Middel til økologiske prosjekt
Gjeld midlar til prosjekt som bidreg til å løysa flaskehalsar i verdikjeda for produksjon og forbruk av økologiske produkt.
Hugs søknadsfristen
Kven kan søkje?
Organisasjonar og føretak kan søkje. For å søkje må føretaket du søkjer for, vere registrert i Einingsregisteret, og du må ha fått delegert rette tilgangar i Altinn av eigen organisasjon. Det blir ikkje gjeve middel til offentlege forvaltningsorgan og ikkje til bedriftsutvikling i enkeltføretak, med mindre resultatet frå prosjektet vil ha stor overføringsverdi for andre liknande verksemder.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje midlar til
Landbruksdirektoratet kan gje tilskot til utviklingstiltak innan økologisk landbruk til prosjekt i heile verdikjeda som har som mål å styrkje privat og offentleg forbruk, primærproduksjon, foredling og distribusjon.
Aktuelle tiltak kan vere
- informasjons- og kommunikasjonstiltak
- utgreiingar
- utvikling av distribusjonsløysingar
- produktutvikling
Døme på prosjekt som har fått midlar:
- opptrapping av arbeidet til Norsk Landbruksrådgiving innan økologisk landbruk
- utgreiingsarbeid i regi av regelverksutvalet for økologisk produksjon
- ØKOLØFT i landbruket med mål om å auke den norske produksjonen av økologiske landbruksvarer gjennom breitt samarbeid mellom sentrale aktørar i landbruket
- rettleiing om bruk av økologisk mat i storhushald gjennom Matvalet
- NOFIMA-prosjektet om økologisk produktutvikling
- partslandbruk som alternativ distribusjonskanal for kortreist økologisk mat
- meir økologisk korn gjennom betre jord- og plantehelse.
- open økologisk gard
Det blir normalt gjeve tilskot til 20–30 prosjekt årleg, med prosjektperiode frå eitt til tre år.
Kort om ordninga
Ordninga skal støtte opp om Nasjonal strategi for økologisk jordbruk gjennom å
- fremje kunnskap og kompetanse
- leggje til rette for økologisk produksjon
- bidra til utvikling av effektiv verdikjede
- (Målgrupper kan vere primærprodusentar, rådgjevarar, marknadsaktørar og forbrukarar.)
- Prosjektet skal rette seg mot utfordringar som har interesse utover reine lokale eller regionale problemstillingar. Regionale prosjekt kan få tilskot dersom problemstillinga eller resultatet vil ha stor overføringsverdi.
- For prosjekt som krev god forankring og involvering for å oppnå resultat, vil medfinansiering i form av eigne midlar og/eller midlar frå andre aktørar telje positivt.
- Du kan få midlar for inntil tre år med inntil 100 prosent av godkjent kostnadsoverslag.
- Midlar kan ikkje brukast til investeringar i driftsmidlar som varer ut over prosjektperioden, utan særskild godkjenning.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du leggje ved ei prosjektskildring og andre relevante vedlegg. Vi tilrår å starte med dette i god tid før søknadsfristen.
Dersom du lastar ned malen for prosjektskildring, kan du jobbe med skildringa utanfor Altinn og laste henne opp saman med andre vedlegg når du skal sende søknaden.
Utfylling av søknad
Skjema
Gå til skjemaet Økologisk landbruk – tilskot til nasjonale prosjekt via Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.
Merk! For å søkje via Altinn må du ha fått delegert tilgangen du treng, frå din eigen organisasjon.
Prosjektskildringa som er vedlegg til søknaden, skal innehalde
- bakgrunn for prosjektet
- prosjektsamandrag
- mål med prosjektet og forventa resultat
- målgruppe(r) og nytteverdi
- tiltak og metode/arbeidsskildring
- plan for informasjon og formidling av resultat
- framdriftsplan
- organisering og samarbeidspartnarar
- budsjett
- finansieringsplan
- risikovurdering av måloppnåing og eventuelt risikoreduserande tiltak
Ved behov kan du alternativt føre opp budsjettet i eit anna oppsett. Dette må du laste opp i eit eige vedlegg til søknaden, slik du gjer for andre relevante vedlegg til søknaden.
Bruk gjerne mal for prosjektskildring.
Sende søknad
Når du har registrert og sendt søknaden, går han automatisk til Landbruksdirektoratet. Som søkjar er du ansvarleg for å sende fullstendig søknad med relevante vedlegg innan den fastsette fristen.
Du finn kvittering for at søknaden er send inn, i innboksen til føretaket i Altinn.
Behandling av søknaden
Mottak
Landbruksdirektoratet tek imot søknaden og kontrollerer opplysningane du har sendt inn. Ved behov for meir informasjon blir du beden om å ettersende dette.
Dersom søknaden inneheld feil eller manglar, kan han bli avvist.
Søknader som blir sende etter fristen, blir avviste
Behandling
Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.
Faglege prioriteringar
Prioritering av tilskot til prosjekt er avhengig av satsingsområde og budsjettrammer som blir vedtekne ved årlege jordbruksoppgjer. Årlege utlysingar av tilskot til prosjekt vil bli innretta med utgangspunkt i Økologiprogrammet.
Søknader kan bli vurderte opp mot andre omsøkte og innvilga prosjekt i landbrukssektoren.
Svar, rapportering og utbetaling
Svar
Alle brev i saka vil gå til Altinn-innboksen til føretaket, med varsel på mobil og/eller e-post til kontaktpersonen for prosjektet. For tilskot til prosjektmidlar er det som oftast praktisk at prosjekteigaren i søknaden fører opp prosjektleiaren som kontaktperson.
Dersom det blir endringar i opplysningar om kontaktperson, skal du endre dette i Altinn.
Du må stadfeste
Dersom du får tilsegn om prosjektmidlar, må du innan 3 veker skriftleg stadfeste at du godtek vilkåra. Dette inneber også særskilde vilkår Landbruksdirektoratet har stilt for prosjektet.
I dei tilfella der Landbruksdirektoratet gjev delvis støtte, skal du sende inn revidert prosjektskildring, budsjett og finansieringsplan.
Send stadfestinga til Landbruksdirektoratet på e-post postmottak@landbruksdirektoratet.no, merkt med «Midlar til økologiske prosjekt» og referanse til saksnummeret.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka dersom ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Klagebehandling: normalt innan 3 månader.
Utbetaling
Inntil 75 prosent av tilskotet kan betalast ut etter kvart som prosjekteigaren kan dokumentere utgifter til godkjende tiltak og dei er godkjende av Landbruksdirektoratet. Dei resterande 25 prosentane av tilskotet kan først bli betalte ut etter at Landbruksdirektoratet har godkjent rekneskap og sluttrapport. Unntaksvis kan det bli betalt ut akontobeløp som svarar til dei forventa utgiftene.
Ved behov kan Landbruksdirektoratet be om dokumentasjon som kopi av fakturaer, utskrift av hovudbok, reskontro og kontoutskrifter.
Slik får du utbetalt tilskotet
For å få utbetalt tilskot må du sende ei utbetalingsoppmoding i Altinn.
Ved oppmoding undervegs i prosjektperioden skal du laste opp ei oversikt over dei faktiske dokumenterte utgiftene og ein kort statusrapport (1/2 side). Det skal gå fram av statusrapporten om arbeidet er gjennomført i samsvar med planen, og du skal skildre eventuelle avvik frå planen.
Sluttrapport
Ved oppmoding etter avslutta prosjektperiode skal du laste opp sluttrekneskap og sluttrapport.
Frist for å sende sluttrapport: står i svaret du får om søknaden.
Melde endringar i prosjektet
Dersom det blir forseinkingar eller endringar i prosjektet som påverkar økonomi resultatoppnåing, må du gje beskjed til Landbruksdirektoratet. Du må gjere gjere for, og grunngje, endringar og eventuelt leggje fram oppdatert prosjektskildring og budsjett. Landbruksdirektoratet avgjer om endringane kan godkjennast.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Dersom prosjektet ikkje blir gjennomført innan fristen, kan du ha mista retten til tilskotet.
Viktige datoar
Utlysing:
blir fastsett i juni
Søknadsfrist:
15. september
Når du får svar:
innan desember
Treng du hjelp?
Ta kontakt med Helge Vittersø eller Martina Skjellerudsveen i Landbruksdirektoratet