Jordleigeundersøkinga 2024

Tabellen under viser årets gjennomsnittlege jordleigeprisar på landsbasis for ulike utleigeføremål og endring frå 2023-tala. Tala er basert på innrapporterte gjennomsnittsprisar frå kommunane, som så er vekta med kommunanes leigde jordbruksareal. Dei må lesast med dette atterhaldet.

Her kan du lese meir om jordleigeundersøkinga 2024

 
Kr/daa2024Endring siste år
Grasdyrking2717
Korndyrking4027
Potetdyrking6628
Grønnsaker/bær846-8
Innmarksbeite724
Utmarksbeite10-6

Se tallgrunnlag for tabellen og tidligere år

Gjennomsnittsprisane på jordleige i Noreg har i hovudsak gått opp samanlikna med fjoråret. Prisane på leige av jord til dyrking av gras, korn, potet og innmarksbeite har auka. Jordleigeprisane for grønsaker og bær og utmarksbeite har gått ned.

Svarprosenten er i år auka frå 82 til 89 prosent. Datagrunnlaget er difor sikrare i alle regionar. Likevel er det slik at enkeltkommunar påverkar resultata betydeleg. Årlege endringar bør tolkast med varsemd, mellom anna fordi tal frå nye kommunar påverkar gjennomsnittet.

Figuren under viser årlege endringar i gjennomsnittsprisen på landsbasis for dei enkelte utleigeformåla, målt i kroner per dekar. Til liks med fjoråret er endringane i årets undersøking små. Landbruksdirektoratet reknar difor med at prisnivået i undersøkinga no er meir korrekt enn i tidlegare år.

Grafisk fremstilling av tabellen over

I 2022 gjekk dei registrerte prisane på grønsaksjord kraftig ned, mellom anna som følgje av endringar i datagrunnlaget. Også den store nedgangen i pris for potetdyrking i 2021 hadde samanheng med datagrunnlaget.

Figuren under viser gjennomsnittsprisar per utleigeføremål på landsbasis frå 2020 til 2024. Snittprisane på gras-, korn- og potetdyrking er relativt stabile, men har auka det siste året. Det same gjeld prisar på jord til innmarksbeite. Prisane på grønsaksjord er også stabile etter endringa i 2022, men svakt søkkande.

Grafisk fremstilling av tabellen fra lenken under

Tallgrunnlag

Indeksutvikling

Tabellen under viser indeksert utvikling i jordleigeprisane frå 2023 til 2024. Indeksen er rekna ut med utgangspunkt i middelverdiane for god jord, og basisåret er 2000 (2000=100). Landbruksdirektoratet sine årlege undersøkingar viser altså at det er potetjord som har stige mest i pris, relativt sett, sidan år 2000.

Indeks 2000 = 10020232024Endring i %
Grasdyrking1241272,5%
Korndyrking1511531,9%
Grønnsak-/bærdyrking149148-0,9%
Potetdyrking1641661,2%
Innmarksbeite89945,9%

Se tallgrunnlag for tabellen og tidligere år

Figuren under viser indeksert prisutvikling frå 2010 til 2024.

Grafisk fremstilling av tabellen fra lenken over

Gjennomsnittspriser per region for de enkelte produksjonene

Normalt er det større endringar i gjennomsnittsprisane regionvis enn på landsbasis. Særleg for andre produksjonar enn korn og gras kan det være få kommunepriser som inngår i den regionale snittprisen. Regionprisen er difor sårbar for endringar frå år til år.

Grasdyrking
Tabellen under viser prisar på leige av god jord til grasdyrking i kroner per dekar i 2024, fordelt på geografiske område.

Prisane er oppgitt i kroner per dekar.

Austlandet
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris150311
Høgaste pris 300450
Endring i middelpris frå 202332
Vestfold og Telemark/Agder
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris109267
Høgaste pris300450
Endring i middelpris frå 2023-10-6
Rogaland
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris050
Middelpris303484
Høgaste pris500750
Endring i middelpris frå 2023-252
Vestlandet
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris63181
Høgaste pris200500
Endring i middelpris frå 2023-140
Trøndelag
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris106235
Høgaste pris200319
Endring i middelpris frå 2023-192
Nord-Noreg
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris5291
Høgaste pris500500
Endring i middelpris frå 202317-12

Prisen for jord til grasdyrking held seg omtrent stabil i årets undersøking. Gjennomsnittsprisen ligg på same nivå som han har gjort sidan 2017, med unnatak av ein relativt høg pris i 2020 som truleg hadde samanheng med datagrunnlaget det året. I årets undersøking er det 8 fleire kommunar som har oppgjeve prisar på jord til gras enn i 2023.

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til grasproduksjon frå 2020 til 2024.

Grafisk fremstilling av tabellen i lenken under

Tallgrunnlag og historiske tall

I Rogaland har gjennomsnittsprisen stige med 52 kroner per dekar det siste året. Prisene har stige vesentleg i nokre kommunar i fylket, og elles er dei stabile. Også i Trøndelag har prisene stige, men der tilbake til nivået dei låg på mellom 2020 og 2022. Elles er det berre mindre endringar i tala.

Det er stor geografisk variasjon i etterspurnad etter grasareal. I enkelte kommunar kostar det over 1000 kroner per daa å leige jord på gode areal, medan slike areal vert leigd ut utan vederlag andre stader. Mange stader er det god nok betaling i seg sjølv at jorda vert heldt i hevd, eller ein betalar med andre tenester som drenering/grøfting, gjerdehald, brøyting, kjøt eller ved.

Korndyrking
Tabellen under viser prisar på leige av god jord til korndyrking i kroner per dekar i 2024, fordelt på geografiske område.

Prisane er oppgitt i kroner per dekar.

Austlandet
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris248424
Høgaste pris350850
Endring i middelpris frå 20231421
Vestfold og Telemark/Agder
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris181386
Høgaste pris350650
Endring i middelpris frå 2023-15-5
Rogaland
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris350475
Middelpris456614
Høgaste pris500750
Endring i middelpris frå 20233-7
Vestlandet
 Dårleg jord God jord
Lågaste pris00
Middelpris70138
Høgaste pris170300
Endring i middelpris frå 2023-75-74
Trøndelag
 Dårleg jord God jord
Lågaste pris0150
Middelpris191331
Høgaste pris250400
Endring i middelpris frå 2023-38-3

Gjennomsnittsprisane på jord til korndyrking har auka på Austlandet og i Trøndelag, medan dei har gått ned i andre regionar. Det er i desse to regionane her storparten av matkornproduksjonen går føre seg. Prisauken i desse områda kan ha samanheng med at det har vore auka interesse for og støtte til å dyrke matkorn dei siste åra.

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til kornproduksjon frå 2020 til 2024.

Grafisk fremstilling av tabellen i lenken under

Tallgrunnlag og historiske tall

I regionen Vestfold og Telemark og Agder er gjennomsnittsprisen ganske stabil, men har gått ned dei siste to åra. I Rogaland var det ei stor prisauke i 2022, som truleg hadde samanheng med datagrunnlaget. Det stabile prisnivået ein ser i undersøkingane dei siste åra er truleg meir presist, sjølv om datagrunnlaget her berre består av ei handfull kommunar. I regionen Vestlandet er det berre tre kommunar i Møre og Romsdal som har rapportert leigeprisar på kornjord.

Grønnsak-/ bærdyrking
Tabellen under viser gjennomsnittsprisar på leige av jord til grønsaks- og bærdyrking i kroner per dekar i 2024, fordelt på geografiske område.

Prisane er oppgitt i kroner per dekar.

Austlandet
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris850
Høgaste pris1 250
Endring i middelpris frå 2023-64
Vestfold og Telemark/Agder
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris758
Høgaste pris1 500
Endring i middelpris frå 202341
Rogaland
 God jord
Lågaste pris300
Middelpris1 268
Høgaste pris2 200
Endring i middelpris frå 202330
Vestlandet
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris447
Høgaste pris1 100
Endring i middelpris frå 202332
Trøndelag
 God jord
Lågaste pris300
Middelpris941
Høgaste pris1 750
Endring i middelpris frå 2023-109
Nord-Noreg
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris189
Høgaste pris500
Endring i middelpris frå 20231

På landsbasis har gjennomsnittsprisen for jord til grønsak- og bærdyrking falle svakt i fleire år etter eit toppunkt i 2019. I 2024 gjekk prisen ned med ca. 1 prosent frå fjoråret. 

På regionalt nivå er det enkelte vesentlege endringar. Generelt er variasjonen frå år til år i dei regionale snittprisane på grønsaksjord større enn på gras og korn, fordi det er færre kommunar som rapporterer prisar. Endringa er størst i Trøndelag. Her gjekk snittprisen ned fordi fleire av kommunane som rapporterte pris på grønsaksjord i 2023, ikkje har gjort det i år. Resultata for Austlandet varierer kraftig, men snittprisen har gått litt ned.  

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til grønsak- og bærproduksjon frå 2020 til 2024.

Grafisk fremstilling av tabellen fra lenken under

Tallgrunnlag og historiske tall

Potetdyrking
Tabellen under viser gjennomsnittsprisar på leige av jord til potetdyrking i kroner per dekar i 2024, fordelt på geografiske område.

Prisane er oppgitt i kroner per dekar.

Austlandet
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris696
Høgaste pris1 000
Endring i middelpris frå 202326
Vestfold og Telemark/Agder
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris743
Høgaste pris1 500
Endring i middelpris frå 202329
Rogaland
 God jord
Lågaste pris300
Middelpris673 
Høgaste pris1 033
Endring i middelpris frå 2023-12
Vestlandet
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris533
Høgaste pris1 000
Endring i middelpris frå 2023165
Trøndelag
 God jord
Lågaste pris300
Middelpris605
Høgaste pris1 200
Endring i middelpris frå 2023-117
Nord-Noreg
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris160
Høgaste pris350
Endring i middelpris frå 2023-10

Til liks med prisane for grønsaker og bær varierer snittprisane for leige av jord til potetproduksjon mykje frå år til år på grunn av få observasjonar. I 2024 har mengda svar auka frå 77 til 81. Gjennomsnittsprisen nasjonalt har auka med 8 kroner per dekar, men det er variasjonar mellom regionane.

I Trøndelag steig snittprisen ned med 144 kroner per dekar i 2023. Årsaka var først og fremst ei ny svarkommune med eit høgt prisnivå. I år har han gått ned igjen med 152 kroner per dekar.  Vi vurderer prisnivået i regionen i 2024 som meir presist, etter samtaler med dei aktuelle kommunane. I alle dei andre regionane unnateken Rogaland har prisane auka, men endringane er små. I regionen Vestlandet har berre to kommunar rapportert prisar på leigejord til potetdyrking.

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til potetproduksjon frå 2020 til 2024.

Grafisk fremstilling av tabellen fra lanken under

Tallgrunnlag og historiske tall

Beite

Tabellen under viser gjennomsnittsprisar på leige av jord til innmarksbeite og utmarksbeite i kroner per dekar i 2024, fordelt på geografiske område.

Prisane er oppgitt i kroner per dekar.

Austlandet
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris822
Høgaste pris23350
Endring i middelpris frå 202310-8
Vestfold og Telemark/Agder
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris7134
Høgaste pris250140
Endring i middelpris frå 2023-2-5
Rogaland
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris18518
Høgaste pris40050
Endring i middelpris frå 202318-28
Vestlandet
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris221
Høgaste pris15010
Endring i middelpris frå 2023-6-2
Trøndelag
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris601
Høgaste pris21025
Endring i middelpris frå 2023-6-12
Nord-Noreg
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris212
Høgaste pris25030
Endring i middelpris frå 202320

Gjennomsnittsprisen for innmarksbeite har auka med 4 kroner per dekar. Mengda svar har totalt auka frå 221 til 246, så datagrunnlaget er forbetra betydeleg, og truverdet til resultata er styrkt. Det er i år, som i fjor, regionale forskjellar i utviklinga på innmarksbeite. Medan prisen har auka på Austlandet, Rogaland og Nord-Noreg, har han sokke i dei tre andre regionane. Spesielt i Rogaland har han auka, men der har mengda svar til gjengjeld også auka. 

Gjennomsnittsprisen på utmarksbeite har gått ned med 6 kroner per dekar. Den totale mengda svar var i år på 123. Det vanlegaste er at areala vert leigd ut vederlagsfritt, nokon stader mot andre gjenytingar, til dømes gjerdehald. Medan det i fjor var fleire kommunar der ein betalte to- og tresifra prisar per dekar, er det færre av dei i år, som truleg har påverka snittet. Igjen skil Rogaland seg ut, med ei kraftig nedgang i forhold til fjoråret.   Det kjem truleg av at ei kommune som låg på tresifra priser i fjor ikkje har sendt inn tal på utmarksbeite i år, samt at dei nye kommunane har låge prisar.

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til innmarksbeite frå 2020 til 2024.

Grafisk fremstilling av tabellen i lenken under

Tallgrunnlag og historiske tall