Skader frå skogbrann blir ikkje dekt av naturskadeerstatningsordninga, men skog kan forsikrast privat.

Skogeigar sin eigenberedskap ved skogbrann og skogbrannfare

Dei fleste skogbrannar kan enkelt sløkkjast i tidleg fase. Om skogbrannar får utvikle seg fritt, kan dei utarta til store, komplekse hendingar som kan truge liv, helse og materielle verdiar over store område. Skogeigar er ofte først på brannstaden. Det er viktig å forsøkje å avgrense storleiken på brannen, fram til brannvesenet kjem med bistand. Slik mellombels skadeavgrensing må skje på ein måte som tek omsyn til helse, miljø og tryggleik (HMS).
Sjå tiltaksoversikt for skogeigar sin eigenberedskap mot skogbrann lengre ned på sida.

Handtering av skogbrann i Noreg

Førebygging og handtering av skog- og utmarksbrannar i Noreg baserer seg på eit samvirke mellom kommunane og staten. Nedkjemping av brannar er ansvaret til kommunane, gjennom lokale brann og redningsvesen. Politiet har ei viktig rolle, særleg dersom brannar trugar liv og helse. Statsforvaltarembeta bidrar til regional samordning av innsats frå ulike aktørar, og staten gir nasjonal bistand ved behov. Slik hjelp kan vere skogbrannhelikopter med leiarstøtte, mannskap frå Sivilforsvaret og Heimevernet, organisering av hjelp frå naboland eller EU. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er nasjonal brannstyresmakt. Rolla inneber at DSB har brannfagleg ansvar, forvaltningsansvar og tilsynsansvar, men direktoratet har inga instruksjonsmynde over brann- og redningstenesta i kommunane.

Plikt til å førebyggje brann

Etter brann- og eksplosjonsvernlovens §5 har alle plikt til å vise alminneleg aktsemd og opptre på ein slik måte at brann, eksplosjon og andre ulykker blir førebygde. Ved brann, eksplosjon eller andre ulykker pliktar alle straks å underrette dei som er utsette for fare, og ved behov varsla naudalarmsentral. Det same gjeld ved overhengande fare for ei slik hending. Alle som oppheld seg nær ein brann, eksplosjon eller anna ulykke pliktar etter evne å gjera det som er mogleg for å avgrense skadeverknadene.

Følg med på skogbrannfareindeksen

Følg med på Skogbrannfareindeksen (Meteorologisk institutt)

Tiltak ved svært stor skogbrannfare
  • Varsle skogbrannfare med plakatar og infomateriell ved skogsbilvegar, rasteplassar og innfartsårar
  • Sørg for sikringsradio/ jaktradio er oppladd ved inngang til skogbrannsesongen, og ha han med i skogen.

Sjå Skogbrand forsikringsselskap sine nettsider for bestilling av varslingsmateriell.

Tiltak for skogbrannberedskap på eigen eigedom

I periodar med stor skogbrannfare:

  • Ver varsam eller unngå skogtiltak som kan setje fyr på skog, til dømes
    • markriving
    • kantslått
    • køyring med kjetting over stein/ berg, da dette kan slå gnistar
    • vegbygging (gravemaskinskuffe som slår mot stein gir lett gnistar)
  • Unngå tiltak i område som er vanskeleg tilgjengelege
  • Vel tidspunkt for tiltak: brannrisikoen er minst morgon og kveld
  • Prioriter aktivitet i fuktige område ved stor skogbrannfare
  • Ha spesiell vaktsemd for brann etter torevêr. Etter lange tørkeperiodar vil ikkje alltid regnet som følger med torevêr vere tilstrekkeleg til å forhindre at det tar fyr. Det kan ulme lenge i skogbotnen før det tar fyr etter fleire timar, eller neste dag når bakken turkar opp etter uvêret. Du kan følgje lynnedslag på eigen eigedom, på Meteorologisk institutt sine nettsider for lynnedslag.
  • Varsle straks brannvesenet på telefonnummer 110 ved branntilløp.Gi tydelege opplysningar om staden der det brenn.

Sjå Skogbrand forsikringsselskap sine nettsider for retningsliner for skogsdrift og skjøtsel i skogbrannsesongen.

 

Sørg for å ha utstyr for å sløkkje skogbrann lett tilgjengeleg

Relevant utstyr til eigenberedskap for skogeigar/ gardbrukar:

  • Vatningskanne med spreiehovud
  • Skogbrannstrykar (ev. felle eit lite lauvtre). Kvel flammer eller børst brennbart materiale tilbake i brannområdet. Ikkje slå på flammene!
  • Vatndunk (Ha dunkar ferdig fylte med vatn i sesongen, for når det brenn er tida knapp. Hugs at det tek tid å fylle vatn med hageslange. Tid er avgjerande for rask sløkking).
  • Spade
  • Motorsag/ kombikanne/ verneutstyr/ øks/ tømmersaks
  • Førstehjelpsutstyr
  • Lett presenning til oppdemming av bekkar (for tilgang til vatn i felt)
  • Ryggtåkesprøyter /batteridrivne høgtrykksspylarar (4ah batteri varer ca. ½ time, effektiv spreiing- og lågt forbruk av vatn. Lett å frakte).
  • Tilhengar/ ATV/ Jernhest ferdig pakka i skogbrannsesongen
  • Straumaggregat med enkle vasspumper for slangeutlegg
  • Lauvblåsar (for å blåse flammene tilbake i brannfeltet; blir ikkje brukt i innleiande fase, da det kan verke mot hensikta)
  • Vatn kan fraktast i snøskuffer på traktorlasteapparat. Bruk lettpresenning som lokk.
  • Vurder å fylle vatn på andre behaldarar som kan fraktast, t.d. gjødselvogn o.l.

Sjå Skogbrand forsikringsselskap sine nettsider for bestilling av beredskapsmateriell.

Skogeigar sitt ansvar etter brann

Etter skogbrann er skogeigar ansvarleg for vakthald. Brannen skal vere sløkt før ansvaret går over på skogeigar. Ei avtale bør etablerast mellom leiar av brannvesenet og den som har ansvaret for vakthald etter brann (skogeigar). Her finn du retningsliner for pålagt vakthald.

Kostnad til vakthald er inkludert i skogbrannforsikringa. Få alltid skriftleg dokumentasjon (papir eller SMS) frå brannsjef om at brannen er sløkt, med kva tid/ dato skogeigar overtek ansvar for vakthaldet frå og kor lenge vakthaldet skal vara. Her finn du eit døme på ei avtale om vakthald.

For å få erstatning for vakthald krevst dokumentasjon. Les meir om kva du skal gjere etter skade på Skogbrand sine nettsider.

Først på skadestaden

Begynn sløkkingsarbeidet med tilgjengelege ressursar. Når det først har tatt fyr, er tida heilt avgjerande for kva moglegheiter ein har til å sløkkje ein skogbrann med enkle tiltak. Skogeigarar bør difor ha sløkkjeutstyr lett tilgjengeleg i skogbrannsesongen. Ha skogbrannstrykarar, vatningskanner og anna utstyr tilgjengeleg. Viss ein skogbrannstrykar ikkje er tilgjengeleg, brekk/ hogg eit lite lauvtre på ca. 2 meter og fjern kvistar nedanfrå til du sit igjen med ein «dusk» i toppen. Dette er ein særs effektiv reiskap om han blir brukt som ein feiekost (skogbrannstrykar) på brennande materiale. Børst/ fei flammane tilbake i brannområdet og prøv å kvele elden ved å stryke over flammane. Ikkje slå på flammane; det tilfører oksygen og gir næring til brannen. Hagekanner og bøtter kan gjere god nytte, viss vatn er tilgjengeleg. Elles er ryggtåkesprøyte og batteridrivne høgtrykksspylarar effektive i den tidlege fasen.

Er de fleire på brannstaden, så fordel tilgjengelege ressursar på kvar side av elden. Ikkje møt elden i front. Treng elden ned mot botnen av ein tenkt trekant, til elden blir sløkt.  Skogbrannsløkking er farleg arbeid. Vis største aktsemd og kom deg ut av området før flammane omringar deg.

Sørg for tilstrekkeleg ettersløkking og vakthald. Ved skogbrann vil det brenne i jordsmon, tyristubbar, maurtuer med meir, og berre litt vind kan få elden til å flamme opp att.

Bygdelag og nabogardar bør avtale korleis eigenberedskapen best kan varetakast i ferietid og elles når det ikkje er folk til stades på eigedomane.