Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Nasjonale tilretteleggingsmiddel i landbruket (NT)

Til nasjonale tilretteleggingstiltak innan næringsutvikling, og kompetanseheving med mål om å styrkje verdiskapinga i landbruket.

Hugs søknadsfristen

Logg inn/skjema

Kven kan søkje?

Organisasjonar, forskings- og utviklingsinstitusjonar og føretak som er registrerte i Einingsregisteret, og fylkeskommunar og kommunar, kan søkje.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje midlar til

Du kan søkje midlar til tilretteleggingstiltak innanfor landbruksbasert næringsutvikling eller til utvikling og vidareutvikling av etter- og vidareutdanningstilbod innanfor landbruksnæringa. 

Med tilretteleggingstiltak meiner vi ulike former for utviklingsretta tiltak som har som føremål å mobilisere til auka verdiskaping i landbruket. Tiltaka vil variere innanfor dei to tilskotsområda for ordninga (næringsutvikling og kompetanseheving), og omfatte alt frå prosjekt og utgreiingar til utvikling av kurs m.m. Du må kunne vise til at tiltaka har nasjonal nytteverdi og bidreg til fellesskapsløysingar.  

Med nasjonal nytteverdi meiner vi at den typen kunnskap, produkt eller tenester som blir utvikla gjennom prosjektet, skal vere tilgjengeleg for relevante målgrupper i heile landet. Prosjekt som berre er tilgjengelege eller har nytteverdi for lokale eller regionale aktørar, blir ikkje støtta over denne ordninga. Slike prosjekt har høve til å søkje fylkeskommunen om regionale tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket (RT og RK-midlar).

Det blir ikkje gjeve driftsstøtte eller støtte til rein bedriftsutvikling. Det blir ikkje gjeve midlar til forskingsprosjekt, men kartleggingar og utgreiingar kan støttast.

Du kan få midlar til tiltak innan næringsutvikling og kompetanseheving i skogbruk, eller kombinasjonen jordbruk og skogbruk, på lik linje med andre tiltak. Det blir ikkje gjeve midlar til tiltak innan reindrift, med mindre det er i kombinasjonen jordbruk og reindrift. 

Du kan søke opp tidlegare innvilga NT-prosjekt i direktoratet sin «prosjektbank». Hugs å velje «Nasjonale tilretteleggingsmidler i landbruket (NT)» under ordning.

Kort om ordninga

  • Midla blir normalt lyste ut éin gong i året. 
  • Støttegrad: Landbruksdirektoratet kan gje tilskot på inntil 75 prosent av godkjende kostnadar i prosjektet. Regelverket om offentleg støtte vil kunne setje avgrensingar for støttegrad og tildeling.
  • Prosjektlengd: normalt 1–3 år.

Statsstøtteregelverk

Ved forvaltninga av nasjonale tilretteleggingsmidlar er Landbruksdirektoratet ansvarleg for at midlane blir tildelte i samsvar med regelverket om offentleg støtte, som følgjer av EØS-avtalen art. 61 (1).

Dersom regelverket gjeld for den aktuelle søknaden, vil tildelinga bli gjord i tråd med føresegnene om såkalla bagatellmessig støtte.

Vi ber derfor alle søkjarar om å fylle ut ei eigenerklæring om bagatellmessig støtte, og leggje denne ved søknaden. Bruk malen vår for eigenerklæring.

Kort om bagatellmessig støtte

Bagatellmessig støtte er av eit omfang som ikkje blir rekna for å påverke konkurransen eller handelen mellom EØS-landa og blir derfor ikkje definert som statsstøtte etter EØS-avtalen art. 61.

Bagatellmessig støtte er knytt til føretak og ikkje prosjekt. Føretak i denne samanhengen tyder alle aktørar som driv økonomisk aktivitet ved å tilby varer og/eller tenester i ein marknad. 

For kvar ny tildeling av bagatellmessig støtte er det nødvendig å fastsetje samla bagatellmessig støtte som er tildelt til føretaket i vedtaksåret og dei to føregåande rekneskapsåra. Alle søkjarar skal derfor leggje ved eit eigenerklæringsskjema som viser all bagatellmessig støtte som er innvilga i denne perioden. Vi gjer merksam på at det er innvilga støtte som er avgjerande uavhengig av når støtta faktisk har blitt utbetalt.

Ei verksemd kan ikkje ta imot meir enn 200 000 EUR i bagatellmessig støtte over ein periode på tre rekneskapsår.

Du kan lese meir om kva som blir rekna som bagatellmessig støtte, i malen for eigenerklæring og på nettsidene til Nærings- og fiskeridepartementet.

Dette bør du førebu

Til søknaden skal du leggje ved ei prosjektskildring. Vi tilrår å starte med utarbeiding av denne skildringa i god tid før søknadsfristen.

Mal for prosjektomtale (nynorsk)

Det er ikkje eit krav med samarbeid i prosjektet, men dersom de har med samarbeidspartnarar skal det leggjast ved intensjons- eller samarbeidsavtale/-ar som ei stadfesting på avtalt samarbeid. Samarabeidspartnarane si rolle i prosjektet og eigarskapen til resultat/produkt som utviklast i prosjektet skal gå fram av avtalen.

Mal for intensjonsavtale

Mal for eigenerklæringsskjema for bagatellmessig støtte

Finansieringskjelde

Blir tildelt over jordbruksavtalen.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til skjemaet «Nasjonale tilretteleggingsmidlar» i Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn. Søkjaren er ansvarleg for å sende inn fullstendig søknad med relevante vedlegg innan søknadsfristen.   

Du må ha fått delegert rett tilgang i Altinn av organisasjonen din for å kunne fylle ut og sende inn søknad.

Søknadsfrist: Sjå utlysinga for i år.     

I skjemaet skal du registrere

  • kontaktinformasjon og målform
  • prosjekttittel
  • prosjektperiode
  • prosjektsamandrag på norsk (maks 200 ord)
  • kostnadsoverslag og søknadsbeløp

I tillegg skal du leggje ved

  • prosjektskildring
  • eventuelle intensjons- eller samarbeidsavtalar (dersom det ikkje er inngått endeleg(e) samarbeidsavtale/-ar når du sender inn søknaden, skal dette ettersendast til Landbruksdirektoratet dersom prosjektet får innvilga støtte)
  • Eigenerklæringsskjema for bagatellmessig støtte. Sjå informasjon om statsstøtte under «Før du søkjer» og i mal for eigenerklæringsskjema.

Mal for eigenerklæringsskjema om bagatellmessig støtte

Mal for prosjektomtale (nynorsk)

Mal for intensjonsavtale 

Sende søknad

Når du har registrert og sendt søknaden i Altinn, går han automatisk til Landbruksdirektoratet.

Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden, blir det sendt ei stadfesting til innboksen til føretaket ditt i Altinn, med varsel på e-post og/eller SMS til kontaktpersonen for prosjektet.  

Fleire frå same føretak som søkjer?

Dersom det er fleire personar i føretaket ditt som skal søkje, må de registrere, fullføre og sende éin og éin søknad.

Behandling av søknaden

Mottak

Landbruksdirektoratet tek imot søknaden og sjekkar opplysningane du har sendt inn. Det er berre opplysningar som er sende innan fristen som blir tekne med i vurderinga.

Dersom søknaden inneheld feil eller manglar, kan han bli avvist.

Søknader som blir sende etter fristen, blir avviste.

Behandling

Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.

Vurderingskriterium

Landbruksdirektoratet prioriterar tiltak som:

  • svarar til tematiske/faglege føringar i utlysinga.
  • er av god kvalitet og svarar ut punkta i søknaden og prosjektomtalen på ein god måte. Det må kome tydeleg fram kva mål prosjektet har og korleis desse skal verte nådd. Dette inkluderar korleis prosjektet konkret skal verte gjennomført og kva det skal resultere i.
  • For søknadar om utvikling av kompetansetilbod bør det kome tydeleg fram kva læringsmål og læringsutbytet for deltakarane skal vere, kva form det ferdig utvikla kompetansetilbodet skal ha, og kven som skal eige og vidareføre tilbodet etter at prosjektet er ferdig.
  • har god forankring i landbruksnæringa. Det tel positivt dersom prosjektet har samarbeidspartnarar og høg grad av eigenfinansiering. 
  • kan vise relevansen for eit slikt tiltak i landbruksnæringa, og at prosjektet tilfører noko nytt utover allereie eksisterande tiltak og prosjekt.
  • fremjar kunnskap og utløyser aktivitet for landbruksnæringa som elles ikkje ville funne stad.
  • har konkrete planar for vidareføring/nyttiggjering av tiltaket etter at prosjektet er avslutta.
  • bidreg til å nå dei landbrukspolitiske måla.

I tillegg er vi opptekne av at det skal vere breidde i prosjektporteføljen når det gjeld tematikk, fagområde og nytteverdi for ulike næringar innanfor landbruket. Dette òg av omsyn til tidlegare innvilga prosjekt.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid. 

Svar og rapportering

Svar

Svar på søknaden blir sendt til innboksen til føretaket ditt i Altinn, med varsel til kontaktperson. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Difi.  

Ver merksam på at alle brev i saka blir sende til føretaket sin Altinn-innboks med varsel til kontaktperson på e-post og/eller SMS. Det er som oftast praktisk at prosjekteigaren i søknaden fører opp prosjektleiaren som kontaktperson. Dersom det blir endringar i opplysningar om kontaktperson, må du seie ifrå til Landbruksdirektoratet.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Send klaga til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka dersom ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.        

Klagefrist: 3 veker etter at du har fått vedtaket.    

Omtrentleg tid for klagebehandling: normalt innan 3 månader.

Utbetaling

Utbetalingar er baserte på forbrukte og betalte utgifter, etter godkjent budsjett for prosjektet. Utbetaling kan gjerast to gonger i året.

Du kan få delutbetaling på inntil 75 prosent når ein tilsvarande del av prosjektet er gjennomført. Sluttbetaling får du når du har sendt sluttrapport for prosjektet. 

Landbruksdirektoratet kan unntaksvis gje førehandsutbetaling av tilskotet («a konto-beløp») dersom du viser til eit tydeleg behov for dette. Førespurnadar om utbetaling av a konto-beløp må ta utgangspunkt i forventa utgifter for komande halvår. Landbruksdirektoratet betalar ikkje ut tilskotet på førehand dersom det totale tilskotet utgjer 100 000 kroner eller mindre. Vi betaler heller ikkje ut meir enn 500 000 kroner i éi førehandsutbetaling. Ta kontakt med sakshandsamar for meir informasjon om framgangsmåte for førehandsutbetaling.

Dersom kostnadene i prosjektet blir lågare enn budsjettert kan tilskotet bli redusert.

Slik får du utbetalt pengane

For å få utbetalt pengar må du logge deg inn via Altinn og levere ei utbetalingsoppmoding digitalt på den eksisterande saka.

Send utbetalingsoppmoding

Melde frå om endringar

Dersom tiltaket blir forseinka eller ikkje kan gjennomførast som føresett i vedtaket, må du så snart som mogleg ta kontakt med Landbruksdirektoratet. Du må gjere greie for og grunngje forseinkingar, og/eller endringar, og eventuelt leggje fram oppdatert prosjektskildring og budsjett. Landbruksdirektoratet skal godkjenne forseinkingar eller endringar.

Sluttrapport

Etter at tiltaket er sluttført, skal du levere ein sluttrapport for prosjektet. Rapporten skal sendast til Landbruksdirektoratet via digital løysing i Altinn, saman med oppmoding om sluttutbetaling. Bruk malen for sluttrapport frå Landbruksdirektoratet på bokmål eller på nynorsk.

I tillegg skal du leggje ved prosjektrekneskap frå rekneskapen til føretaket som viser budsjett og faktiske utgifter. Rekneskapen skal førast slik at det enkelt kan samanliknast med godkjent budsjett og finansieringsplan. Rekneskapen skal vere attestert av den økonomiansvarlege hos verksemda som eig prosjektet. Ved behov kan vi be om meir dokumentasjon i form av revisorattestert rekneskap, kopi av faktura, utskrift av hovudbok, reskontro og bankutskrifter.

Frist for å sende sluttrapport: Så snart prosjektet er gjennomført og innan fristen i vedtaksbrevet.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.

Viktige datoar

Neste utlysing:

Haust 2025

Søknadsfrist:

23. oktober 2025 kl. 13

Når du får svar:

normalt innan 8 veker etter søknadsfristen

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Tobias Høyvik i Landbruksdirektoratet.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk