Denne siden eksisterer på bokmål
Midlar til regionale rekrutterings- og kompetansetiltak
Tilskotsordninga skal leggje til rette for regional rekruttering og kompetanseheving med mål om å styrkje verdiskapinga i landbruket.
Kven kan søkje
Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar som er registrerte i Einingsregisteret, kan søkje.
Kva du kan søkje midlar til
Du kan søkje midlar til tiltak som bidreg til rekruttering og kompetanseheving hos næringsutøvarar.
Slik søkjer du
Meir informasjon om tilskotsordninga, faglege prioriteringar, søknadsfristar, krav til søknad m.m. finn du på Regionalforvaltning.no eller nettsidene til fylkeskommunen. Søknader skal sendast til fylkeskommunen.
Har du generelle førespurnader om ordninga, ta kontak med Landbruksdirektoratet;
- Ann-Kathrin Billing, Telefon: 416 00 603.
- Tobias Høyvik, Telefon: 78 60 60 00