Før du fyller ut og leverer søknaden, må du ha sett deg inn i regelverket som gjeld for deg og din produksjon. Det er også lurt å lese om kva slags informasjon du skal registrere i søknaden, slik at du kan finne fram informasjonen du treng til utfyllinga, på førehand.
- Føretak som har søkt tidlegare
Du bør undersøkje om det har skjedd endringar i regelverket eller tilskotsordningane du søkjer tilskot for, før du søkjer. Les meir i søkjerettleiinga for produksjons- og avløysartilskot og i kommentarar til forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket.
For å kunne søkje må du ha elektronisk ID som du kan bruk til å logge inn via Altinn (anten MinID, BankID, Buypass, Commfides eller BankID på mobil), og tilgang til å sende inn søknad på vegner av føretaket.
Dersom du søkjer for første gong, tilrår vi at du tek kontakt med kommunen i god tid før søknadsfristen. Dei kan rettleie deg om søknadsprosessen og hjelpe deg med førebuingane.
To ting må vere på plass før du skal søkje for første gong:
- Føretaket ditt må vere registrert i Einingsregisteret (ha organisasjonsnummer) seinast innan søknadsfristen. Dette bør gjerast i god tid før søknadsomgangen startar.
- Du må ha elektronisk ID som kan brukast til å logge inn via Altinn (MinID, BankID, Buypass, Commfides eller BankID på mobil) og tilgang til å sende inn søknad på vegner av føretaket.
I tillegg er dette viktig:
- Føretaket ditt er registrert med ei undereining (verksemd). Dette kan du søkje opp sjølv på nettsidene til Brønnøysundregistera.
- Alle nye søkjarar bør kontakte kommunen for å få hjelp til å knyte føretaket til ein landbrukseigedom (driftssenter) i Landbruksregisteret.
- Nye mjølkeprodusentar må sørgje for at føretaket (organisasjonsnummeret) som søkjer om produksjonstilskot, er det same føretaket (organisasjonsnummeret) som disponerer mjølkekvota på teljedatoen 1. mars (del 1) og 1. oktober (del 2). Kontakt Landbruksdirektoratet om du er usikker på om kvota er rett registrert på føretaket ditt. Ved brukarskifte i mjølkeproduksjonen rundt teljedatoen 1. mars eller 1. oktober må både ny og gammal brukar melde frå til meieriet i god tid før brukarskiftet skal skje, slik at rett føretak står registrert med kvota på teljedatoen.
- Husdyrprodusentar som driv økologisk, må vere knytte til kontrollordninga til Debio på teljedatoen 1. mars (del 1) og 1. oktober (del 2). I databasen til Debio på nettet kan du søkje opp kva for godkjenningar som er registrerte for føretaket ditt.
- Planteprodusentar som driv økologisk, sørgjer for å vere knytte til kontrollordninga til Debio når vekstsesongen startar. I databasen til Debio på nettet kan du søkje opp kva for godkjenningar som er registrerte for føretaket ditt.
- Søkjarar som har dyr av bevaringsverdig rase må sørgje for at dyra er registrerte i høvesvis Kuregisteret, Sauekontrollen, Ammegeitkontrollen eller er stambokførte og har hestepass på teljedatoen 1. oktober for å kunne søkje om tilskot for dyr av bevaringsverdig husdyrrase (del 2 av søknaden).
- Dersom du skal søkje om tilskot gjennom ei undereining til eit føretak for første gong, må du ta kontakt med kommunen før du skal søkje. Dette gjeld til dømes skular som har organisasjonsnummer som er undereiningar til organisasjonsnummeret til fylkeskommunen.
Sjå også informasjon om oppstart og brukarskifte mellom teljedatoane under trinn 2: Utfylling av søknad.