal rette seg mot utfordringar som har interesse utover reine lokale eller regionale problemstillingar. Regionale prosjekt kan få tilskot dersom problemstillinga eller resultatet vil ha stor overføringsverdi.
- Prosjektet skal bidra til
- å oppnå mål for Klima- og miljøprogrammet (KMP)
- å sørgje for at eksisterande eller ny kunnskap raskt når ut til næringsutøvarar
- å oppdatere kunnskap for rådgjeving og forvaltning
- å informere om miljøinnsatsen i jordbruket til samfunnet elles
- Målgrupper for prosjektet kan vere næringsutøvande, rådgjeving, forvaltning eller allmenta.
- Du kan få midlar for inntil tre år og opptil 100 prosent av godkjent kostnadsoverslag.
- Midlar kan ikkje brukast til investeringar i driftsmidlar som varer ut over prosjektperioden, utan særskild godkjenning.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du leggje ved ei prosjektskildring og andre relevante vedlegg. Vi tilrår at du startar med dette i god tid før søknadsfristen.
Dersom du lastar ned malen for prosjektskildring, kan du jobbe med skildringa utanfor Altinn og laste henne opp saman med andre vedlegg når du skal sende søknaden.
Utfylling av søknad
Skjema
Logg inn på tenesta Klima- og miljøprogrammet (KMP) – tilskot til nasjonale prosjekt via Altinn for å registrere søknaden.
Generell rettleiing for innlogging og registrering av søknad
Prosjektskildringa som er vedlegg til søknaden, skal innehalde
- bakgrunn for prosjektet
- prosjektsamandrag
- mål for prosjektet og forventa resultat
- målgruppe og nytteverdiar
- tiltak og metode/arbeidsskildring
- plan for formidling av resultat
- framdriftsplan
- organisering og samarbeidspartnarar
- budsjett
- finansieringsplan
- risikovurdering
- andre relevante vedlegg
Ved behov kan du alternativt føre opp budsjettet i eit anna oppsett. Dette må du laste opp i eit eige vedlegg til søknaden, slik du gjer for andre relevante vedlegg til søknaden.
Sende søknad
Søkjaren er ansvarleg for å sende fullstendig søknad med relevante vedlegg innan den fastsette fristen.
Når du har registrert og sendt søknaden i Altinn, går han automatisk til Landbruksdirektoratet. Du finn kvittering for at søknaden er send inn, i innboksen til føretaket i Altinn.
Behandling av søknaden
Mottak
Landbruksdirektoratet tek imot søknaden og sjekkar opplysningane du har sendt inn. Ved behov for meir informasjon blir du beden om å ettersende dette.
Dersom søknaden inneheld feil eller manglar, kan han bli avvist.
Søknader som blir sende etter fristen, blir avviste.
Behandling
Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.
Faglege prioriteringar
Søknadene blir vurderte ut frå faglege prioriteringar innan kategoriane
- klimatilpassing
- klimagassutslepp
- naturmangfald og kulturminne i kulturlandskapet
- forureining til vatn, jord og luft
- jord
Søknader kan bli vurderte på tvers av kategoriar og opp mot andre omsøkte og innvilga prosjekt i landbrukssektoren.
Svar og utbetaling
Svar
Alle brev i saka vil gå til Altinn-innboksen til føretaket, med varsel på mobil og/eller e-post til kontaktpersonen for prosjektet. For tilskot til prosjektmidlar er det som oftast praktisk at prosjekteigaren i søknaden fører opp prosjektleiaren som kontaktperson.
Du må stadfeste
Dersom du får innvilga prosjektmidlar, må du innan 3 veker skriftleg stadfeste at du godtek vilkåra. Dette inneber også særskilde vilkår som Landbruksdirektoratet har stilt for prosjektet.
I dei tilfella der Landbruksdirektoratet gjev delvis støtte, kan du bli beden om å sende inn revidert prosjektskildring, budsjett og finansieringsplan.
Send stadfestinga til Landbruksdirektoratet på e-post postmottak@landbruksdirektoratet.no, med referanse til saksnummer.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka dersom ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Klagebehandling: normalt innan 3 månader.
Utbetaling
Inntil 75 prosent av pengane kan betalast ut etter kvart som prosjekteigaren kan dokumentere utgifter til godkjende tiltak og dei er godkjende av Landbruksdirektoratet. Dei resterande 25 prosentane kan først bli betalte ut når sluttrapport og rekneskap er godkjent. Unntaksvis kan det bli betalt ut akontobeløp som svarar til dei forventa utgiftene.
Ved behov kan Landbruksdirektoratet be om dokumentasjon som kopi av fakturaer, utskrift av hovudbok, reskontro og kontoutskrifter.
Slik får du utbetalt pengane
Logg inn på tenesta Klima- og miljøprogrammet (KMP) – tilskot til nasjonale prosjekt via Altinn, for å registrere ei utbetalingsoppmoding.
Ved oppmoding undervegs i prosjektperioden skal du laste opp ei oversikt over dei faktiske dokumenterte utgiftene og ein kort statusrapport (1/2 side). Det skal gå fram av statusrapporten om arbeidet er gjennomført i samsvar med planen, og du skal skildre eventuelle avvik frå planen.
Ved oppmoding etter avslutta prosjektperiode skal du laste opp sluttrekneskap og sluttrapport.
Du kan også laste opp aktuell tilleggsdokumentasjon. Det kan til dømes vere fagrapportar, publikasjonar og informasjonsmateriell frå prosjektet.
Det er nyttig å ha lasta ned rapporteringsmalen og gjort han klar, i tillegg til rekneskap, før du går inn i Altinn for å sluttrapportere.
Generell rettleiing for å be om utbetaling
Frist for å sende sluttrapport: står i svaret du får på søknaden.
Melde endringar i prosjektet
Dersom det blir forseinkingar eller endringar i prosjektet som påverkar økonomi resultatoppnåing, må du gje beskjed til Landbruksdirektoratet. Du må gjere gjere for, og grunngje, endringar og eventuelt leggje fram oppdatert prosjektskildring og budsjett. Landbruksdirektoratet avgjer om endringane kan godkjennast.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Dersom prosjektet ikkje blir gjennomført innan fristen, kan du ha mista retten til tilskotet.
Viktige datoar
Neste utlysing:
juli 2025
Søknadsfrist:
15. september
Treng du hjelp?
Ta kontakt med Martina Skjellerudsveen i Landbruksdirektoratet.