Kvar kjem midla frå

Middel til å fremja hestesport, hestehald og avl kjem frå overskotet frå pengespel på hest. Det er Norsk Rikstoto som er einerettsaktør for pengespel på hest. Overskotet blir fordelt etter forskrift om fordeling av overskotet frå pengespel på hest. Landbruksdirektoratet fordeler 3 % av overskotet etter § 5 i forskrifta.

Resten av overskotet blir fordelt av Norsk Rikstoto til Det Norske Travselskap, Norsk Galopp og Norsk Hestesenter etter § 4 i forskrifta.

Kva midla skal brukast til

Formålet med støtteordninga er å fordela middel til prosjekt som har som mål å bidra til å fremja hestesport, hestehald og norsk hesteavl. Midla skal gå til ikkje-fortenestebaserte organisasjonar og formål, og skal bidra til å sikra betydninga av hesten og hestehaldet i Noreg.

Med ikkje-fortenestebasert organisasjon meiner ein organisasjonar som ikkje har overskot til formål, og som tilbakefører overskot til formålet med organisasjonen. Med omgrepet «ikkje-fortenestebasert» blir det sikta til aktivitetar som ikkje er eigna til å generera forteneste for dei som står bak aktivitetane. Enkeltpersonsforetak, privatpersonar, bedrifter og offentlege verksemder kan ikkje få desse midlane.

I tillegg følgjer det av lov om pengespel at overskot frå pengespel skal gå til ikkje-fortenestebaserte formål. Det inneber at aktiviteten ikkje skal ha overskot som formål, og at formålet ikkje skal generera forteneste til dei som driv aktiviteten. Det blir derfor ikkje gitt middel til bedriftsutvikling og næringsverksemd.Eit prosjekt blir kjenneteikna ved at det er eit tiltak som har eit avgrensa omfang, og blir gjennomført éin gong for å nå eit gitt mål innanfor ein gitt tids- og ressursramme. Prosjekt er med andre ord ein mellombels innsats med ein tydeleg start og slutt. Det blir ikkje gitt driftsmiddel over denne ordninga.

Kven bestemmer over midla

Middel til å fremja hestesport, hestehald og avl blir forvalta av Landbruksdirektoratet etter fullmakt frå Landbruks- og matdepartementet (LMD).

Korleis vert midla lyst ut

Midla blir lyste ut ein gong i året via ordningssida Midler til å fremme hestesport, hestehold og avl på Landbruksdirektoratets nettsider. Midla vil lysast ut på våren når overskotet til Norsk Rikstoto er vedtatt og rekneskapen er revisorgodkjent.

Meir informasjon om korleis du kan søkja om midlar finn du du på ordningssida.


 

Retten til innsyn

Innsyn er retten til å få tilstrekkeleg og relevant informasjon om saker som blir behandla av offentleg forvaltning. Innsynsretten gjeld alle tilskotsordningar, og skal skapa tillit til statleg forvaltning. Innsynsretten skal bidra til at borgarane får tilstrekkeleg, relevant og god informasjon om saker som blir behandla og avgjord av styresmaktene. eInnsyn er søkjetenesta som gir ein enkel og open tilgang til mellom anna dokument, saksnummer og postjournalar som blir behandla av offentleg sektor.

Merk at innsynsretten blir avgrensa av rimeleg tidsbruk, noko som betyr at Landbruksdirektoratet kan gi avslag på kravet om innsyn dersom det totale kravet om innsyn overskrid ei saksbehandlingstid på tre timar.

  • Alle kan be om innsyn, også andre søkjarar. Alle som ber om innsyn, har rett til å vera anonyme.
  • Som hovudregel skal offentlege verksemder gi innsyn i alle dokumentet og innhald i desse, med mindre det er avgrensingar i offentleglova.
Døme på opplysningar som er halde unna offentleg innsyn

Dokumentet som inneheld denne typen opplysningar kan direktoratet avslå kravet om innsyn heilt eller delvis.

  • Teiepliktige opplysningar er halde unna offentleg innsyn. Teiepliktige opplysningar kan vera personlege forhold av til dømes økonomiske eller sosial karakter, men også bilete av personar der det ikkje ligg føre samtykke. Me oppmodar derfor til å ikkje bruka bilete av personar, og spesielt barn, i søknaden.
  • Næringsopplysningar av ei viss betydning, som ikkje er alminneleg kjend, er også halde unna offentleg innsyn. Opplysningar om organisasjonsøkonomien og budsjett bør derfor ikkje leggjast ved i ein søknad om midlar.
Sentrale lover og paragrafar