Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Klimarådgjeving

Gjeld søknad om godkjenning av rådgjevingsopplegg.

Kven kan søkje?

Verksemder (organisasjonar eller enkeltpersonføretak) som ønskjer å yte teneste med klimarådgjeving for jordbruksføretak, kan søkje.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje om

Du kan søkje om godkjenning av rådgjevingsopplegg for å drive klimarådgjeving. 

I organisasjonar som har klimarådgjevarar tilsett, treng ikkje kvar enkelt rådgjevar levere søknad. Organisasjonen kan levere ei samla liste med namn og skildring av rådgjevingsopplegg.

Kort om ordninga

  • Klimarådgjeving er eit rådgjevingsopplegg for bonden som skal ta føre seg ein heilskapleg gjennomgang av utslepp og opptak av klimagassar på garden.  
  • Rådgjevarar og rådgjevarorganisasjonar må vere registrerte i Landbrukets Dataflyt for å bruke Klimakalkulatoren. 
  • Rådgjevarar må ha relevant fagleg kompetanse.  
  • Dette er ei treårig prøveordning som inneber at ordninga vil bli evaluert, og dette kan føre til endringar.  

Klimakalkulator 

  • Klimakalkulatoren som er utvikla av «Klimasmart Landbruk», er eit godt eigna verktøy for ein gjennomgang av klimaavtrykket av drifta. Klimakalkulatoren vil vere tilgjengeleg for alle gardbrukarar som har produksjonsdata registrert i dataflyt. Så sant brukaren gjev tilgang til deling av data for sitt føretak, vil vedkomande kunne nytte klimakalkulatoren saman med den rådgjevaren som føretaket ønskjer å bruke.   
  • Per i dag kan klimakalkulatoren nyttast til utsleppsutrekningar for mjølkeproduksjon, gris og korn. Etter planen skal kalkulatoren etter kvart kunne takast i bruk for fleire produksjonar.  

Rådgjevingsopplegg 

  • Ein kan få tilskot til éin-til-éin-rådgjeving og grupperådgjeving. Rådgjevarar kan velje om dei vil tilby begge rådgjevingsformene eller berre éin type rådgjeving.   
  • For føretak som ikkje nyttar Klimakalkulatoren, skal det utarbeidast ei oversikt med nøkkeltal for drifta. Sjølv om bruket ikkje har registrerte opplysningar i Klimakalkulatoren, kan ein gjennomgang av «Demobruk Melk/Gris» likevel vere nyttig som inspirasjon.  
  • Tiltaksplanen frå Landbruksdirektoratet skal fyllast ut som ein del av rådgjevingsopplegget.
Utfylling av søknad

Skjema

Det finst ikkje eit eige skjema for å søkje godkjenning av rådgjevingsopplegg. For å søkje må du sende eit søknadsbrev i fritekst.  

Søknaden må innehalde dette:   

  • kven som skal stå for rådgjevinga   
  • skildring av relevant erfaring og kompetanse for å drive klimarådgjeving  
  • plan for rådgjevingsopplegget som er tenkt gjennomført, anten til éin til éin og/eller grupperådgjeving  
  • skildring av korleis tiltaksplanen skal inkluderast i rådgjevingsopplegget  

Tiltaksplanen er eit skjema som skal fyllast ut av rådgjevaren i samarbeid med bonden.  

Sende søknad

Send søknaden med vedlegg på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no. Du får stadfesting på at søknaden er registrert, på e-post.

Behandling av søknaden

Mottak

Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom direktoratet treng meir informasjon, kan dei be om dette.

Behandling 

Landbruksdirektoratet behandlar søknaden.  

I behandlinga legg Landbruksdirektoratet vekt på at 

  • Rådgjevinga stimulerer til kunnskapsoppbygging hos bonden om klimagassutslepp, karbonbinding og klimatilpassing, med sikte på å få gjennomført klimatiltak i jordbruksproduksjonen på sitt føretak.   
  • Rådgjevingsopplegget omfattar ein heilskapleg gjennomgang av utslepp og opptak av klimagassar på garden, som synleggjer moglege klimatiltak. Vurdering av tiltak for klimatilpassing skal også inngå i opplegget.  
  • Rådgjevingsopplegget omfattar utfylling av tiltaksplanen. 
  • Rådgjevingsopplegget inkluderer bruk av Klimakalkulatoren, men dette er ikkje eit krav.   
  • Det skisserte opplegget gjev god formidling av klimaavtrykket til landbruket og tolking av utsleppstal.
Svar 

Svar

Du får svar på søknaden på e-post, normalt to veker etter at søknaden er motteken.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

Kontinuerleg

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet ved Martina Skjellerudsveen.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk