Rapportere om bruken av vakt- og administrasjonstilskot til veterinærdekning
Rapporteringa dannar grunnlag for kontroll av om midlane er nytta etter føresetnadene for tildelinga, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd.
Hugs søknadsfristen
Kven skal rapportere?
Kommunar som administrerer vakt- og administrasjonstilskot til veterinærdekning for eitt eller fleire vaktområde, skal rapportere til Landbruksdirektoratet om bruken av tildelte midlar for førre tilskotsår.
Om prosessen:
Før du rapporterer
Kva du skal rapportera
Du skal rapportera om bruken av tildelt vakt- og administrasjonstilskot for førre kalenderår, og då for perioden frå og med 1. januar til og med 31. desember. Du skal rapportera samla for heile vaktdistriktet, ikkje for kvar enkelt kommune i vaktdistriktet.
Kort om ordninga
I desember tildeler Landbruksdirektoratet vakt- og administrasjonstilskot til veterinærdekning for etterfølgjande kalenderår til kommunane ut frå fastsett vaktinndeling og vaktopplegg. Fastsett vakt- og administrasjonstilskot per administrasjonskommune går fram av vedlegg til vedtaket.
Tildelinga føreset at vakttilskotet blir brukt til å godtgjera veterinærar på vakt, og at administrasjonstilskotet blir brukt til å dekkja utgifter ved administrasjon av veterinærvakta. Unytta administrasjonstilskot kan brukast til godtgjersle for vakt. Unytta vakttilskot kan ikkje brukast til å dekkja utgifter ved administrasjon av veterinærvakta
Det er Landbruksdirektoratet som fastset vaktinndelinga, det vil seia inndelinga av landet i vaktområde. Ansvaret for å administrera dei ulike vaktområda er lagt til ulike administrasjonskommunar, og det er desse kommunane som får vakt- og administrasjonstilskotet for det eller dei vaktområda dei administrerer. Kommunane treng ikkje å søkja om desse tilskota for å få dei.
Dette bør du førebu
Finn fram vedtak om vakt- og administrasjonstilskot til veterinærdekning for førre kalenderår.
Sjå også opplysningar om fordeling av vakt- og administrasjonstilskot for førre kalenderår på veterinærtenester.
Finn fram rekneskapsopplysningar for førre kalenderår som dokumenterer bruken av vakt- og administrasjonstilskot for førre år.
Utfylling av rapport
Skjema
Til rapporteringa skal du nytte følgjande skjema som krev innlogging via ID-porten. Du treng ingen spesiell tilgang for innlogging:
Rapporteringsfristen er 1. april.
Når du har sendt inn rapporteringa, får du kvittering på e-post som inneheld opplysningane du sende inn. Du kan rapportera så mange gonger du ønskjer innanfor fristen.
Du skal ikkje leggja ved rapporteringa dokumentasjon. Av den grunn kan du ikkje laste opp vedlegg til skjema.
I skjemaet skal du registrere
- om de brukte opp heile vakttilskotet
- eventuelt vakttilskot som ikkje vart brukt
- om de brukte opp heile administrasjonstilskotet
- eventuelt administrasjonstilskot som ikkje vart brukt
- om de brukte noko av vakttilskotet til andre formål enn å godtgjera veterinærar på vakt.
- viss ja – oppgi beløp og kva formål dette gjaldt
- om de brukte noko av administrasjonstilskotet til andre formål enn å dekkja utgifter ved administrasjon av veterinærvakta, og eventuelt til vakt
- viss ja – oppgi beløp og kva formål dette gjaldt
I skjemaet kan du også registrere
- om kommunane i vaktområdet ditt brukte kommunale midlar til å godtgjera veterinærar på vakt, administrera veterinærvakta og sørgja for tilfredsstillande veterinærtenester førre år
- viss ja – oppgi totalbeløp
- kor mange veterinærar vaktområdet ditt har inngått vaktavtale med
Behandling av rapport
Mottak
Når Landbruksdirektoratet har fått rapporteringa, blir opplysningane du har sendt inn, sjekka. Ved behov kan direktoratet be om meir informasjon.
Behandling
Landbruksdirektoratet går gjennom opplysningane i rapporteringa for å kontrollere om midlane er nytta etter føresetnadene for tildelinga.
Svar og tilbakekrevjing
Viss kontrollen av opplysningane i rapporteringa viser at vakt- og administrasjonstilskotet er nytta etter føresetnadene for tildelinga, sender me ikkje ut noko svar på rapporteringa.
Viss kontrollen viser at vakt- og administrasjonstilskotet ikkje er brukt opp i kalenderåret dei er tildelte for, vil midlane som ikkje er brukte opp bli kravde tilbakebetalte. Grunnen til dette er at vakt- og administrasjonstilskot er rammetilskot som ikkje kan overførast til etterfølgjande kalenderår.
Viss kontrollen viser at heile eller delar av vakt- og administrasjonstilskotet ikkje er brukt i samsvar med vilkåra for å få dei, kan dei krevjast betalt tilbake. Unntaket er tilskotsmidlar som er brukt til vakt og administrasjon av veterinærvakt på slutten av kalenderåret, vanlegvis i desember, og som forfell til betaling i byrjinga av det etterfølgjande året, vanlegvis i januar.
Ved tilbakekrevjing av tilskotsmidlar sender Landbruksdirektoratet ut førehandsvarsel, og gir kommunane høve til å uttala seg før kravet blir sett i verk.